Sats på bygdevekstavtalar i Suldal og Sauda, Støre!

KOMMENTAR: Landet vårt står midt i vår tids største økonomiske og industrielle omstilling, og som for hundre år sidan ligg nøkkelen til å lukkast i distrikta. Suldal og Sauda er klare for å yta vår skjerv.

Suldal og Sauda står i startgropa til gjennomføring av fleire store grøne industriinitiativ. Produksjon av fundament for havvindmøller på Jelsa, ammoniakkfabrikk og akvakultur på land i Sauda, og produksjon av grønt hydrogen begge stadene.
  • Gerd Helen Bø
    Ordførar i Suldal
  • Asbjørn Birkeland
    Ordførar i Sauda
Publisert: Publisert:

I Hurdalserklæringa lanserte den nye regjeringa «bygdevekstavtalar» som eit nytt verkemiddel for nærings- og samfunnsutvikling i distrikta. Ifølgje erklæringa skal det i første omgang etablerast to pilotavtalar per fylke. Dette er eitt av fleire tiltak for å møte dei store demografiske utfordringane i distrikta, men også for å gjere det grøne skiftet mogleg i heile landet.

Ikkje kunstig andedrett

Ikkje som kunstig andedrett, men som ein dytt i rett retning i kommunar som står klare til å ta steget inn i ei ny grøn framtid. Kommunar med føresetnader for grøn industri- og næringsutvikling, kommunar som veit korleis ein driv kompetanseutvikling, kommunar som treng eit infrastrukturelt løft, og kommunar med vist vilje til langsiktig nærings- og samfunnsplanlegging.

For om lag hundre år sidan vart fossane temma og den første røyken steig opp frå fabrikkpipene i Sauda og markerte starten på eit industrieventyr som framleis lever i beste velgåande. Femti år seinare starta utbygginga av Røldal-Suldal kraft og noko seinare Ulla Førre, Nord-Europas største vasskraftanlegg som framleis leverer rein energi til industri og forbrukarar. Utbyggingar og etableringar realiserte gjennom eit samarbeid mellom lokale innovasjonskrefter og næringsliv, og mellom stat og kommunar. Når eit nytt kapittel skal skrivast i den norske industrihistoria, er det naturleg å sjå i bakspeilet. Med dei utfordringane ein nå står overfor, må ein leita for å finna to kommunar som er betre kvalifisert for dei nye bygdevekstavtalene enn Sauda og Suldal.

Hydrogen, havvind og ammoniakk

Suldal og Sauda står i startgropa til gjennomføring av fleire store grøne industriinitiativ som skal byggjast på skuldrene til den etablerte industrien. Produksjon av fundament for havvindmøller på Jelsa, ammoniakkfabrikk og akvakultur på land i Sauda, og produksjon av grønt hydrogen begge stadene. Det er likevel nokre forskjellar frå den store industrialiseringa for 100 år sidan og det grøne skiftet i dag: Vi manglar kvalifisert arbeidskraft, krava til kompetanse er heilt andre, og behovet for betre infrastruktur er meir presserande. Vi treng betre vegar, vi treng fleire innbyggjarar og vi treng fagarbeidarar og auka kompetanse i alle ledd. Både i næringslivet og i kommunal sektor for å kunne yte gode tenester frå kultur til helse og oppvekst.

Nøkkelen til å lukkast med å få ut potensialet vårt, er i eigne hender. Men for å møta utfordringane som ligg føre oss, må samarbeid og samhandling til: Kommunane i mellom, med fylkeskommunen og med staten. Ingen kan lukkast på eiga hand.

Suldal og Sauda samarbeider derfor per i dag tett om både kommunal tenesteyting og strategisk næringsutvikling. Vi har eit godt samarbeid med fylkeskommunen og lokalt næringsliv for å styrke den vidaregåande skulen i regionen som eit lokalt kompetansesenter gjennom MOR-prosjektet. Ønsket nå er eit tettare og meir forpliktande samarbeid med staten om næringsutvikling. Fordi det er bra for oss, og fordi det er bra for Norge.

To forteljingar om bygda

Det verserer to rådande forteljingar om distrikts-Norge anno 2021. Den første handlar om bygder og tettstader med aldrande befolkning, nedlagde gardsbruk, stor fråflytting og skrantande kommuneøkonomi. Den andre handlar om grøne industriinitiativ, innovativt lokalt næringsliv og stolte bønder med kortreist kvalitetsmat. Om framtidstru og optimisme, og om familiar som vel bort storbyen til fordel for å få dei store naturopplevingane innanfor synsvidda av stoveglasa og toppturar etter middagen er rydda av kjøkkenbordet. I Suldal og Sauda veit vi kva forteljing vi ønskjer å skrive, og vi veit at vi har det som skal til for å kunne velje ho sjølv: Vi har eit nettverk av inkluderande og trygge lokalsamfunn, spektakulær natur, gode råvarer, eit aktivt idretts og kulturliv. Vi har naturressursar og veit ikkje minst korleis ein skapar verdiar. Vi har trass alt temma fossar, trekt linjer, bygd vegar og drive høgteknologisk industriutvikling i meir enn hundre år. Og vi har ikkje tenkt å gi oss med det første.

Hugs skuldrene oljå stod på

Ein høyrer ofte om korleis den nye grøne næringa skal byggast på skuldrene til oljeindustrien. Men ikkje så ofte om skuldrene oljenæringa i si tid vart bygd på; Kompetansen i den kraftkrevjande industrien på Vestlandet, det uthaldande arbeidet og motet til bønder og fiskarar frå fjordane og langs kysten, og krafta til anleggsarbeidarane frå dei store veg og vasskraftutbyggingane. At det nye industrieventyret også får rotfeste i Ryfylke og dei andre vestlandsfjordane, er både rett og rimeleg. Med eit solid partnarskap med kvarandre, næringslivet, fylke og stat skal vi klare det ein gong til.

Det finst to forteljingar om distrikts-Norge i 2021. Den første handlar om bygder og tettstader med forgubbing, nedlagde gardsbruk, stor fråflytting og skral kommuneøkonomi. Den andre handlar om grøne industriplanar, nyskapande næringsliv og stolte bønder med kortreist kvalitetsmat.

Les også

  1. Verdens største tørrdokk: – Klart for havvind på Jelsa i 2027

  2. Kan gi over 7000 arbeidsplasser

  3. Ett skritt nærmere ammoniakkfabrikk i Sauda

Publisert:
  1. Utvikling
  2. Sauda kommune
  3. Industri
  4. Næringsliv
  5. Suldal kommune

Mest lest akkurat nå

  1. Testet positivt? Dette gjør du

  2. Konen var skeptisk da de ringte fra «Mesternes mester»: – Hun hadde aldri sett meg grine før

  3. Folk for­tjener bedre og sanne svar fra en olje- og energi­minister midt i en strøm­krise

  4. Har du lagt merke til er at kampropet «ubuntu» er borte. Hva skjedde?

  5. Stavanger-investorer sprøyter penger inn i e-sport-satsing - vil ikke røpe beløpet

  6. Enige om krisepakke for strøm og koronatiltak