KrF og abortlova: Fleirtalet har også eit samvit

KOMMENTAR: KrFs Kjell Ingolf Ropstad rotar med seinabortar. Kva slags haldning er det?

Publisert: Publisert:

  • Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
iconDenne artikkelen er over ett år gammel
Les også

- Eg trudde eg kunne klara å skriva om abortlova frå eit romsleg perspektiv. Eg tok feil.

KrFs nestleiar Kjell Ingolf Ropstad visste eigentleg ikkje heilt kva slags avvik og misdanningar som etter paragraf 2c i abortlova kan føra til at ein innvilgar seinabort. Han som tyngst av alle brukte Erna Solbergs opning for å endra denne paragrafen som argument for å velja å gå inn i ei borgarleg regjering. Han som henta fram saka, la den på vekstskåla i eige parti og fekk mange til å gå djupt engasjerte og begeistra på talarstolane i KrFs fylkesårsmøter og ekstraordinære landsmøte for å snakka varmt om denne historiske sjansen dei ikkje kunne la gå frå seg.

Ulike motiv?

Erna Solberg såg det som ein måte å få KrF heilt over på si side og inn i regjeringa på. Og Ropstad lét seg by opp. Til å gjera kampen mot det KrF kallar sorteringssamfunnet meir konkret, og endra paragraf 2c i lova slik at alvorlege sjukdommar og avvik ikkje i seg sjølv er grunn nok til at ei legenemnd kan innvilga seinabort dersom mor – og far – kjem fram til at det er det riktige eller nødvendige eller det mest ansvarlege valet for dei. Ropstads KrF vil ikkje at eigenskapar ved fosteret aleine skal vera nok til å få innvilga seinabort, med mindre ein kan seia at fosteret ikkje er levedyktig.

Høgres Erna Solberg og Bent Høie ser dette som ein kamp mot diskriminering, som ikkje skal gi færre abortar, men endra ordlyden i lova slik at dei som går rundt med slike avvik som nå i seg sjølv gir abort, ikkje skal kjenna seg diskriminerte.

LES OGSÅ:

Les også

Kvinna – ei brikke i spelet?

Les også

Abortlova: Høgres pirking i såret

Kva meiner Ropstad?

Og Ropstad? På direkte spørsmål i Politisk kvarter på NRK2 den 5. november stadfesta han at ja, han forventa at ei endring i lova ville føra til færre abortar. I Dagsrevyen dagen etter, sa han at «...eksemplene som vi har fått fra jordmødre som viser til barn med Downs syndrom, hareskår, eller til og med at barn mangler en hånd, også gir grunnlag for abort».

Dette er ikkje sant. Alle dei 13 aborterte fostra som blei oppførte med ganespalte i 2017, hadde andre misdanningar i tillegg. Manglande hand hos fosteret seier ikkje statistikken noko om.

Ropstad er no glad for at ein ikkje innvilgar seinabort på leppe/ganespalte aleine, noko han altså ikkje var klar over då han drog alt dette i gang. Han unnskyldar seg med at dette er statistikk det er vanskeleg å lesa dersom ein ikkje er fagmann på feltet. Nå forventar han ikkje lenger først og fremst «en nedgang i antall senaborter fra et år til et annet, men at fjerning av 2c sammen med positive tiltak for barna og familiene vil kunne virke holdningsskapende over tid».

Makta i vippeposisjonen

Altså. Dersom du er nestleiar i eit parti som innehar vippeposisjonen på Stortinget, og dermed kan få til anten å vippa regjeringa ut av posisjon, eller tvert imot gjera den om til ei mektig fleirtalsregjering, så burde ein kanskje spandert på seg ein telefon til eit fagmenneske. For å vera sikker på at ein i det minste forstod kva det var snakk om, før ein køyrer fram eit av dei aller vanskelegaste etiske felta som sjølve tunga på vektskåla i kven som skal styra landet.

Sidan det til hans store lette viste seg at det ikkje står fullt så galt til i landet, at legenemnder saman med mor og far sjaltar ut eit foster viss det har open gane, trur han at resten lar seg gjera med haldningsendringar. Underforstått: Haldningsendningar trengst.

Alle vil ha lavare aborttal

Viss vi tar ein liten pust med magen no, så skal KrF ha ros for å leggja trykk på abortførebyggjande tiltak. Dei vil redusera aborttala i Norge med ein tredel over ti år. KrF har køyrt fram praktiske forslag om enkel og utvida tilgang til gratis prevensjon, også langtidsverkande prevensjon. I klartekst ikkje berre gratis kondom, men gratis p-piller, p-stav og hormonspiral. Dei vil auka eingongsstønaden for mødrer som ikkje er i jobb, og dei held stadig fram kor viktig det er med eit støtteapparat rundt ein familie som ventar eller har eit alvorleg sjukt barn. Det siste må dei nok leggja mykje større trykk på, skal mange av desse familiane tru på dei.

Sånn. Men altså Ropstad. Han reknar med at viss bare hans folk får driva litt haldningsskapande arbeid framover, så vil talet på seinabortar gå ned. Meiner han at dei foreldra og legane som nå saman vurderer om eit alvorleg sjukt foster skal berast fram eller ikkje, manglar gode nok haldningar? Dei som i slike vurderingar tar med seg både kor mye liding og smerte barnet vil få, om mors helse toler å bera det fram, om dei sjølv vil klara å ta seg av eit sjukt barn, og om korleis det vil gå med dei andre barna i familien?

Valet Krf ikkje vil at kvinna skal ta

Fleirtalet av oss – viss vi skal tolka det som fleirtalet på Stortinget sidan slutten av 1970-talet – vil meina at det valet ligg der. Og at dei som står det vesle livet nærmast, må ta det. I samråd med legar. I debatten som går no, er det tydeleg at folk opplever dette som eit djupt forpliktande val dei ikkje kjem umerkte frå, uansett.

Men i Ropstads KrF er ikkje dette eit val ein skal ta. Og skal vi ta Ropstad på ordet, er det denne haldninga han gjerne vil få til å gjelda oss alle.

KrF minner ofte om kor viktig tanke- religions- og samvitsfridom for mindretalet og annleistenkjande er i eit demokratisk samfunn. Dei bør også la den same retten få gjelda for fleirtalet. For også fleirtalet blant oss opplever å ha eit samvit. Sjølv om det ikkje kjem til uttrykk på den måten KrF vil det skal.

LES OGSÅ:

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. – Akropolis i Stavanger? Det høyres ut som ein by som vil vera større enn seg sjølv.

  2. – Viss skule­barn blir meir og meir stressa av skulen, kvifor er det då barna vi skal endra?

  3. – Frp har lenge bite seg sjølv i halen i bompengespørsmålet. Det gjer vondt

  4. Det viktigaste med Frp? At dei insisterer på at folk må få sjansen til å velja sjølv.

  5. «Biskopen bør seia nei til sjamanen»

  6. Når det er Earth Hour, ja, så er det Earth Hour. I SV tar dei mørket på alvor.

Les også

  1. Brutalt enkel lov

  2. Brutalt enkel lov, Aftenbladet?

  3. Retten til å meina noko anna

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. Abort
  3. Erna Solberg
  4. Kjell Ingolf Ropstad
  5. Diskriminering