Satsar du på kultur, får du ... kultur!

KOMMENTAR: Den tyngste kritikken av Stavanger 2008 handla om at det eigentlege målet for kulturløftet var næringspolitisk. Men når det ikkje kom fleire turistar, kreative arbeidsplassar eller bedrifter ittepå, betyr vel det at kritikarane står saman med entusiastane i å ha tatt feil?

Publisert: Publisert:

I desember 2009 var det debatt på Kultkafeen om Hans Eirik Voktors 2008-film «Åpen port». Voktor var ein tydelig kritikar av 2008-prosjektets næringsambisjonar – som ikkje slo til. Foto: Knut S. Vindfallet

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Heilt sidan tidleg i vår har me i kulturavdelinga i Aftenbladet samla inn fakta om langtidsverknadene av Norges største kulturarrangement gjennom tidene: Kulturhovudstadsåret Stavanger 2008. Det tyngste argumentet for å bruka 330 millionar kroner på dette året var langtidsverknadene det skulle ha for byen og regionen.

Men ti år etter viste Stavangers politikarar påfallande lite interesse for å finna ut korleis det gjekk. Dei takka nei til eit forskingsprosjekt frå IRIS om å undersøka langtidsverknadene av kulturhovudstadsåret, og dei har ikkje gjort meir ut av tiårsmarkeringa enn å arrangera ein dagskonferanse på Tou Scene få veker før 2018 var omme og det ville vera for seint.

Fleire av funna me har gjort gjennom vårt journalistiske graveprosjekt har overraska meg. Den kanskje største overraskinga var kor positivt både folk flest og kulturlivet i regionen framleis ser på Stavanger 2008. Og ikkje minst kor samstemte dei var i at Stavanger er blitt ein interessant kulturby ti år etter. To av tre innbyggarar på Nord-Jæren meiner ti år etter at det var rett av Stavanger-regionen å bli europeisk kulturhovudstad i 2008. Over 80 prosent meiner Stavanger har blitt ein interessant kulturby dei siste ti åra. Tre av fire innbyggjarar meiner det er viktig av kommunane i Stavanger-regionen å satsa på kultur.

Årsak – verknad?

Ein kan sjølvsagt diskutera kor direkte årsaksamanheng det er mellom Stavanger 2008 og dagens situasjon, men det er liten tvil om at det viktigaste resultatet av Stavangers langvarige og tunge satsing på kultur er at Stavanger har blitt ein betre kulturby. Og at kulturens status er løfta, som kunstnarane me møtte i det nye atelierhuset på Tou Scene i vår sa.

Men like interessant har det vore å finna ut kva som ikkje slo til. For då kjem me til det punktet som kanskje blei aller tyngst kritisert frå ytringssterke kritikarar, nemleg at Stavanger 2008 eigentleg hadde eit næringspolitisk mål. Som førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger og regissør av to 2008-kritiske filmar Hans Eirik Voktor seier i ka då ittepå-sjef Trond Hugo Haugens oppsummerande bok frå 2015: «Hele begrunnelsen for Stavanger 2008 oppfatter jeg som næringspolitisk.»

Eller som Haugen sjølv sa til Aftenbladet i vår:

– 2008 blir eit bilete på ein epoke der kunst er redusert til næring. 2008 var eit marknadsføringsprosjekt der kunsten skulle brukast instrumentelt for å skaffa byen fleire turistar, arbeidstakarar og nye bedrifter – og ikkje til kritikk, refleksjon og problematisering.

Også Kåkå-sjef Jan Inge Reilstad har markert seg som ein kritikar i dette sporet.

Ingen næringseffekt

Men når Aftenbladet det siste halvåret har undersøkt om Stavanger 2008 i ettertid faktisk har blitt brukt til å tiltrekka seg fleire turistar, arbeidstakarar eller nye bedrifter, viser svaret seg å vera «veit ikkje». Eller, meir presist: «nei». Ikkje er det mulig å påvisa at det har kome fleire turistar, arbeidstakarar eller nye bedrifter heller, uavhengig av Stavanger-regionens manglande innsats eller oversikt ti år etter. Den ambisiøse handlings- og strategiplanen for kulturnæring frå 2009 er ikkje følgt opp , Stavanger har ikkje brukt kultursatsinga til å tiltrekka seg fleire kulturturistar, ingen har konkrete tal på noko av dette, få eller ingen jobbar med det.

Om målet med Stavanger 2008 faktisk var næringspolitisk, slik Voktor påstår, må resultatet i så måte seiast å vera mislukka. Men samtidig viser kritikken og analysen frå Voktor & Co. seg dermed å ha bomma ganske fundamentalt.

Naiv tru

Når både entusiastar og kritikarar på denne måten viser seg å stå saman i å ha teke så feil, illustrerer nok det at trua på kva kultursatsing skulle ha av biverknader var ganske så naiv rundt 2008. Som kulturforskar og siviløkonom Knut Vareide ved Telemarksforskning sa til Aftenbladet etter at Ståle Økland hadde spurt om Stavanger nokon gong har rekna på kva kultursatsinga har generert av inntekter: «Satser du på kultur, da får du kultur. Det er ønsketenkning at kultursatsingen fører så mye mer med seg.»

Det interessante er at Stavanger kommune har halde fram med å satsa på kultur i alle dei ti åra som har gått sidan 2008. Blant norske byar ligg Stavanger framleis på topp i kommunale løyvingar til kultur, trass i oljekrise og bratt nedtur. Og trass i at ein etter kvart må ha innsett at satsing på kultur gir kultur, og ikkje alle sideeffektane ein tidlegare drøymde om.

Til gjengjeld har dei private pengane til kultursponsing – ei kopling mellom privat kapital og kultur som Voktor var særs kritisk til rundt 2008 – blitt kraftig redusert. Stavanger Aftenblad var éin av fire hovudsponsorar av Stavanger 2008 som la 12 millionar kroner i potten – noko avisa fekk kraftig kritikk for av Voktor. I 2018 er Aftenbladets budsjett til kultursponsing 0 kroner. Dermed bidreg på eitt vis Aftenbladet og dei andre private aktørane som har kutta kraftig i sine sponsorbudsjett, ti år etter til å halda kulturen «rein» for privat kapital og næringslivsinteresser. Men ein kan samtidig spørja seg om dette er eit framskritt for kulturlivets del.

Publisert:

Kommentator Jan Zahl

  1. – Kva må til for at eg skal bli ein varm Trump-tilhengar?

  2. Viking må bytta navn!

  3. Kva er denne gjengen sin største kulturpolitiske tabbe?

  4. – Koronakrisen har vist at kulturpolitikarane ikkje skjønnar seg på kulturfeltet

  5. – Abid Raja: Det er ikkje frisyren din som er det vesentlege no, men kulturpolitikken

  6. "Skal me ha eit levande mediemangfald også etter korona, må folk rett og slett abonnera"

  1. Kommentator Jan Zahl
  2. Kommentator Jan Zahl