Det er to liv, er det ikkje?

KOMMENTAR: Den norske abortlova er ein skjør balanse mellom to liv. Er den balansen truga nå?

Regjeringa, her ved helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap), ber eit utval sjå på eventuelle endringar i abortlova.
  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Kommentator
Publisert: Publisert:

I 2017 brukte Erna Solberg (H) abortlova for å få meir makt. Som trekkplaster for å få KrF over på si side.

Endringane ho lufta for KrF gjekk på paragraf 2c. Om sjukdom og skader på fosteret som grunnlag for å ta abort etter veke 12. Det var ikkje fleirtal nokon stad for ei slik endring, heller ikkje i Solbergs eige parti. Ho fekk meir makt. Men 2c blei ikkje endra. Det blei derimot tvillingparagrafen, der uklart lovverk hadde gitt rom for å fjerna eitt av to friske foster utan å søkja ei nemnd om det.

Det var eit skilje. Det var den første endringa i abortlova sidan den kom i 1978. Og det var første gongen den openlyst blei brukt til politisk maktkamp.

Les også

Frekkheitas nådegåve

Historia

Abortlova kom som eit skjørt og skakt kompromiss, der såre, etiske dilemma ligg synlege for alle. Fram til veke 12 bestemmer kvinna sjølv, mellom veke 12 og 18 må ho søkja ei nemnd, og kan også møta til samtale med dei to legane som sit der. Det skal vera ein mann og ei kvinne, og ein av dei jobbar på den avdelinga på sjukehuset som utfører abortar. Etter veke 18 skal det svært tunge grunnar til for å få abort, som at fosteret ikkje er levedyktig.

Omsynet mellom dei to liva, kvinnas og fosterets, er søkt balansert gjennom at fosteret får sterkare og sterkare rettsvern jo lenger ut i svangerskapet ein kjem. Det er sårt, det er vanskeleg, det er livet lagt opent.

Til alle tider og i alle samfunnslag har kvinners kropp, seksualitet og ufødde barn kunna bli bestemt over av andre. Av mannen, soldaten, kyrkjelyden, moskeen, storsamfunnet. Det er det såraste i kvinnehistoria. Ei kvinnes liv og livsvilkår kan setjast til sides og gjerast mindre verd enn andre vaksne liv.

Men det finst eit lite liv til der. Utan eiga stemme. Kven skal beskytta det? Når er det eit liv med eige rettsvern? Abortlovas svar er at jo fleire veker gammalt, jo sterkare vern.

Les også

Abortlova: Høgres pirking i såret

Fallande aborttal

Aborttala i Norge går nedover, dei er historisk låge og fortset å falla. Folkehelseinstituttet meiner unges tilgang til prevensjon, ikkje berre kondom og p-piller, men også p-stav og hormonspiral, spelar ei avgjerande rolle, og også gjer at dei tar med seg gode prevensjonsvanar vidare.

10.841 svangerskap vart avbrotne i 2021, meir enn 95 prosent av dei før veke 12. 500 blei behandla i nemnd, 491 av desse blei innvilga første gong. Det er først og fremst risiko for skader eller sjukdom hos fosteret som er grunnen til det. Tilfella der kvinnas livssituasjon er avgjerande, er meir enn halverte sidan 2012, frå 276 avbrot til 112.

Bonanza

I åra etter Solbergs skamlause lefling med abortlova, og endringa den medførte, fekk vi ein slags abortdiskusjonsbonanza på mange partis landsmøte. MDG og Venstre vil fjerna nemndene, og gi kvinna sjølvbestemt abort ut veke 18. SV og Rødt vil fjerna nemnder heilt. Det betyr i praksis sjølvbestemt abort i alle fall fram til veke 22. SV bruker formuleringa «til fosteret er levedyktig». Med andre ord er fosteret utan eige rettsvern fram til det kan klara seg utanfor mors liv. Før det, ser SV berre kvinnas liv som liv.

Eg syns det blir å hoppa bukk over alt som er etisk vanskeleg, skjørt, og eigentleg uløyseleg. Det blir grunt. Det høyrest enkelt ut. Det er ikkje enkelt.

Høgre vil ta vare på lova slik den er, Frp fristiller sine folk i slike spørsmål, KrF vil ha ei ny og strammare lov. Regjeringspartia? Dei er opent ueinige. Sp vil behalda grensa for sjølvbestemt abort slik den er, men sjå på korleis nemndene og oppfølginga av kvinna fungerer. Ap er med på det siste, men vil helst fjerna nemndene og ha sjølvbestemt abort fram til veke 18.

Dilemma

Nemndene, dei to legane, skal både prøva å setja seg inn i heile situasjonen, leggja vekt på kvinnas eiga oppfatning, og til slutt avgjera om abort skal innvilgast.

Legespesialist Tilde Broch Østborg har skrive innsiktsfullt om den jobben i ein kronikk i Vårt Land. Som lege i nemnd skal ho blant anna forsikra seg om at kvinna ikkje er utsett for nokon form for press frå andre, ho skal forstå heile situasjonen, og leggja vekt på kvinnas eiga vurdering. Ho skriv om nervøse og redde kvinner, som skal leggja livet og livssituasjonen fram for henne, samtidig som ho avgjer lagnaden deira. Det maktforholdet, meiner Broch Østborg, gjer det vanskeleg å få til ein god nok samtale, med rom nok for tvil og usikkerheit.

Kanskje må ein gjera samtalen rådgivande, for at den skal bli god nok. Men er det den beste støtta for kvinna seinare? For då sit ho aleine med avgjerda til slutt, sjølv om ho kan få råd og støtte av legane. Eller treng ho, i ettertid, å vita at den endelege avgjerda låg hos helsepersonell? Kanskje andre enn dei ho fekk råd hos? Eg veit ikkje.

Balansen

Eit utval skal gå inn i dette nå. Både nemndenes funksjon, og kor langt retten til sjølvbestemt abort skal gå. Det er ikkje sikkert balansen i abortlova ryk ved veke 18, eller blir dårlegare om nemndene før veke 18 blir gjort rådgivande. Men tendensen blant politikarar som ønsker å flytta grensene, har i det siste vore at det rett og slett handlar om kvinnas rett til å bestemma over eige liv og eigen kropp.

Det gjer det jo. Men ikkje berre det. Det handlar også om det ufødde barnets rettar. Det handlar om respekten for to liv, og om ei lov som uansett ikkje kan få dette til å gå heilt opp. Den skjøre balansen som prøver å famna dette, er nå det finaste ved den gamle abortlova. Det er å håpa at den politiske diskusjonen evnar å halda oppe etiske dilemma som enno dirrar med i den balansen. Vi blir eit fattig samfunn, viss vi lar den strengen ryka.

Les også

  1. – Det vikti­gaste i abort­lova er den skjøre balan­sen mellom fleire liv

  2. KrF og abortlova: Fleirtalet har også eit samvit

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. Jan Groths strek er eit opent bidrag til andres tankar. Fleire av oss burde prøva på det

  2. – Denne samtalen er tynn­sliten, seier sjaman Durek Verrett. Det syns eg også

  3. – Alvorleg sjuke barn blir kaste­ballar. Og vi ser det ikkje

  4. Den norske abort­lova er ein skjør balanse mellom to liv. Er den balansen truga nå?

  5. Det går ikkje lenger å tru at dette ikkje vil gå utover behandlinga av pasientar og arbeidssituasjonen til dei tilsette

  6. – Politikarane i Stavanger er litt bekymra for 6-åringanes digitale kompetanse. Javel?

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson