Retten til ikkje å gå i tog

KOMMENTAR: Du treng ikkje heisa regnbueflagget, viss du ikkje vil. Men det er ennå gode grunnar til å bry seg om skeives liv og livskvalitet i Norge. Særleg dei unges.

Stavanger på Skeivå - Rogalands Pride - startar denne helga. Parade blir det ikkje, det har koronaen hindra. Bildet er frå 2019.
  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:

Eg hadde tenkt å skriva om retten til ikkje å gå i tog. Utan å bli stempla som eitt eller anna. Som transfob eller homofob eller berre kjip. Som å vera mot at kjærleiken er for alle, mot at alle må få elska den dei vil. For det kan det altså godt vera du syns alle må få lov til, sjølv om du ikkje er blant dei som kjenner seg heime i tog. Til og med om du ikkje syns det er blant sakene i verda du vil engasjera deg aktivt i.

Eg hadde tenkt å skriva om at eg høyrer til dei som ryggar baklengs når regnbueflagging kjennes som eit krav. Når det som skulle vera mangfald, blir autoritært. Når ein må marsjera på andres ordre, for å bli oppfatta som raus nok.

Fellesskapet

For eg blir bekymra for fellesskapet av slikt. Det store fellesskapet, samfunnet, Norge. For at det skal bli hakka i småbitar og redusert til ei samling kravstore, lettkrenka enkeltmenneske. Der du dummar deg ut viss du ikkje straks gjenkjenner kva slags orientering den neste du møter har, og utav det forstår korleis du skal tiltala personen og kva vedkomande si orientering kan bli kalla, eller absolutt ikkje. Der velvilje blir mistrudd, viss du ikkje er innforstått med alt dette. Der vi snart alle står og ropar om kven akkurat vi er, og gir detaljerte beskjedar om kva akkurat vi treng av dei andre. Og der vi forventar at eit kvart framandt medmenneske skal visa støtte og sympati, på den måten vi vil, og så sterkt at smerta over opplevd urett og utanforskap forsvinn.

Det er til å bli fortvila av. Det er urimeleg. For vi treng ennå eit samfunn bygd på tillit. Mellom folk, og mellom folk og makt. Det krev ikkje berre at vi er i stand til å gjenkjenna oss sjølv i den andre. Det krev også at vi stolar på at andre er i stand til å gjenkjenna seg sjølv i oss. Sjølv om dei tilhøyrer eit anna kjønn, ei anna aldersgruppe, ei anna tru, eller ei anna legning. Sjølv om dei ikkje stiller seg heilt tett inntil deg. Sjølv om dei ikkje deler ditt syn på livet, eller din måte å leva på. For det finst grenser for kor mange og kor små forskjellar vi kan klara å ta inn og forholda oss til. Og det finst grenser for kor mange små bitar eit fellesskap kan dela seg i.

Skeives liv

Vi kan ikkje bli med heilt inn i alles liv, heile tida. Men vi kan sikra at ei anna gruppe har dei same rettane som vi har sjølv. Vi kan unna andre både å få vera med, og å få vera i fred. Det siste der, å få vera med, og få vera i fred, er det mange skeive i Norge som ikkje opplever at dei får.

Særleg dei unge. For mens ein av tre blant unge oppgir til Statistisk Sentralbyrå (SSB) at dei er lite tilfredse med eiga psykiske helse, gjeld det for over halvparten av skeive unge. Skeive, i alle aldersgrupper, er mindre tilfredse med livet enn andre. Meir enn dobbelt så mange blant dei er lite tilfredse med eiga psykiske helse, ein av tre opplever lite meistring i livet, og endå fleire finn livet lite meiningsfullt. Ein av fire er mykje plaga av einsemd. På alt ein kan finna på å spørja om av det som er viktig i livet, skårar dei lågare.

Forskjellen

Det er ikkje gode tal. Og det er dei unge som har det verst. I saka om Aleksandra, først i Aftenbladet, og seinare i TV2, kan vi lesa om ei mobbing av ei ung jente som er heilt forferdeleg, og som ikkje vil ta slutt. Ho har blitt slått ned, fleire gonger, ho blir slått på bussen, folk går etter henne og filmar og roper stygge ting til henne. Det spreier seg på sosiale medier. Det er inga fred å få.

Les også

«Fuckin transe». «Homo» og «lesbe». Språkbruken blant elevene har tatt av de siste årene, sier rektor

Dei der greiene der. Å bruka det andre er, som eit skjellsord. Å sjå eitt trekk ved eit anna menneske som så annleis frå deg sjølv at du pakkar vekk vanleg sympati. Å meina at viss nokon er annleis nok frå deg sjølv, så gjeld ikkje vanleg folkeskikk lenger. Ikkje vera villig til å kjenna igjen deg sjølv i den andre, sjølv om noko skiljer. Eller, blant vaksne, å meina at ei gruppe menneske du sjølv aldri kjem til å tilhøyra, ikkje skal ha same rettar som du sjølv har.

Og at skeive treng å ha si eiga gruppe hos SSB, for at dette skal bli synleg for oss. For dei innanfor gruppa, betyr jo det samtidig at du blir sett meir som skeiv enn som noko anna. At du høyrer meir saman med andre skeive, enn med nokon andre. Slik mange kvinner lenge skulle ønska å få vera menneske først, ikkje kvinne, kan ein tenkja seg at mange skeive skulle ønska seg at ei eiga gruppe for å sjekka deira livskvalitet ikkje var nødvendig.

Sjølve livet

Ein kunne ønska seg at ein ikkje blei så inderleg sterkt definert ut frå det som skiljer. I dette tilfelle seksuell orientering. Tala frå SSB seier noko anna. Vi klarer ennå ikkje la folk vera folk, og folk få plass blant oss. Det er nedslåande. Det er ikkje til å tola.

Å hevda retten til ikkje å gå i tog, treng ikkje vera ei avsporing frå dette. Den bør også skrivast om, den er viktig for å halda fellesskapet stort nok og mangfaldig nok. For retten til ikkje å gå i tog er også å la folk vera folk, og la folk både få vera med, og få vera i fred. Å meina ting heilt likt, på likt, er ikkje det som skaper rause samfunn. Men litt regnbueflaggmas går verkeleg ikkje ut over livskvaliteten til det store fleirtalet av oss.

For mange unge skeive i Norge rammar ennå haldningane dei møter eller er redde for å møta, sjølve livet deira. I all støyen kvar enkelt av oss for tida lagar om eigne behov, er det viktig å få med seg den forskjellen.

Publisert:
  1. Ung i korona
  2. Pride
  3. LHBT
  4. SSB
  5. Kommentator Solveig G. Sandelson

Mest lest akkurat nå

  1. Mandag morgen går strømprisen til værs

  2. Da PST varslet helsevesenet på Kongsberg i 2018, var det en helt annen sak som vakte mest bekymring

  3. – Utfallet har blitt som det har blitt. Familien har hatt, og har, det tøft.

  4. Charlotte Østborg (30) har begynt å skjule ansiktet til datteren på sosiale medier. Hun er ikke den eneste

  5. Slik spredte smitten seg fra tv-kanalen til Sødal bedehus

  6. Seks timer i buss som belønning for «tåblæser-seier»: – Nå dropper vi søvnen