Vendepunkt for heile Europa, tida for naiv utanriks­politikk er omme

GJESTEKOMMENTAR: Global oppvarming, varm krig og iskaldt politisk klima skaper nye politiske realitetar. Tida for naiv utanrikspolitikk er omme.

Krigen i Ukraina viser tydeleg korleis fridomsstatar står mot krigsstatar – og at EU, som i koronakrisa, har vakse fram som ein mektig og samla internasjonal aktør.
Publisert: Publisert:
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

«Zeitenwende» (historisk vendepunkt), kalla den tyske forbundskanslaren Olaf Scholz det då han som følgje av Russlands angrepskrig lanserte ein historisk ny tryggingspolitisk kurs for Tyskland. No vil Tyskland bruke mykje meir på militæret.

Ifølgje journalisten og forfattaren Fareed Zakaria fører Russlands krig til den største omkalfatringa av verdspolitikken sidan Berlin-murens fall i 1989. Som eit lyspunkt i alt det mørke kan eit mogleg utfall av krisa på sikt bli eit meir samla EU, og det vil kunne gje dei liberale demokrativerdiane ny kraft globalt, peiker Zakaria på.

Nye premiss

Det er langt fram dit. I dag riv dei brutale realitetane på bakken sløret bort frå naive og røyndomsfjerne haldningar og gjev nye premiss for politikken. Dei følgjande fortolkingane bør verte politiske premiss.

1

Fridomsstatar står mot krigsstatar

«Either you are with us, or you are with the terrorists», sa den amerikanske presidenten George W. Bush i talen han heldt i Kongressen etter 11. september-terroren i 2001. I endå større grad enn den gongen er ei todeling i dag på sin plass. På den eine sida har vi fridomsstatar som respekterer nasjonal sjølvråderett, fridom og demokrati. På den andre sida står krigsstatar og deira allierte som vil hindre utbreiinga av desse verdiane. I land som Russland, Kvite-Russland og også Kina er fridom til eige folk eller nabofolk trugande verdiar om det er i Ukraina, Hongkong eller Taiwan.

Rasjonell analyse, dialog og forhandlingar må spele ei like viktig rolle som før. I nordområda må vi bidra til å halde spenningsnivået nede.

Men politikken må ikkje vere naiv; Russland er ein livsfarleg nabo. Dei som relativiserer «vår» side ved å late som om fridomsstatar på den eine sida og krigsstatar og diktatur på den andre sida er to alen av same stykke, bør konfronterast: Kor tillitsverdige er de som har slike analysar?

2

EU blir meir dynamisk

Ukraina ønskjer å bli med i EU og Nato, men innser at Nato-medlemskap no ikkje er realistisk. EU har opna for ein prosess som kan gje medlemskap. Dagens situasjonen synleggjer behovet for alliansar. Militært viser Nato sin eksistensrett for alle som vil sjå. Men også EU si rolle i å koordinere dei ulike europeiske landa og skape ei felles handlekraft har vore viktig i den første fasen av krigen.

Den skarpsynte nederlandske historikaren og politiske tenkjaren Luuk van Middelaar såg under koronakrisa eit nytt og meir dynamisk EU ta form. Medan EU-leiarane tidlegare var mest opptekne av å diskutere kva som stod i dei juridiske avtalane og av rettsleg kompetanse, tvinga dei dramatiske hendingane fram ny politisk handlekraft. Meir enn før responderte EU-leiarane direkte på hendingane og krav frå befolkninga. Eit dynamisk EU avløyste det formalistiske EU. Koordineringa av sanksjonane mot Russland har vitna om det same.

Utfordringane i kjølvatnet av krigen er enorme. I tillegg til tryggleiken gjeld det som før energi og miljø, forutan den veksande flyktningkrisa og dei økonomiske følgjene. Dei gigantiske utfordringane gjer det meir naudsynt enn nokon gong at statane kombinerer eigeninteressa og fellesinteressene. For å få det til har EU ei nøkkelrolle.

3

Alliansehaldning viktigare som partisak

Utanrikspolitikk har spela andrefiolin i norsk politikk dei siste åra. No ser vi kor viktig han er.

Om vi studerer partiprogramma, ser vi tre typar haldningar til Nato og EU. Senterpartiet, Frp, KrF, MDG og Ap er for Nato, men mot eller utan klar haldning til EU. SV og Raudt er mot både Nato og EU.

Det er verdt å merke seg at det berre to parti i dag er tydeleg for både Nato- og EU-medlemskap. Det er Høgre og Venstre.

Naiv norsk venstreside

Parti som SV og Raudt har hamna på villspor i sine analysar. Russland har jo ikkje endra karakter over natta. Tonen i partia sine program relativiserer Vestens verdigrunnlag. I SVs prinsipprogram heiter det til dømes: «Nato ruster offensivt opp [og er] dominert av USAs utenrikspolitiske interesser, og fungerer som et redskap for å fremme vestlige økonomiske og utenrikspolitiske interesser, mer enn en sammenslutning som skal hindre krig.»

Raudts røyndomsforståing kjem i arbeidsprogrammet til uttrykk slik: «Den sterkt auka militære aktiviteten frå USA og Nato i nordområda utgjer ein trussel mot det viktige og gode naboskapet vårt med Russland.»

Regjeringa, med Senterpartiet og Arbeidarpartiet, opnar på si side no jamvel for å svekkje vår noverande tilknyting til EU ved å dra i gang eit stort prosjekt for vurdere alternativ til EØS – dei vil sjå på alt anna enn medlemskap som alternativ til EØS.

Når det røyner på

Dei noverande krisa syner at solidariske, internasjonale organisasjonar er viktige. I den daglege politikken kan dei ha vore meir i bakgrunnen, og vi er ikkje alltid merksame på rolla deira.

Det er slik Olav H. Hauge seier i det korte diktet «Sleggja»:

Eg er berre
ei sleggje.
Eg stend der no.
Eg lyt berre til
når det røyner på.

Det røyner på i Europa no. Vi treng gode sleggjer.


Publisert: