Kan ein konkurrera i empati?

KOMMENTAR: Det finst dei som trur menn er dårlege på empati. Fordi dei ikkje er kvinner.

Sterk interesse for andres følelsar treng ikkje føra til empati.
Publisert: Publisert:
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Eg søkte meg ofte til mennene sin ende ved bordet, når dagen var dårleg. Eg blei ikkje sjelegranska der. Eit blikk, berre, som såg korleis det stod til, for så å flytta seg, gjera plass, utan å krevja svar. I den andre enden av bordet, der eit par kvinner regjerte, blei det gjerne veksla blikk. Løfta på augebryn. Gjort krav om innsyn. Som om det fanst ein slags kontrakt. «Vi ser det står dårleg til – fortel oss kvifor. La oss få del i historia di.»

Vi var alle pasientar. Eg søkte mot dei eg fann mest empatiske i flokken. Viss ein nå skulle tenkja at empati er å oppfatta andres følelsar – eller tilstand, om du vil – og gå rett vidare til «kva treng dette mennesket?».

Brutale arenaer?

«Hva skjer med et samfunn når empati brukes som rettesnor? Gutter og menn kommer dårligst ut, mener islandsk stjerneforfatter.» Det er inngangen til eit intervju i Aftenposten denne veka. Stjerneforfattaren det er snakk om, er debutanten Frida Isberg. Romanen ho har skrive, er ein dystopi. På Island, ein gong i framtida, har dei begynt å testa om folk har anlegg for empati og medkjensle, eller for umoral og asosial oppførsel. Dei som er testa, blir merka. Testen fører til konflikt og polarisering.

«Aggresjon, usikkerhet, konkurranse og hierarki preger mange av arenaene unge gutter har. Det gjør dem mindre empatiske. Det gjør det også vanskeligere for andre å ha empati med dem,» seier forfattaren.

Isberg viser til at fleire menn enn kvinner tar sjølvmord, dei har dei mest risikofylte jobbane, dei lever kortare, dei fyller fengsla, dei gjer det dårlegare på skulen, dei er oftare ufrivillig barnlause, og dei er endå meir einsame enn kvinner.

Ho legg til at ho sjølv har innsikt i korleis det er å vera tenåringsgut, for ho har ein yngre bror. Ho ser ein brutal og einsam verkelegheit.

I romanen skal det etter kvart bli tydeleg at den tradisjonelle mannsrolla og eigenskapane ein forbind med den, toler endringane dårleg.

«Det var viktig for meg å vise frem», seier Isberg i intervjuet. «At disse egenskapene gir dårlige forutsetninger for å lykkes.»

Alvorlege problem

Blant unge i Oslo er det fleire jenter enn gutar som oppgir at dei blir mobba, fleire jenter seier dei har opplevd kjipe ting på nettet, fleire jenter tar smertestillande. Frå før veit vi at fleire unge jenter oppgir å kjenna seg deprimerte, fleire jenter blir alvorleg stressa av skulepress, kvinner har høgare sjukefråvær enn menn, dei tener mindre, og blir oftare uføretrygda.

Men eg trur ikkje vi like lett legg årsakene til alt dette i eigenskapar som kjenneteiknar kvinnekjønnet. Eg trur ikkje ein gong vi vil gå dit.

Hundrevis av år med kvinneundertrykking og eit halvt hundreår med kvinnekamp har lært oss litt om å sjå etter mektige strukturar, etter haldningar og ordningar bak problema.

Men går det ennå an å knyta menns alvorlege problem til mannlege eigenskapar? Og viss vi gjer det, kan menn eigentleg protestera med særleg styrke? Det kan fort stadfesta at dei ikkje forstår problema ved eiga rolle og makta bak eige kjønn. Og det var jo det vi sa.

Kven bestemmer dette?

Eg trur at mange jenter også veks opp på ganske brutale arenaer. Der følelsane deira blir tolka og sette i spel av andre jenter. Brukt til å dra dei til seg, for så å støyta dei ut igjen, akkurat i det dei kjende seg trygge. Kjennskap til andres følelsar kan vera informasjon du kan bruka for å oppnå det du sjølv treng eller vil. For å halda oppe eigen status, for å skinna, eller for å unngå å bli den utstøytte. Eller for å halda gruppa på plass. Det er ikkje sikkert det passar å vera for glad, ha det for bra, eller gå sine eigne vegar. Også det kan truga gruppa.

Dei arenaene Isberg ser som gutane sine, drivne av konkurranse og aggresjon, kan også vera arenaer for leik, for utløp for frustrasjon, kanskje ein fristad for det som elles måtte vera vanskeleg. Kanskje med rom for fleire, utan at det først blir sjekka om det forstyrrar den sosiale balansen i gruppa.

Eg skriv meg langt inn i den same merkinga som Isberg, eg ser det. At menn lar deg vera i fred, kan jo også vera å velja enklaste utveg. Sjølvsagt bruker ikkje alle jenter andres følelsar som ein slags hobby. Sjølvsagt treng ikkje sterk interesse for andres følelsar føra til empati. Og sjølvsagt kan ein ikkje enkelt fordela eigenskapar i to haugar, etter kjønn.

For viss alle fedrar som står i timevis ute på fotballbanane og trener eigne og andres barn, viss alle fedrar som drar dei tyngste trallene gjennom alle 17. mai-tog, viss legar og lærarar og sjefar og bedriftseigarar som tar seg tid til dei som treng litt ekstra, viss mannlege medpasientar som ser at nå treng du litt fred og lar vera å gi seg sjølv kred for å ha sett akkurat det, viss alle desse blir med i bildet, så ville ikkje menn ganske enkelt tapa når det var empati det stod om.

Men det kjem sjølvsagt an på kven som får definera kva empati er, kven menn er, og kva som er årsaka til menns problem. Utan at andre hevar augebryna.

Publisert: