Nynorsk med eit smil, takk!

SPRÅKKAMP: Eg skriv nesten alltid nynorsk. Likevel er fanatiske nynorskingar noko av det verste eg veit.

Denne teksten handlar om at nynorsk er meir pop, men likevel står i fare for å forsvinna. Der spelar bustyvelen ei viss rolle. Lurer du på kva ein bustyvel er, bruk auga, eller les heile teksten.
  • Heidi Hjorteland Wigestrand
    Heidi Hjorteland Wigestrand
Publisert: Publisert:

Før var nynorskfolk ofte sure og bitre. Dei kjefta og gneldra, fordi dei kjende seg pressa frå alle kantar. Ikkje sidan 1908 har nynorsken vore så utryddingstruga som no, ifølge tal frå Statistisk sentralbyrå.

Skuleåret 2020/2021 brukte berre 11,67 prosent av elevane i grunnskulen nynorsk som hovudmål, mot 30 prosent på 50-talet. Nynorsken lever også farleg på vidaregåande. Seks prosent av elevane ved dei vidaregåande skulane i Rogaland har nynorsk som hovudmål. 50 prosent av elevane som har hatt nynorsk som hovudmål på ungdomsskulen, byter til bokmål når dei byrjar på vidaregåande.

NRK har i 50 år kava på for å nå målet om 25 prosent nynorsk. Så langt har dei berre nådd målet eit år, i 2019.

Ferrante-bøker brøyta veg

Likevel føler eg at nynorsken møter langt mindre uvilje enn før. Sjølv om folk ikkje skriv det sjølv, får dei sjeldnare piggane ut om dei les nynorsk i bøker og aviser. Også VG og Aftenposten publiserer nynorsk no. Ei av årsakene til det er truleg utsøkte nynorskomsetjingar av dei bestseljande bøkene til Elena Ferrante. Mange har slik fått auga opp for kor fint og poetisk nynorsk kan vera, men ein sit ikkje i teatersalen eller med nasen i ei bok heile tida. Nynorsken kan du også ha på innerlomma i kvardagslivet.

Det er det altså stadig færre av oss som har. Men nyttar det å bli sur og sint av den grunn? Talas tale tyder på at det har vore fånyttes. Eg trur me må nøya oss med å vera ein fin liten blome i den store språkskogen. Men for å unngå å bli dregen opp med rota, må me gjera nokre taktiske grep.

Sidemålsundervisinga har etter mitt syn ofte skapt meir nynorskhat enn rikare ordforråd og større språkforståing. Vil ein prøva og bremsa nynorskens fall, bør ein setja inn støyten her. Men då trengst det lærarar både i grunnskule og på vidaregåande som gjer nynorsken kjekk og relevant for elevane, og ikkje serverer dei unge nynorsk det lenge har grodd mose på, gjennom ord som ingen brukar og som får tunga til å krølla seg.

Eg bur i ein av dei mest nynorske kommunane i landet. I Suldal går dei folkevalde frå bordet som ugilde når staten ønsker å oreigna matjorda deira. Å bruka klumpete ord som røynsle, semje og høvesvis, er å be om trøbbel og gjer deg til kanonføde for nynorsk-harselas. Nynorsken må gjerast moderne og enkel. Personleg kunne eg tenkt meg eit forbod mot orda leilegheit og nyheiter. For ikkje snakka om omframt, bustyvel, kvefs og oreigna.

Her er nokre av forfattarane som skal spreie nynorskglede til elevar i grunnskular og vidaregåande skular i Rogaland.

Gjer nynorsk kjekt

Eg trur nynorskingar kunne tent på å ha ei meir pragmatisk tilnærming til språkkampen. Det er ikkje alle kampar det er verd å kjempa, utan at det kostar meir enn det smakar. Dette gjeld til dømes kva målform innvandrarar skal læra seg.

Eg trur ikkje det er vanskelegare å læra nynorsk enn bokmål, for ein utlending, men det kan vera lurt å tenkja på kva målform vedkomande vil ha bruk for i framtida. Flyktningar til dømes, ender ofte opp i større byar, då kan det vera praktisk at dei får læra bokmål, sjølv om dei først blir busette i ein nynorskkommune.

Rogaland Mållag har tatt eit tak for skulane si nynorskundervisning. Underteikna var ein av fleire forfattarar i fylket som fekk i oppdrag å skriva kvar si nynorske novelle mynta på unge menneske til novellesamlinga Vegar ut til alle kantar. Til novellene er det laga eit undervisningsopplegg. Håpet og tanken er at boka skal vera ein spanande inngangsport til nynorskens verd både for lærarar og elevar.

Forstod lite eller ingenting

Noko av det beste ein nynorskjournalist kan oppleve, er når ein lesar seier ho las alt, utan å merka at det var skrive på nynorsk. Det er kanskje litt stussleg når ein slik kommentar må takast som eit kompliment, men som nynorsking har ein i åras løp ikkje vore bortskjemt med ros for målforma. Enno kan eg frå tid til anna oppleva at folk som kommenterer ein artikkel, heng seg opp i nynorsken og ikkje innhaldet. Men det skjer langt sjeldnare enn før. Nyleg klaga ein lesar på at ho forstod berre rundt 60 prosent av det eg skreiv. Etter utbasuneringa frå kvinna blei det full ordkrig mellom nynorsk-tilhengarane og nynorskmotstandarane i debatt-tråden. For språk er kjensler og identitet.

Det har ofte undra meg kor lett somme ropar ut at nynorsk skjønar ein ingenting av, medan ein briskar seg med eit knippe franske gloser, og føler ein forstår ganske så mykje når ein stavar seg gjennom ei avis i Nice.

Det bør bli like kjekt å ha forstått ein tekst på nynorsk. Då må me gjera nynorsken lett og fin, la han gli slik at lesarar austanfor ikkje merkar det er nynorsk dei har lese, før det er for seint.

Les også

Mitt liv med flyskrekk

Les også

Tre styrepils i 60 knop

Har ord for alt

For nynorsken kan brukast til alt. Også når ein melder nytt. Nynorsken kler nyheiter, fordi du må gå meir rett på sak, fordi målforma er meir styrt av verb. Å stabla substantiv oppå kvarandre er ikkje så lett å få til på nynorsk. Det gjer språket klarare og meir forståeleg, noko også jusstudentar som skriv nynorsk nyt godt av, ifølge professor Johan Giertsen.

Framtida til nynorsken blir å vera ein fin liten blome, som truleg kan gleda fleire, enn i tida då nynorskfolket berre kjefta og klaga. Og nynorsken lever eit godt liv i dialektane våre.

Og for dei som lurte; sjølv ikkje fanatiske nynorskingar ser ein bustyvel eller ein kvefs. Dei ser eit piggsvin og ein veps. Ferdig snakka.

Stadig færre brukar nynorsk. Men nyttar det å bli sur og sint av den grunn? Talas tale tyder på at det har vore fånyttes. Eg trur me må nøya oss med å vera ein fin liten blome i den store språkskogen.

Les også

  1. – Den fryktelege bokmålsmobben i Stavanger

  2. Menn heiar på menn og kvinner heiar på dei same mennene. Difor har du mindre sjanse til å vinne pris om du er kvinne

  3. Ein barnehage i Gjesdal begynte å ringe far først når eit barn blei sjukt. Då skjedde noko uventa

  4. Berre knapt 30 prosent av kjeldene i avisene er kvinner. Og det er ikkje berre journalistane sin feil

  5. – Har me så god sjuke­løns­ordning at me pressar oss mindre enn me burde?

  6. – Eg trur koronakrisa har dunka liva til urbane menneske inn i ein rytme som minner meir om våre bygdeliv

Publisert:
  1. Nynorsk
  2. Litteratur
  3. Suldal
  4. Elena Ferrante
  5. Undervisningsopplegg

Mest lest akkurat nå

  1. Kjøpte bygget i 2006 – venter ennå på å få bygge Rema 1000-butikk

  2. Siktede i Birgitte-saken skal avhøres på nytt i neste uke

  3. Hentet lokal målkonge

  4. Livsfarlig hundevirus påvist på hund fra Stavanger-området

  5. Høie ber kommunene være forberedt på gjen­åpning

  6. Slik blir den nye korona­hverdagen fra mandag av