På’an igjen

KOMMENTAR: Er det oss, vi, alle og kven som helst, som igjen må vera levande smittestopparar? Det er det.

Regjeringa varsla tysdag kveld inngripande tiltak for å få ned koronasmitten. Her ved helseminister Ingvild Kjerkol (Ap)
  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:

Eg har vore skeptisk lenge nå. Når smittetala stig, men dei fleste vaksne er vaksinerte, når helsevesenet slit, men ikkje berre på grunn av koronaen, når det har blitt vanleg, på eitt slags vis, å bremsa folk både i kvardagsliv og festliv og skule og arbeid, kjem dei som styrer for lett til å innføra slike tiltak igjen? Kjem for mange av oss for lett til å ropa på det? Toler vi ingen risiko i måten vi lever på lenger?

Vi rapporterer nærmast i sanntid, alle vi som jobbar i media. Fordi vi kan. Men at vi gjer det, er i seg sjølv med på å driva opp dramatikken. Dag for dag med koronatal, rekordsmitte, innlagte. Og snart kjem influensaen. Influensaen? Den er vel ikkje på lista over alvorleg smittsame sjukdommar, sjukommar ein kan setja i verk inngripande tiltak for å hundra at spreier seg?

Nei. den er ikkje det. Koronaen er det, men høge koronasmittetal aleine skal ikkje vera nok til å påleggja oss å stå som virus-stopparar i butikk-køen igjen Ikkje så lenge talet på innlagde på sjukehusa haldt seg lågt.

Og viss politikarane lenge har latt kapasiteten på sjukehusa vera for låg, lenge har visst at intensivkapasiteten nok bør opp, skal dei då kunna bruka oss og våre kvardagsliv for å bøta på skaden manglande politikk kan ha ført til?

Dessutan, er det nå så sikkert at vi vanleg friske under 65 bør få den tredje dosen vaksine? Gjer ikkje den betre nytte i fattigare land som står nesten utan vaksinar? Så viruset ikkje får så god tid på seg til å driva og mutera?

Alle dei spørsmåla bør få stå, sjølv om vi nå finn fram meter og munnbind og tel over nærkontaktane igjen. Særleg det med vaksinar til andre land. For sidan tiltaka grip inn i kvardagen vår og får praktiske konsekvensar, så blir det lett til at vi ikkje kjem til dei spørsmåla som ligg så langt ute, men som til sjuande og sist er heilt avgjerande for at kvardagen vår skal få vera i fred for politikarar og fagfolk og stadig nye variantar av koronaviruset. Det er ikkje over før det er over overalt.

Men eg høyrde det jo, tysdag kveld, kva dei sa på koronapressekonferansen. Det er tunge nok grunnar til dette. Til ein ny runde inngripande tiltak. Over 300 er innlagde, det er like mange som toppmånadane april 2020 og april 2021. Det er altså ikkje berre smittetala som stig, det er også kor mange som blir innlagde på sjukehusa våre. Og omikronvarianten toppar det heile. Vi veit for lite om den ennå, seier fagfolka, Camilla Stoltenberg og dei. Vi veit for lite til å kunna la vera å prøva å dra ned tempoet den får smitta oss i. Det ser ikkje ut til at den gir meir alvorleg sjukdom. Men det er heller ikkje sikkert at den gir mindre alvorleg sjukdom. Viss det siste gjeld, når den smittar så mykje kjappare enn gode, gamle delta (ja, sånn har det blitt) så kan det bety at endå mange fleire også blir så alvorleg sjuke at dei treng sjukehushjelp. Så mange at helsetenestene våre ikkje strekk til, for alle som treng det. Difor blir vi innkalte til smittestoppteneste igjen

Det er til å forstå. Eg har ingen kunnskap som kan utfordra det.

Det blir meter, avstand, heimekontor, munnbind. Konsekvensar for uteliv og kulturliv. Det blir innført i fire veker. Det skal vurderast etter to.

For det kan koma gode nyheiter også. Gjer det det, skal politikarane kjapt be oss tre av igjen. Det kan vera at omikronen er mindre farleg. Så mykje mindre farleg at færre hamnar på sjukehus.

Og mens vi står der, skal vi ikkje, og må vi ikkje, slutta å stilla spørsmål ved kor grensene skal gå, kor mykje føre var ein skal få vera, kor lite risiko som skal tolast. Og kor mange vaksinedosar vi eigentleg sender til andre land.

Om vi klarer det? Vi klarer det. Begge delar. Både å stå der, og å nekta å bli vant til det. Vi skal ikkje bli vant til det. Ikkje denne gongen heller.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Testet positivt? Dette gjør du

  2. Skamslått Borgli vil gå nye runder om huset i Oalsgata

  3. Konen var skeptisk da de ringte fra «Mesternes mester»: – Hun hadde aldri sett meg grine før

  4. Har du lagt merke til er at kampropet «ubuntu» er borte. Hva skjedde?

  5. Stavanger-investorer sprøyter penger inn i e-sport-satsing - vil ikke røpe beløpet

  6. Folk for­tjener bedre og sanne svar fra en olje- og energi­minister midt i en strøm­krise