Høge politikarskuldre på Breitorget

KOMMENTAR: Om dei er små og vakar rundt sperregrensa, om dei er store og vakar for regjeringsmakt, alle er dei prega av alvor og spenning denne valkvelden.

Publisert: Publisert:

Hadia Tajik (Ap) klokka åtte på valdagskvelden. Heilt til venstre NRKs distriktsredaktør Ragnar Christensen, i midten Rogaland Aps Daniel Bøhn Rayner. Foto: Carina Johansen

  • Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Det er stille i bygatene, sjølv om stemmelokala ennå er opne ein times tid. Valkampen er over, det er ikkje meir igjen å seia, fleire sms’ar å beklaga, eller fleire dører å banka på.

RESULTATER: Stortingsvalget 2017

Tidlegare

På Facebook ligg bilde av ein sovande Dag Terje Klarp Solvang, Høgres kampanjesjef, og helseminister Bent Høie frå Randabergs mann, heime på sofaen hos svigerforeldra, etter mange og lange dagar. Det er Bent Høie som har lagt det ut, om det var før eller etter han fekk svart på Sven Egil Omdals Fripenn i Aftenbladet på lørdag, er uvisst.

Og i ein annan tråd, ein annan stad på Facebook, kjem andre politikarar med gode råd til han som lurer på kven av partia ute på venstresida som slit mest med å koma over sperregrensa, er det sånn at SV er sikre, og at Raudt dermed treng stemma hans endå meir?

Jo, blir det meldt tilbake frå Raudt, sånn trur dei det er, sjølv om dei unner SV alt godt, så vakar dei sjølv rett under sperregrensa, dei treng absolutt kvar stemme dei kan få.

Syster til Tina Bru går god for både henne og Erna på sin Facebookvegg, mens Roy Steffensen i Frp like godt opent står fram med at han rett og slett har stemt på seg sjølv.

Klokka åtte valkvelden

På Breitorget har NRK Rogaland og Aftenbladet valsending saman. Ikkje så mange har funne vegen så tidleg - dei mest engasjerte vil feira, bita neglar eller gå i kjellaren saman med sine eigne, i partias eigne valvaker.

Aps Hadia Tajik kjem. Låner ein stol og får hengt av seg jakka for ei stakka stund, konfererer med Daniel Bøhn Rayner i Rogaland Ap om timeplanen. Den er delt opp i ti-minuttars intervall for kvelden.

Ho er prega. Ho anar ikkje korleis det kjem til å gå. Det har gått i oppoverbakke for Arbeidarpartiet denne valkampen.

Sjølv har ho sikker plass. Men får dei regjeringsmakt?

Tajik veit ikkje. Ho er glad for at det går betre for landet. Og har jobba for å visa at rogalendingane vil jobba, og at Ap vil jobba for dei.

Høgres Tina Bru vil bare det skal vera over. Ho konstaterer at oljepolitikk har fått langt meir å seia i denne valkampen enn tidlegare. Men ikkje om Tina Bru vil spå om det er godt nytt for dei borgarlege eller ikkje.

Anna Kvam i MDG kan bli tidenes yngste stortingsrepresentant. Ho er 22. Skal ho få til det må MDG bryta sperregrensa nasjonalt, og Anna Kvam få tak i eit utjamningsmandat.

«Ja, eg trur på det. Etter å ha vore med på valkampen i 2013 og 2015, er det vanskeleg å ikkje tru på det.»

Men Anna Kvam har også høyrt VG rekna ut at dei manglar femti tusen stemmer på å nå sperregrensa tidlegare denne valdagen. «Og kva betyr det? Det kan jo slå begge vegar, det. Kanskje folk tenkjer at då klarer vi det, så dei ikkje treng å stemma på oss? Det er heilt utruleg spennande. Det kjennes litt absurd, akkurat nå.»

Og i følgje den siste meiningsmålinga til Aftenbladet, ligg Ap an til å få inn 3 representantar frå Rogaland, Frp 3, Høgre 4, KrF, Sp og SV 1 kvar. Men kva skjer med Venstre? Klarer dei bryta sperregrensa nasjonalt og dermed få Rogalands Iselin Nybø med i kampen om utjamningsmandat?

Klokka halv ni valkvelden

Jo, dei er like prega, alle saman. Om dei tilhøyrer dei små, som Anna Kvam (MDG) og Iselin Nybø (V), dei kanskje ikkje så små, som Solfrid Lerbrekk i SV, eller dei store, som Tina Bru i Høgre og Hadia Tajik i AP. For like tett som dei minste vakar rundt sperregrensa, vakar dei store rundt inngangsdørene til rgjeringskvartalet. På Breitorget denne valkvelden er alle politikarskuldre høge. Det partiet finst ikkje som ikkje kjenner alt stå på spel.

Venstre Iselin Nybø ventar i spenning. Det er ikkje sikker ho har plass. Det er ikkje sikkert Venstre kjem over sperregrensa.

SVs Solfrid Lerbrekk er fagarbeidar. Ho er ein annleis politikartype. Ho trur kanskje det har fått nye typar folk til å stemma på SV. Ho trur kanskje ho kjem inn.

«Eg er nervøs. Og spent».

Dei går. Dei skal vidare til sine eigne.

Klokka ni

Så kjem dei første tala. Og viser at dei borgarlege blir sitjande i regjering. Venstre ser ut til å vera rett over sperregrensa, KrF rett under.

Og ei sliten Nybø kommenterer frå ein annan stad i byen, at å vera Venstrepolitikar er omtrent som å halda med Viking - stadig rundt streken, stadig truga av nedrykk. Men Nybø er optimist.

Me kan vel kanskje kalla det ein flying start, slår ei roleg Margret Hagerup fast. Inne som Høgres fjerde frå Rogaland.

Thorstein Tvedt Solberg vil ikkje vera med på at dei har tapt. Han minner om at bare førti prosent av stemmene er talte opp.

Sinnsjukt spennande, seier han. Og vil venta på storbyane. For det står 84–85 akkurat nå, mellom Gahr Støre og Solberg sine folk.

Før det, kjem statsråd Solveig Horne stille inn sidedøra på Breitorget, i det klokka blir ni og NRK på storskjerm forkynner at Frp held stand. Men Horne tar ikkje av. Ho har vore med før. Sjølv her, sjølv når dei første tala tikkar inn, sjølv for dei som då ser ut til å vinna, pregar eit fatta alvor politikarane.

Så går storskjermen til Høgres valvaker i Stavanger og i Haugesund. Og jubelen bryt laust.

Hadia er tilbake på eit ganske stille Breitorg. Klokka er ti.

«Det er ikkje det resultatet me hadde håpa på», seier ho.

«Kanskje har ikkje vår beskrivelse vore den same som den folk har kjent på. Me har stått på. Me har gjort så godt me kan. Men det er veljarane som bestemmer. Det må me forholda oss til.»

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. 16-åring brakk nakken da han stupte – nå vil familien advare andre

  2. Gravid kvinne i dekning fordi legen mener hun er alkoholiker

  3. Sommervær i vente

  4. Flere biler involvert i ulykke i Kvinesdal

  5. – Nå må vi ikke gå i 22. juli-fellen!

  6. – Kona fikk valget om å forlate meg eller å finne seg i det

  1. Stortingsvalg 2017
  2. Rogaland
  3. Solveig G. Sandelson