Ein hyllest til hyttefolket

GJESTEKOMMENTAR: Far min si grøngule skuggehue frå Felleskjøpet er blitt trendy. Kven skulle trudd det? Då eg vaks opp, var det ikkje veldig kult å komma frå gard, i alle fall ikkje ein bratt og avsidesliggjande ein.

Bonden er blitt trendy, og sjakkstjerne Magnus Carlsen viser seg i klede frå Felleskjøpet. Hyttefolk og pandemi har ført by og bygd nærare kvarandre enn på lenge.
  • Heidi Hjorteland Wigestrand
    Heidi Hjorteland Wigestrand
    Frilansjournalist
Publisert: Publisert:

Eg er berre litt over femti, men det kjennest som eg har levd i over hundre. Eg vaks opp i ei fjellgrend som i praksis nesten var veglaus og utan fjernsyn til eg fylte tre. Me hadde nettopp tatt farvel med hest og utedo.

Då eg var lita, kledde folk seg ekstra fint før me ein sjeldan gong reiste i timevis med fjordabåten til den merkelege staden dei kalla Byen, der det alltid låg ein rar sus i lufta, og der dørbjøller klinga sprøtt. Byen var ein stad og ein tilstand, laaangt borte, der kartet ikkje stemte med det vesle terrenget mitt. For i byen kunne gamle damer med permanentkrøller drikka vin, heime gjekk dei krøllete damene på bedehuset og smaka aldri noko sterkare enn kamferdrops.

Byfolk fascinerte og forundra meg. Seinare har eg forstått at fascinasjonen gjekk begge vegar. Byfolk sin fascinasjon for bygda er på ingen måte ny. Pandemien har ført fleire urbane menneske utover landsbygda enn på lenge. Kanskje ikkje sidan krigen har Bygde-Norge i same grad vore tilfluktsstad for menneske i tettbygde strok. Pandemien og klimakrisa gjer at fleire lever meir kortreist enn før. Interessa for urbane kjøkkenhagar har auka kraftig, og bønder har begynte å laga produkt av eigne råvarer. Bonden og naturen er blitt trendy, og det handlar om røter. Dei fleste treng ikkje følgja slektsrøtene sine langt før dei støyter på den første bonden. I ei tid då hyttene er blitt det nye Syden og kontoret, er det ikkje grunn til å tru at kjærleiken til bygda vil kjølna med det første.

Då eg vaks opp, var hyttefolk framleis eit ganske sjeldan syn, men dei få eg møtte tykte alt var så skjønt.

Hyttemegtu, heimeblinde folk

Besteforeldra mine stuva seg saman i ein del av huset for å kunna ta inn påsketuristar som drog til indre Ryfylke med kokte egg på glas, nikkers og tobakk til dei innfødde. Dette var folk som hadde tid og råd til å ta «en tur på landet» i påsken. Byfolk betydde kjærkomne myntar til sukker og kaffi på krambua i eit liv som stort sett var tufta på naturalhushald.

Korleis såg desse påskefolka på bygdefolket og naturen dei levde i? Somme såg forfedrane mine gjennom fotografiapparatet. Slekta mi stilte seg alvorleg opp på rekke i mørke klede framføre kvernhusa og let seg avbilda av desse menneska som hadde råd og tid til å gå i naturen utan å arbeida i han.

Denne godhjarta og fornemme nikkersadelen var forløparane for dei mykje omtala hyttefolka, som i dag i tel langt fleire enn fastbuande i enkelte kommunar. For desse var det eksotisk å komma ut på landet og eta påskeappelsina til klangen frå ein løypestreng som enno var i drift.

Då eg vaks opp, var hyttefolk framleis eit ganske sjeldan syn, men dei få eg møtte tykte alt var så skjønt. Dei kunne falla i stavar over ein fjellformasjon, ein stad eg aldri hadde tenkt over, det var berre eit fjell i synsfeltet som alltid hadde vore der. Heimeblind som eg var. Då eg var liten, drog nesten ingen bønder på hyttetur, me hadde ikkje dei same auga å sjå med.

Då eg var lita, hadde krigen nettopp skjedd, i alle fall i fjellbygda vår. Me fekk høyra om ulovleg maling av korn, om kjøt som blei gøymt i urer og om svoltne byfolk det blei smugla mat til. Krigen knytte eit hemmeleg band mellom by og land.

Byfolk gav bonden nytt blikk

Dei første leveåra mine durte elvane veldig høgt. Det var før villskapen i vatnet blei temd for å skapa kraft i by og bygd. Både fastbuande og byfolk såg og høyrde dette vatnet som skulle skapa velstanden som sakte, men sikkert ville gjera oss meir like.

Ulla–Førre-utbygginga begynte å rumla i fjella då eg var tre–fire år, duren i vatnet blei mindre og fjellbygda vår fekk veg. Det gjorde at grunneigarar i området kunne leggja ut hyttefelt og spe på inntekta frå gardane. Slik kom hyttefolka for alvor inn i liva våre.

Byfolk snakka annleis, dei lukta annleis og dei interesserte seg for merkelege ting. Dei noterte kor langt dei hadde gått på ski og skreiv opp gamle stadnamn. På hytta fekk byfolk med kontorarbeid kontakt med sin indre sankar, bonde og snikkar då dei huka seg ned for å plukka bær, grava i molda eller snikra litt terrasse. Dei hadde tid til å gå på toppturar til dei høgdedraga innfødde berre strauk framom når dei skulle samla inn sauene for hausten. Byfolka gav bøndene nye auge å sjå heimtraktene sine med, og lærte bygdefolk kunsten å bli hyttefolk. For med betre økonomi kunne bonden òg omsider dra på tur i heia utan at ærendet var å jakta reinsdyr, leita etter sauer eller frakta høy ned frå ei uteløe.

Moderne stølsliv

Sjølv har familien min hytte der stølen stod. I varme og vasstette turklede kan me sitja i lyngen som andre byfolk og sjå på dei gamle steingardane og tenkja på budeiene som strevde med kyr og mjølk.

Banda mellom by og land blir sterkare og sterkare for kvar ny hytte som blir bygd. Rapportar viser at hyttefolk og bygdefolk stort sett lever godt i hop, trass i at interessekonfliktar av og til oppstår, som når hytteforbodet blei innført eller ny industri dukkar opp kloss i hytteveggen.

Hyttefolk får vanlegvis eit lidenskapeleg forhold til hytta si, dei betyr at dei også bryr seg om samfunnet og folka rundt. Desse deltidsinnbyggarane er med og held liv i butikkar. Dei er entusiastiske deltakarar på basarar, og dei abonnerer på lokalavisa. Byfolk er også med på landsbygdas kampar for hurtigbåten og rassikring.

Felleskjøpshua er eit bevis på at byfolk og bygdefolk er blitt meir like med åra. Fellesskapskjensla er styrka og forskjellane har minka på grunn av velstandsauke og internett, – men eg trur hyttefolket er den viktigaste nåla som syr saumen mellom by og land.

Les også

  1. – Eg trur koronakrisa har dunka liva til urbane menneske inn i ein rytme som minner meir om våre bygdeliv

Publisert:
  1. Hytte
  2. Gjestekommentar
  3. Koronaviruset
  4. Bygdeutvikling
  5. Fritid

Mest lest akkurat nå

  1. Testet positivt? Dette gjør du

  2. Konen var skeptisk da de ringte fra «Mesternes mester»: – Hun hadde aldri sett meg grine før

  3. Skamslått Borgli vil gå nye runder om huset i Oalsgata

  4. Har du lagt merke til er at kampropet «ubuntu» er borte. Hva skjedde?

  5. Stavanger-investorer sprøyter penger inn i e-sport-satsing - vil ikke røpe beløpet

  6. Folk for­tjener bedre og sanne svar fra en olje- og energi­minister midt i en strøm­krise