Kan me bli for forsiktige i korona­­pandemien? Kva då med kulturlivet?

KOMMENTAR: Korleis blir (kultur)livet framover om folk er endå meir forsiktige enn styresmaktenes smitteråd?

Kulturminister Abid Raja (V) delte ut Amandas ærespris til Amandaprisens mor, Bente Erichsen, i helga. I salen var det to seter mellom dei få utvalde publikummarane, og ingen kunne dela ut gratulasjonsklemmar til vinnarane.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Stemninga er merkeleg i Haugesund denne veka. Den daglege kampen i hotellets frokostbuffet er er avlyst. Det er ikkje lenger eit problem å gå ut i frukostsalen med full tallerken og flakkande blikk, på jakt etter eit ledig bord eller eit kjent fjes. I år er det plenty av plassar, og knapt med både kjende og ukjende med snora rundt halsen som viser at dei har kome til sildabyen på filmfestival.

Køsystemet utanfor kinosalane, med meteren tydeleg markert i gul teip og omvegar lagt inn for å unngå den normale samanstimlinga av folk i foajeen, viser seg å knapt vera nødvendig. Det er nesten ingen publikummarar, ikkje kø. Sjølv om kapasiteten i kinosalane er redusert med to tredelar, med to ledige seter mellom kvar av oss, er ingen visningar «fulle».

Og ute i gatene, på restaurantane, i teltet utanfor Edda kino, der det alltid kryr av folk, er det nesten heilt stille. Endåtil på kveldane er det stille, sjølv om sola skin og det er sydenvarmt og vakkert langs Smedasundet.

Det er nesten ingen på Filmfestivalen i Haugesund i år.

Les også

Filmfestivalen: Streng køkultur, sprit og tomme kinoseter

Flat smitte

Kvifor kom ikkje fleire på festival? Folkehelsetilsynet (FHI), Helsedirektoratet og norske styresmakter har verken frårådd eller forbode reiser internt i Norge. Det er omtrent flat smitteutvikling i landet, og stigande smittetrend i nokre få kommunar. Haugesund er ikkje blant dei. Sjølv om det har vore stigande smittetrend i Norge i det siste, er det få nye smitta på landsbasis – og svært god smittesporing og kontroll. Ein dag er 42 nye smitta registrert, ein annan 24.

Etter at to utanlandssmitta bartenderar frå Haugesund kom heim og på jobb, blei tre utestader for ei dryg veke sidan stengde og fleire hundre haugesundarar sende i karantene. Men det har ikkje blitt fleire smitta, og smittevernlegen har godkjent det strenge smittevernopplegget til filmfestivalen. Det skal vera trygt å koma til Haugesund på filmfestival i år også.

Men likevel er det nesten ingen på Filmfestivalen i Haugesund i år.

Les også

2019: Journalistane forsvann frå filmfestivalen

Forsiktige

Me tok diskusjon hos oss i Aftenbladet også. Skulle me dra? Skulle me ta sjansen? Var det trygt?

Den same diskusjonen har tydelegvis blitt gjennomført mange stader, og fleire har konkludert med at dei ikkje reiser til Haugesund i år. Grunnane kan vera så mange. Ein del blei nok heime på grunn av smitteoppblomstringa både i Norge og Europa generelt – og det som skjedde i Haugesund spesielt. Somme blei kanskje heime fordi programmet blei redusert eller flytta over til digitale flater.

Utan å kunna gjennomføra dei fysiske og sosiale møta mellom bransjefolk, blei kanskje nytta også mindre for mange. Og om du har permittert folk og er i økonomisk trøbbel – slik filmbransjen nå er – er det kanskje ikkje god stil å dra på filmfestival.

Les også

«Barn» er årets beste norske kinofilm – stakk av med ni priser under Amanda-utdeling

Les også

Ane Dahl Torp spiller fortvilet mor som kidnapper barna

Les også

«Barn» nominert til Nordisk råds filmpris

Solidaritet?

Ein eg snakka med meinte ein del vil visa solidaritet med alle dei festivalane som ikkje blir arrangerte i år – og dermed halda seg heime. For Filmfestivalen i Haugesund er ein av få festivalar som blir gjennomført i år – både i Norge og internasjonalt.

Eg ser for så vidt poenget. Men eit like viktig spørsmål for (kultur)livet framover vil bli om ein bør visa vel så mykje solidaritet med dei som gjennomfører arrangement i tråd med smittevernråda.

Det har vore mykje snakk om folk som ikkje følgjer smittevernreglane dei siste vekene. Men me har ikkje snakka om dei som legg til grunn endå strengare smittevernreglar enn helsestyresmaktene. Kva konsekvensar vil det få for eit kriseramma kulturliv, og alle dei andre næringane som tener pengane sine på at noko – trass alt – blir arrangert. Kva skjer om folk isolerer seg heime – også når dei ikkje må?

Hardt ramma

Kulturen er – saman med reiselivet – den næringa som kanskje er aller hardast råka av koronakrisen. Alle som lever av å samla eit publikum, fekk i praksis yrkesforbod i mars. Festivalsommaren blei avlyst, og kulturlivet fortvila. Håpet låg i ei lemping av 1-metersregelen og ein auke av publikumsgrensa frå 200 til 500 frå 1. september, slik mange venta då smitten kom under kontroll på forsommaren. Men så kom smitteoppblomstringa i august, og oppmjukinga blei stansa.

Utsiktene for hausten og vinteren er mørke. Så lenge ein måler ein meter mellom skuldrer, og ikkje nasen, vil ikkje kulturarrangement som er avhengige av publikum, lønna seg. Og så lenge ingen veit når reglane blir endra, er det heilt umogeleg å planleggja turnear, konsertar, premierar eller festivalar. Det einaste som er ganske sikkert, er at store publikumsarrangement er noko av det siste som kjem til å bli lov i koronaens tid.

Nokon må koma

Me valde å dra til Haugesund. Det er i tråd med dei nasjonale reiseråda, smittevernet er på plass, eg føler meg like trygg i Haugesund som i Stavanger. Samtidig meiner eg det er viktig at nokon møter opp på det som faktisk blir arrangert i denne kompliserte tida – på same måte som det er viktig å handla i butikkane, gå på restaurant, leva så normalt det lar seg gjera i ei unormal tid.

For sluttar folk å koma på arrangement som er fullt lovlege og der smittefaren er mikroskopisk, er (kultur)livet verkeleg i koronatrøbbel framover.

Publisert: