Store, sterke kommunen
KOMMENTAR: Kor skeivt kan maktforholdet mellom to partar bli før det går utover rettstryggleiken til den svakaste? Og hender det at Stavanger kommune reflekterer over slikt?
- Solveig G. SandelsonDebattredaktør


«Nora» ville eigentleg berre ha eit møte med kommunen. Ei unnskyldning, for at kommunen ikkje gjorde nok for å beskytta henne mot omsorgssvikten ho opplevde som barn. Ho fekk ikkje noko slikt møte. Sjølv om advokaten hennar hadde skrive eit brev på 11 sider til kommunen, med 33 vedlegg.
Hinder nummer 2
Kommunen vil ha alt skriftleg, nemleg. Dokumentasjon for at du har ein eller fleire skadar, dokumentasjon for at kommunen ikkje gjorde nok, ikkje greip inn, greip inn for seint, eller sette inn feil tiltak, og dokumentasjon som kan påvisa ein samanheng mellom skaden og det kommunen gjorde eller ikkje gjorde. For at du skal kunna ha rett på erstatning for ein tapt barndom. Det er hinder nummer to på vegen, for den som har tapt ein barndom, og søkjer erstatning. Eller berre søkjer å bli møtt. Det første hinderet skal vi koma tilbake til. Då Stavanger kommune fekk alt dette skriftleg, frå advokat Evelyn Egeli, avslo dei at «Nora» hadde rett på erstatning, og skreiv at dersom saka blei tatt vidare til retten, ville dei hevda at ingen ting var kommunen si skuld. Og om retten likevel kom fram til at kommunen var skuld i noko som helst, ville kommunen hevda at krava var forelda. Det med eit møte svara dei aldri på.
Hinder nummer 3
Ein kan jo trenga hjelp til å skaffa denne dokumentasjonen. Og pengar til å skaffa den hjelpa. Det er tredje hinder på vegen. For skal du få fri rettshjelp, er øvre inntektsgrense nå på 320.000 kroner viss du er einsleg, 490.000 for eit par. «Nora» er uføretrygda, og slik det var i fjor, låg ho akkurat over grensa for å få fri rettshjelp. Det er ikkje så vanskeleg å tenkja seg til at ei inntekt rett over desse grensene, ikkje gir mykje rom for å kjøpa seg advokathjelp. I praksis betyr det at du er avhengig av at ein advokat tar det pro bono – utan betaling. Kommunen, derimot, har advokatar blant sine tilsette.
Hinder nummer 1
Advokaten til «Nora», Evelyn Egeli, skildrar i eit innlegg i Aftenbladet ei velkledd, velstelt kvinne, som er svært skjør. Fleire gonger er advokaten i kontakt med behandlarane hennar. Ho er redd prosessen med å ta dette til retten skal skada henne meir enn det kan gjera godt. Fleire gonger må ho venta med å ta kontakt, fleire gonger blir «Nora» sjukare i etterkant av slike møte. Fleire gonger blir ho innlagt. Dette er det aller første hinderet på vegen: Viss omsorgssvikt i barndommen pregar deg så sterkt at du kan ha rett på erstatning for tapt barndom, er det sannsynleg at du er skjør og sårbar. At du kanskje ikkje har krefter nok sjølv. At du kanskje ikkje har eit godt nettverk rundt deg, som har dei kreftene. At det kan kosta deg det du har igjen av helse. At du ikkje toler at denne første delen av livet ditt skal løftast fram på dette viset.
Men «Nora» og advokat Egeli tar kommunen til retten, etter avslaget. Og «Nora» er med, med ein behandlar og ein terapihund. På dag to blir påkjenninga så stor at behandlaren grip inn, og «Nora» forlèt rettssalen. Ho blir i ettertid innlagt på psykiatrisk avdeling.
Hinder nummer 4, og så vidare …
Sør-Rogaland tingrett gir henne medhald. Dei dømmer kommunen til å betala henne 1,7 millionar kroner i erstatning, pluss sakskostnader. Kommunen sin påstand i tingretten, var at dei skulle frikjennast, at saka var forelda, og at «Nora» skulle dømmast til å betala sakskostnadene deira, på rett under 100.000 kroner. Det er ikkje obligatorisk å be om det siste. Her kjem hinder nummer fire, for andre som tenkjer på å ta ei slik sak til retten: Du kan enda som gjeldsslave.
Advokat Egeli purrar fleire gonger på kommunen i vekene etter at dommen falt 9. desember, og ber dei av omsyn til kvinnas helse om ikkje å venta for lenge med å melda frå om dei aksepterer dommen, eller vil anka.
Det tar likevel fleire veker og ei julefeiring før beskjeden kjem 5. januar: Kommunen ankar.
Nærmast på heile dommen, ser det ut til. Dei meiner saka er forelda, og dei trur ikkje dei to uavhengige sakkunnige har rett i sin påstand, verken om kva skade dei meiner «Nora» har fått, eller om denne kan skuldast noko kommunen har ansvaret for. Og sidan kvinna også har andre alvorlege helseproblem som vaksen, meiner dei at ho uansett ville vore i den situasjonen ho er i nå, uavhengig av kva kommunen gjorde eller ikkje gjorde då ho var barn. Kommunen vil forresten også ha med ein privat sakkunnig, sidan dei tvilar på at dei to uavhengige har gjort jobben sin godt nok.
Likebehandling?
«Hensynet til at alle skal behandles likt er avgjørende for kommunen, og i denne saken mener man at dommen er bygget på et så galt rettslig utgangspunkt at det var rett å anke», seier Oslo-advokat Terje Marthinsen til Aftenbladet. For kommunen har nå leigd inn ein advokat, i staden for å bruka sine eigne folk. Dermed går sakskostnadene endå meir opp, noko som kan bli velta over på uføretrygda «Nora», dersom kommunen skulle vinna fram i lagmannsretten.
Det er jo fint at kommunen vil at alle skal behandlast likt. Det går an å forstå det. Ein kunne til og med gå ut frå at akkurat det var noko kommunen hadde ganske langt framme, faktisk, som offentleg forvaltar. Som ein som kan vera ansvarleg for utsette barns oppvekst.
Ein kunne også tenkja seg at den same kommunen difor ville ta innover seg kor ulikt forholdet er mellom dei som saksøkjer kommunen for ein tapt barndom, og kommunen sjølv. I ressursar. Menneskelege, faglege, økonomiske, helsemessige.
At ein må bruka skjønn, for å kunna behandla alle desse likt. At ein må tenkja etter kor mange hinder ein sjølv skal setja opp på vegen, før det der snakket om likebehandling blir meiningslaust.
I Stavanger kommune sin praksis er det akkurat nå vanskeleg å få auga på nokon slike refleksjonar.
Les også
«Hvilket signal sender kommunen ved å gå frem på denne måten?»
Kvinnen ble tilkjent 1,7 millioner i erstatning – det vil ikke Stavanger kommune godta
– Å rope på nasjonale ordninger er en ansvarsfraskrivelse. Her må politikerne gripe inn
Alle erstatningskrav avslått: – Fryktelig tilfeldig og lite verdig
– For meg virker det ganske åpenbart at det ville vært til kommunens fordel å ikke anke
«Vi kan ikke ha det slik at sårbare mennesker skal tvinges gjennom rettssaker når kommunens omsorgssvikt er åpenbar»
Kommentator Solveig G. Sandelson
- KOMMENTAR
Hei! Nokon har lytta! Eit utval har lytta!
- KOMMENTAR
«Sjukehuset trudde dei ville gå bitte litt i pluss i februar. Kor kom den tanken frå?»
- KOMMENTAR
På SV sitt landsmøte diskuterer dei alt. Dei kan snakka eit demokrati i senk
- KOMMENTAR
- Du risikerer å døy ung, viss du får dårlege karakterar på ungdomsskulen. Hæ?
- KOMMENTAR
All næring dette barnet har trengt, kan det ha fått frå mor. Ikkje far
- KOMMENTAR
Rema 1000 frys samarbeidet med Sophie Elise. Det gjer ikkje NRK. For NRK er jo ikkje akkurat Rema. Eller?