Kommentar: Fleire må ta ansvar for bråket i Ap, men bare ein tente på det
Kommunevalg 2019: Med valresultat og etterdønningar for hand, er det lett å sjå at ordførar Reinert Kverneland, H, kan takka bråket i Time Ap for gjenval.
- Egil Ø NærlandJournalist


Uroen har ikkje lagt seg, tvert om. Noverande gruppeleiar for Ap og attvald til kommunestyret, Lars Enevoldsen, søkte for eit par dagar sidan einsidig samarbeid med Senterpartiet og melde seg ut av Ap.
Det har redusert eit frå før vengeskote Ap til tre i kommunestyret mot fem innvalde. Og det har forståeleg nok skapt ugreie innad i opposisjonen.
Benkeforslag og bråk
Det ukjende og uventa benkeforslaget under nominasjonsmøtet i Time Ap i november i fjor er årsak til problema personifisert ved Lars Enevoldsen og Svein Hestvaag. Det er langt frå bare leiinga i lokallaget si skuld.
Hestvaags handlemåte har eg ingen sympati for. Den største feilen frå organisasjonen/leiinga si side er at ein ikkje sette hardt mot hardt og nekta han plass på nominasjonslista. Hestvaag var ikkje medlem av Ap.
Han skulle bli, men meldte seg likevel ut av partiet
Men dei trudde på Hestvaag som lova å melda seg inn i ettertid. Han gjorde det fire månader seinare ifølge styreleiar Sara Frostadottir Sigmundsen. I mai melde han seg ut.
Fusk og fanteri frå Hestvaag
Hestvaag mista likevel ikkje sin 19. plass på Ap si liste. Slik er reglane. Han kjørte kampanje på Kverneland-saker, fekk 194 slengarar frå folk som ikkje stemde Ap, men tok eitt av partiet sine fem mandat i kommunestyret.
Det høyrer med at han bare var kryssa fram til niandeplass blant Ap sine eigne veljarar.
Hestvaags spel framstår som fusk og fanteri.
Det stiller seg annleis med Enevoldsen, fordi ein leiande folkevald for Ap gjennom fleire periodar hadde fortent opne kort før nominasjonsmøtet.
Vinnaren i Klepp, Time og Hå utan utteljing, Frp brukte svekka Ap for å kapra Klepp
Det kallast demokrati
Benkeforslag er heilt i orden, og for å seia som ein god kollega av meg sa ein gong då leiaren av valkomiteen i redaksjonsklubben i Aftenbladet uttrykte misnøye med eit benkeforslag under eit årsmøte: «Det kallast demokrati.»
Utfordringa i tilfellet Enevoldsen er at lokallagsleiaren og hennar fløy verka splittande ved å nytta overraskingstaktikk.
Det ga populære Enevoldsen stor sympati langt utføre eigne rekker. Han fekk og sjette flest personstemmer frå Ap sine eigne veljarar, noko som understrekar motsetningane.
Når Enevoldsen etter valet har ei kjensle av at han vert sett på sidelinja, er det forståeleg, men det tener verken han eller Sp som tok imot invitten om samarbeid, til ære. Time Ap reagerer sterkt med god grunn.
Fenomenet Ap + Frp går ikke over, motivet er åpenbart
Posisjonen kan få lett spel
Eit politisk parti, ein koalisjon, ein fotballklubb eller ein interesseorganisasjon i kamp med seg sjølv, er øydeleggjande.
Solberg-regjeringa kranglar for åpen scene, Ap sentralt er heller ingen sundagsskule.
Nokre hugsar den beinharde generalsekretæren Håkon Lie i kamp med høvdingen Einar Gerhardsen, Gro Harlem Brundtland mot Reiulf Steen og partileiar/statsminister Torbjørn Jaglands ord på veg ut i fryseboksen:
«Kva hjelper det med skotsikker vest når skotet kjem innante.»
I Time har Ap internt og opposisjonen seg imellom ein jobb å gjera. Skulle det vera slik at Sp, Ap, SV og MDG framleis held saman om fire år, har dei tid på seg til å samordna, samsnakka og gjenoppretta tillit.
Det kjem mange sjansar på vegen.
Alternativet er at posisjonspartia sit stille i båten, gnir seg i hendene og får lett spel.