Kor blei kulturen av?

KOMMENTAR: Få dagar før lettinga av koronatiltak, snakkar ingen om kulturlivet. Utelivsbransjen er tydelegvis langt betre på politisk grunnarbeid enn kulturbransjen.

Kulturminister Anette Trettebergstuen (Ap) og spørsmål rundt tiltaka i kultursektoren har vore fråverande i debatten om lemping på koronatiltak den siste tida.
Publisert: Publisert:

Kva overraska tidlegare kulturminister - og kulturpolitisk nykomar - Abid Raja (V) aller mest ved kulturlivet? At dei kunne så lite om pengar og politikk. Ifølgje Raja forstår ikkje kulturorganisasjonane grunnleggjande mekanismar i politikken og er langt dårlegare enn andre i lobbyverksemd, påverknad og kontakt med politikarane på Stortinget og i regjeringsapparatet.

– Representantane for kulturorganisasjonane er gode på å få oppslag i media. Men skal du få politisk gjennomslag til slutt, finst det masse andre ting du må gjera. Du må jobba lenge og målretta inn mot det politiske miljøet, sa Raja då eg intervjua han etter valet i oktober i fjor.

Som vanleg i tilfellet Raja, registrerte eg mest kritikk frå kulturfolk som reaksjon på påstanden. Men eg er redd han hadde eit poeng.

Kampen om dagsorden

Denne veka skal regjeringa justera på dei strenge koronatiltaka. Presset for å lempa på tiltaka har bygd seg opp over fleire veker. Men mens ein i desember både snakka om fortvilinga i kulturbransjen og utelivsbransjen, som nok ein gong måtte ta den tyngste støyten, er det berre utelivsbransjen ein snakkar om fire veker seinare. Nå er «alle» plutseleg einige om at skjenkestoppen er for streng og at det er urimeleg at tusenvis av menneske i denne bransjen ikkje skal kunna gå på jobb.

Utelivsbransjen har, med andre ord, gjort strålande politisk grunnarbeid. Frå grasrota er det arrangert underskriftskampanjar og sikra medieoppslag. Oppover i gradene har NHO og Virke engasjert seg, mens interesseorganisasjonen for små og mellomstore bedrifter, SMB Norge, har varsla rettssak fordi dei meiner skjenkestoppen er ulovleg. Ap-ordførarar frå Oslo, Sandnes og Tromsø har meldt at dei vil ha slutt på skjenkestoppen. Det same har fagrørsla, Fagforbundet og LO – i tillegg til fleire andre politiske parti.

Utelivsbransjen har gjennomført ein særs vellukka og brei kampanje. Ein har lukkast i å setja dagsorden, stilt gode spørsmål ved tiltaka og bygd opp eit kolossalt politisk press frå mange hald for å få endringar.

Stille frå kulturlivet

Kva har skjedd i same periode i kulturlivet? Så godt som ingenting.

Mens statsministeren, finansministeren, helseministeren og utdanningsministeren i det siste har måtta svara på krav om lempingar i tiltaka i utelivsbransjen og utdanningssektoren, har kulturminister Anette Trettebergstuen (Ap) og spørsmål rundt tiltaka i kultursektoren vore så godt som fråverande.

I den grad det har vore nokon debatt om kulturlivet, har han ikkje handla om tiltaka, men om offentlege støtteordningar. Trettebergstuen (Ap) stilte til eit Facebook-møte med kulturbransjen 10. desember. Sidan er eit utkast til kompensasjonsordning for avlyste arrangement sendt på høyring. Ei stimuleringsordning for gjennomførte arrangement – som ikkje garanterer støtte og dermed inneber eit element av bingo – er innført. Ei ganske så dårlig «dagpengeordning» for frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande forlenga.

Les også

Setter av 300 millioner til ny stimuleringsordning

Les også

Stor usikkerheit i kulturlivet

Les også

Kulturens juleknipe: Avlyse eller gjennomføre?

Fagleg grunnlag?

Men kvifor er det ingen som diskuterer om restriksjonane i kulturlivet har noko for seg? Styresmaktene har fått kritikk for ikkje å kunna svara på effekten av å hindra folk i å ta eit glas vin til maten. Men har dei noko betre svar på effekten av å berre kunna ha 50 personar til stades på eit kulturarrangement?

Finst det noko fagleg dokumentasjon på at kulturarrangement har bidrege til smittespreiing? Ikkje som eg veit. Tvert om har kulturarrangørar gjennom snart to år vist seg som svært dyktige i å gjennomføra arrangement med effektivt smittevern.

Kvifor er det ingen som spør kva som er det faglege grunnlaget for talet 50? Det er berre lov å ha 50 publikummarar på innandørs arrangement med faste sitteplassar – og 20 om publikum står. Kvifor akkurat dei tala – som Norge er heilt aleine om?

Tenk på eit tal

I Danmark, Italia, Holland og Belgia er alle innandørs kulturarrangement ulovlege nå. Men i alle dei landa som framleis tillèt kultur, opererer ein med frå 200 (Skottland) til 5000 (Tyskland) sitjande publikummarar – gjerne i kombinasjon med kapasitetsavgrensingar. I Polen kan ein maks ha 30 prosent publikumskapasitet – og munnbind er obligatorisk. I Spania kan ein ha 80 prosent kapasitet – men ein krev vaksinepass.

Kvifor skil ikkje Norge mellom rom som tek 1400 publikummarar og rom som tek 200? Om ein kan halda ein meters avstand, burde det vel vera plass til fleire i Fartein Valen-salen i Stavanger konserthus enn på Spor 5?

Om poenget var å hindra at mange folk samlast, kvifor er det ingen avgrensingar for kjøpesenter, der tusenvis kan samlast kvar dag?

Og når ein nå snakkar om dei tusenvis i utelivsbransjen som ikkje får gå på jobb på grunn av restriksjonane, kvifor er det ingen som snakkar om alle dei som ikkje får gå på jobb i kulturbransjen?

Kvifor blei det ingen debatt om at kulturjobbar tydelegvis ikkje har same verdi som andre jobbar? Om at ein heil bransje ligg nede og at det kanskje er på tide å letta på restriksjonane nå?

Er det fordi kulturlivets organisasjonar ikkje er gode nok på politisk grunnarbeid, påverknad og lobbying?

Publisert: