Myten om ei fattig norsk fortid før vi fann olje og gass

GJESTEKOMMENTAR: Mykje er investert i forteljinga om ei fattig fortid – av dei som vil ta æra for rikdommen.

Ja, olje- og gass­inntektene har gitt Noreg svært store inntekter. Men ville vi ha vore eit fattig land utan dei? Her arbeid med Undheim bru i 1901.
  • Klaus Mohn
    Klaus Mohn
    Rektor og professor, Universitetet i Stavanger
Publisert: Publisert:
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Kor mange har ikkje høyrt at før i tida, då var me fattige då! Men så kom vasskraft og industri – og ikkje minst oppdaginga av oljen. Resten er historie – om vekst og velferd. Dette er velkjente knep. Framgangen me alle har vore ein del av gjer så mykje sterkare inntrykk om utgangspunktet var fattigdom og elende.

Så gale var det visst ikkje

Men no tek historikarar bladet frå munnen: – At Noreg var fattig på 1800-talet er ein myte, seier professor Jan Eivind Myhre ved Universitetet i Oslo. Noreg før i tida kan ikkje utan vidare jamførast med Noreg i dag. Om ein skal samanlikne, så må ein gjere det med passande land på same tida i historia. Og då ser biletet annleis ut.

Spesielt gjeld dette om ein trekkjer fram andre indikatorar enn økonomisk verdiskaping. På 1800-talet stod det norske samfunnet sterkt på område som kunnskap, samhald, fridom og stabilitet. Her finn ein forløparar til det ein i dag omtalar som den norske modellen. Når myten om at Noreg var fattig i tidlegare tider er så vanskeleg å utrydde, så skuldast det at mange har investert mykje i den, hevdar Myhre. Spesielt gjeld dette dei som vil ta æra for rikdommen.

Ottar Brox har samanfatta dette på treffande vis: «Nokon har behov for ei fattig fortid.»

Frå oskeladd til oljesjeik

I nyare tid er det den norske oljeverksemda som kanskje oftast får æra for å ha redda oss frå fattigdommen. Sjølvsagt er det rett at oljeverksemda står bak omfattande næringsutvikling, høg sysselsetting, stor verdiskaping og enorme inntekter dei siste 50 åra. Spesielt gjeld dette langs kysten, der ringverknadane har vore spesielt store. Men Oljefondet tilhøyrer oss alle, og utgjer i dag over to millionar kroner per innbyggar. Dermed er det ei enkel øving å sette framveksten av den norske velferdsstaten i samanheng med utvinninga av olje og gass frå norsk kontinentalsokkel.

Spørsmålet er likevel om me i utgangspunktet var så fattige som mange vil ha det til.

Eit anna spørsmål er kor ille det kunne gått om me ikkje hadde oppdaga olje og gass under den norske havbotnen. Og har ikkje medaljen ei bakside? Kva for utfordringar kan den raske auken i olje- og gassverksemda ha forårsaka, som sjeldan eller aldri blir nemnde i slike samanhengar?

På 1960-talet var inntektsnivået per innbyggar i Noreg om lag på gjennomsnittet for vestlege land. Sjølv med ein litt svakare økonomi enn Danmark og Sverige, var Noreg eit moderne, industrialisert land i Europa, med demokrati og parlamentarisme, med organisasjonsrett og sentraliserte lønsforhandlingar, veletablert lovverk og robust rettsvesen, og med gode system for kunnskapsutvikling og forvaltning. Kort sagt, eit rimeleg sunt land med solide institusjonar.

Godt utgangspunkt for oljeforvaltning

Om ikkje dette hadde vore tilfelle, så hadde me heller ikkje lukkast så godt i utvikling og forvaltning av olje- og gassverksemda. For om ein samanliknar Noreg med land som er rike på naturressursar andre stadar i verda, så er det nettopp særmerka våre som skil oss frå mange andre land som driv med oljeutvinning. Der har resultatet gjerne blitt økonomisk stagnasjon, kapitalflukt, hjerneflukt, utbyting, korrupsjon, konsentrasjon av makt og vanstyre. Ei hovudforklaring bak suksessen med oljeverksemda vår er dermed at vårt utgangspunkt var betre enn for dei fleste.

Ingeniørorganisasjonen Tekna har fått skrive i stein kor viktige ingeniørane har vore for landet. Denne bautaen over seg sjølve har dei fått reise i Jåttåvågen i Stavanger, der dei store betongplattformene vart bygde.

Det neste spørs­målet er kor mykje oljen skal få æra for. Interes­sene rundt olje- og gass­verk­semda har vore spesielt ivrige i å minne om kor store pengar som kjem inn, kva olje­verk­semda rep­resen­terer av verdi­skaping og kor store delar av stats­budsjet­tet som kan dek­kast av enkelte delar av olje­inn­tek­tene. Men også av regjeringa og underliggande etatar blir ut­vin­ning omtalt som produksjon, om­plassering av formue til verdi­skaping og Statens pensjons­fond ut­land blir kalla Oljefondet.

Les også

Klaus Mohn: «I slaget om san­ninga blir språket stadig meir viktig, sær­leg når store verdiar står på spel»

«Utvikle, ikkje avvikle»

Inntrykket som har fått feste seg, er at oljeverksemda har kritisk betyding for dagens velferdssamfunn, at olje- og gassaktiviteten må haldast ved lag, og at stagnasjon, nedbygging eller avvikling kan føre til massearbeidsløyse og avvikling av velferdssamfunnet. Ikkje så rart kanskje, at politikarane svarar «utvikle, ikkje avvikle». Samstundes har Statistisk sentralbyrå demonstrert at ei gradvis nedbygging av norsk oljeverksemd ikkje vil reise store makroøkonomiske utfordringar.

Sjølv om oljeverksemda har fristilt store økonomiske verdiar og auka potensialet for forbruk i både privat og offentleg sektor, så er ikkje utviklinga heilt utan utfordringar. Me sit att med fleire tilsette og eit større forbruk i offentleg sektor enn i våre naboland. Industrien som ikkje leverer til olje- og gassnæringa, har tapt terreng, blant anna som følgje av høge løner og kostnadar. Desse trekka kan bli krevjande for oss når aktiviteten i oljeverksemda vender nedover og næringslivet må omstillast til konkurranse utan særvilkår og superlønsemd.

Alt i alt er det sunt med ein god porsjon skepsis når særinteresser skapar sine eigne historier for å styre korleis me tenker og legg premissar for politikken. Om ein ikkje møter slike historier med varsemd, faktabasert forsking og uavhengig innsikt, så risikerer ein å ende opp i ein fattigdom som er verre enn desse historiene åtvarar om.

Følg på Twitter: @mohnitor


Faktisk.no: Hvor fattig var Norge for hundre år siden?

Publisert: