Stille ved grensene

KOMMENTAR: Vi veit det jo. At det er stille ved våre grenser, betyr ikkje at flyktningkrisa er over. Men det har gjort det lettare for oss å leva med den.

Historia om Artin gjer det vanskelegare for oss å plassera oss sjølv på ei heilt anna side.
  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:

Artin, 15 månader, rakk såvidt å læra seg nokre få ord før livet hans var over. Morgonen 27. oktober 2020 drukna han. Heile familien hans omkom, mor Shiva, far Rasoul, storesyster Anita på ni, storebror Armin på 6. Dei var på flukt. Dei hadde vore det lenge. Frå ein liten, fattig by nordvest i fjella i Iran, Sardasht. Forholda i Sardasht gjekk frå vondt til verre då Donald Trump sa opp atomavtalen med Iran, og gjeninnførte økonomiske sanksjonar. Det ramma dei som hadde minst frå før hardt.

Les også

Artin (15 måneder) funnet død i sjøen ved Karmøy

Eit betre liv

Mor og far til Artin Irannezhad ville prøva å gi barna sine sjansen til eit betre liv. Målet var England, der Rasoul meinte det var best sjanse til å få seg ein jobb. Dei selde alt dei eigde, og flykta i månadsskifte mai/juni 2020. Kom seg til Tyrkia, blei der ein månad, kom seg til Hellas, men blei sende tilbake til Tyrkia, slik avtalen EU har med Tyrkia er. Andre gongen kom dei seg forbi, først til Italia, så til Frankrike, til ein ulovleg og elendig leir i Dunkerque, ved Den engelske kanal. Mange har prøvd seg den vegen. Dei har gøymt seg i og under trailarar, i tog og containarar, dei har prøvd å ta seg gjennom den undersjøiske tunnellen over til England. Mange, mange har døydd under forsøket.

Jo fleire fluktruter som blir stengde, jo farlegare ruter legg folk ut på. Slik familien til vesle Artin gjorde det. Dei prøvde å koma seg over havet, i ein liten fritidsbåt, seinhaustes. Båten kantra. Det skal ha vore eit tjuetals menneske ombord. Minst 15 blei redda. Men ikkje familien til Artin. Sjølv blei han ikkje funnen før levningane hans dreiv i land ved Karmøy 1. nyttårsdag. I ein redningsvest altfor stor til å kunna hjelpa eit så lite barn i kaldt hav. Først nå er han identifisert. Det blei ikkje prioritert veldig høgt i Frankrike å gjera det.

Det alle foreldre vil

Historia er hjarteskjerande. Fordi den er så djupt menneskeleg. Fordi dei har ansikt, namn, og draumar om eit leveleg liv. Fordi det er barn det handlar om.

Det er ikkje meir å drøyma om enn kven som helst av oss ville gjort. Det er ingenting kynisk ved valet deira om å leggja ut på flukt, dei hadde ikkje tenkt å koma og snylta på velferdsstaten vår, dei hadde ikkje tenkt å liggja andre lands folk til byrde, utnytta eit system, eller aktivt ta knekken på vårt demokrati. Rasoul og Shiva prøvde å koma seg til ein stad der dei trudde dei kunne skaffa seg eit levebrød. Det kosta dei livet.

Det er 80 millionar menneske på flukt i verda nå. Frå krig og kriser og katastrofer og fattigdom. Halvparten av dei er barn. Barn er alltid dei mest sårbare. Dei kjem bort frå familien sin, dei klarer seg ikkje sjølv, dei blir utnytta og misbrukte, dei blir sjuke, dei døyr. Dei mister ofte sjansen til skulegang og utdanning - som kunne hjelpt dei mot eit tryggare liv.

Grensevaktene

Vi snakkar lite om det nå. Svært få flyktningar står ved grensene våre. President Recep Tayyip Erdogan i Tyrkia, ein mann vi elles helst ikkje vil samanlikna oss med, når det gjeld måtar ein skal styra land og folk på, har blitt ein av grensevaktene våre. Under flyktningkrisa i 2016 inngjekk EU ein avtale med han, der «irregulære» flyktningar som tar seg vidare til Hellas, kan bli sende tilbake til han. Og for kvar syrar Hellas sender tilbake til Erdogan, skal Europa ta imot ein av syrarane som alt er i Tyrkia.

Nå er det fire millionar flyktningar i landet. Og forholdet mellom EU og Erdogan ganske kjøleg.

Den dødelegaste flyktningruta vi kjenner, er den frå Libya, over Middelhavet. I fjor mista 983 flyktningar livet der. Også der har vi grensevakter. Norge og EU støttar den libyske kystvakta sitt arbeid med å tvinga båtar og flyktningar tilbake til Libya. Sjølv om Libya er definert som utrygt for flyktningar av både FN, EU-kommisjonen og Den internasjonale organisasjonen for migrasjon. Frivillige organisasjonars søk- og redningsarbeid blir hindra og stoppa. Legar Utan Grenser ser skader etter tortur, etter uhygieniske forhold, etter underernæring og vald hos dei som har vore internert i Libya. I 2019 mista 44 flyktningar livet då eit interneringssenter der blei bomba.

«Mangel på søk- og redningsarbeid avskrekker ikke mennesker – det gjør bare risikoen de blir tvunget til å ta enda mer ekstrem»; skriv Legar Utan Grenser på sine eigne nettsider.

Det er ikkje alltid nærområda er så trygge. Sjølv om dei gjer det stillare ved våre grenser.

Å kjenna igjen seg sjølv

Så kva hjelper det å fortelja historia til Artin? Den gjer det vanskelegare for oss å plassera oss sjølv på ei heilt anna side. Den gjer det vanskelegare å laga våre eigne, enklare historier. Som at dei jo er lykkejegerar, folk som vil snylta på betre utvikla land, dei er kriminelle, eller kyniske foreldre som sender ungane ut aleine. Dei er noko heilt anna enn oss.

Familien til Artin var ganske like oss. Å kjenna igjen seg sjølv i andre, sjølv om livsvilkåra er ulike, vil eg påstå er grunnleggjande i eit demokrati. Å anerkjenna enkeltmenneska sin verdi likeså.

Å insistera på dette, løyser ikkje flyktningkrisa. Men det gjer deg heller ikkje til ein naiv godfjott, som meiner det berre er å opna alle grenser og sleppa alle inn. Like lite som det nødvendigvis gjer deg kynisk å meina at ikkje alle desse kan koma til Europa.

Det er 80 millionar menneske på flukt i verda. Halvparten er barn. Vi må klara å gjera liva deira tryggare. Artin var berre eitt av dei aller minste blant desse. Men han må telja med, likevel. Som menneske. Noko mindre går ikkje.

Det er ikkje nok å gjera det stille ved eigne grenser.

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. – Det gjer vondt å falla mellom to stolar. Særleg for den som er sjuk

  2. – Det er ikkje sikkert at vi som strengt tatt har mykje frå før, treng å få endå meir. Men det blir fort slik, likevel

  3. – Å, NRK! De må tola å få eit blåmerke eller to!

  4. – I det skjøre, politiske fellesskapet som oppstod etter 22. juli burde det nå vera høgresida sin tur til å gå opp og dra. Frp kan begynna.

  5. – Det der snakket om psykisk helse først? Fislete greier, Høie.

  6. – Kva hjelper det å fortelja historia til Artin?

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. Stortingsvalget 2021
  3. Solveig G. Sandelson
  4. Migrasjon
  5. Tyrkia