Monsteret i metaverset

GJESTEKOMMENTAR: Eg var ein internett­optimist. No er eg meir usikker.

Mark Zuckerberg har varsla at Facebook, eigarselskapet bak fleire sosiale medium, no heiter Meta. Det høver eigentleg godt.
  • Øyvind Strømmen
    Øyvind Strømmen
    Forfattar og journalist
Publisert: Publisert:

Førre veke vart det kunngjort at Facebook, Inc., eigarselskapet bak Facebook, Messenger, Instagram og WhattsApp, skal skifta namn til Meta Platforms, Inc.. Det er ikkje minst ein referanse til metaverset, idéen om ein slags felles virtuell røyndom.

For dei av oss som er digitale innvandrarar, kan dette omgrepet vera vanskeleg å gripa. I motsetnad til dei fleste born og unge hugsar me fyrste gongen me var på internett i det heile. Nokre av oss kan stadig høyra for oss lyden av modemet som ringde opp nettet. Samstundes er metaverset for lengst ein røyndom. Nettet er ein del av våre sosiale liv.

Les også

Facebook skifter selskapsnavn til Meta

Optimisme og pessimisme

Ein del av oss burde hugsa meir enn pipinga frå modemet. Me burde også hugsa korleis nittitalet sin generelle optimisme også fekk eit utslag i ei tru på nettet som demokratiserande og som samlande, som det som gjorde den globale landsbyen verkeleg global.

Optimismen var ikkje grunnlaus. Noko av det fyrste eg gjorde på nettet, som 16-åring, var å snakka med menneske heilt andre stader i verda. Eg brukte også nettet til å finna fram til andre med same interesser som meg sjølv, kjekt for ein ungdom frå bygda med litt sære hobbyar.

I åra som følgde vart eg internettoptimist, overtydd om at nettet mellom anna ville gje oss større mediemangfald. No har pessimismen teke over. Har ikkje nettet bidrege til ei oppsplitting av offentlegheita, til framvekst av nye ekkokammer? Har det ikkje vorte viktig for spreiing av ekstremt tankegods? IS på Twitter? QAnon på Facebook? Terrorkjedebrev på chan-forum?

Mange av oss har vel ledd av karen som i eit lesarinnlegg i Dagens Næringsliv i 1996 spådde at internett ville bli ein flopp, «en ’motegreie’ som kommer til å dø ut om et par år», blant anna fordi «mennesket er et sosialt vesen, og etter en stund kommer til å bli lei av å kommunisere med en maskin i fritiden». Slik gjekk det ikkje. Men kanskje har internett likevel blitt ein flopp, berre på ein annan måte.

Oppslittinga

Eg har tenkt ein del på dette i det siste. Ein grunn er omtale av interne dokument frå Facebook, lekka av IT-spesialisten Frances Haugen. I eit intervju i «60 Minutes»CBS News sa ho at Facebook «riv samfunna våre i stykke».

Eitt av dei lekka dokumenta fortel om ein intern studie der det vart sett opp brukarprofilar for to fiktive, 41 år gamle mødrer i Nord-Carolina. Dei to vart gjeve liknande interesser, men den eine, Carol, var konservativ og den andre, Karen, liberal. Analytikaren som gjennomførte studien, byrja med å velja ganske etablerte kjelder på den amerikanske venstre- og høgresida. Det tok berre dagar før Carol byrja å få servert konspirasjonsteoretisk innhald, inklusive frå QAnon-universet, der leiande demokratiske politikarar vert framstilt som deltakarar i ei pedofil, satanisk kult. Også Karen fekk opp stadig meir polariserande innhald.

Analytikaren konkluderte med at veggen til den konservative brukaren forvandla seg i «ganske urovekkjande, polariserande» retning i løpet av «ekstremt kort tid», at noko av det same skjedde med den liberale brukaren, og at Facebook sine automatiserte tilrådingar i båe tilfella var drivaren.

Les også

Facebook er i hardt vær og anklagene tårner seg opp

Nettets to sider

Ein annan grunn til at eg har kome til å tenkja på dette i det siste, er boka «Kind van extreemrechts» (Born av ytre høgre), som nyleg kom ut i Belgia. Den er skrive av Tanné Bogaerts, som vaks opp i ein flamsk-nasjonalistisk, høgreradikal heim i småbyen Lier. I ungdomen vart ansiktet hennar nytta i materiell frå ytre høgre-partiet Vlaams Belang, som mor hennar arbeidde for.

I vaksen alder har Bogaerts vore ein del av valkampapparatet til det flamske, grøne partiet Groen. Den politiske avstanden er betydeleg. Men som Bogaerts også fortel om, er det også andre skilnader. I Groen møtte ho mange menneske med ein middelklassebakgrunn som gjorde at «dei var heller privilegerte, men sjeldan såg det sjølv». Hennar eigen bakgrunn var ein annan, meir prega av økonomisk uvisse.

Bogaerts maktar difor å sjå verda frå fleire stader. Ho nøler ikkje med å konfrontera Vlaams Belang sin rasisme, ikkje med å visa fram konsekvensane av han, men heller ikkje med å kritisera venstresida og liberalarar, blant anna for korleis dei omtaler Vlaams Belang sine mange veljarar. Og ho uttrykkjer ei djup uro over polarisering og radikalisering, ikkje minst i ljos av koronakrisa. Nettet kan vera ein augneopnar, skriv ho, ein måte å verta kjend med andre stader og andre menneske. Men det kan òg vera ein stad der ekstreme idear vert meir ekstreme, og der angsten veks.

Les også

Professor Natalia Kurcikova: «Vi former internett, og internett former oss – og stegvis har vi utviklet nye typer identiteter»

Les også

Mari Velsand, Medietilsynet: «Det må ryddes i regel­verket som skal beskytte barna på nettet!»

Forklaringsproblemet

Selskapet Facebook sitt namnebyte til Meta kjem på eit tidspunkt der Facebook har fått mykje kritikk. Meta vil sikkert heller snakka om vår fantastiske digitale framtid, og om å bringa folk saman, enn om korleis folk vert brakt saman i flokkar som er sinte på kvarandre. Dei ynskjer neppe at praten skal handla om kontrasten mellom nettgigantane sine økonomiske interesser og våre felles samfunnsinteresser.

Men dersom me skal snakka om metaverset, bør me også snakka om monsteret som alt lurer i spirene av det. Det er eit monster som dyttar oss inn i ekkokammer. Eller, kanskje er problemet at me let oss dytta?

Les også

  1. Mark Zuckerberg vil at vi skal legge mobil­telefonen og pc-en ned i kjelleren ved kassett­spilleren og plate­spilleren

  2. Ny fremtidsvisjon for Facebook: – Bare tåkeprat

Publisert:
  1. Gjestekommentar
  2. Teknologi
  3. Internett
  4. Øyvind Strømmen
  5. Facebook

Mest lest akkurat nå

  1. Melder om snø i etter­middag

  2. Varsler 5 kroner kilo­wattimen rundt middagstider

  3. Nå slipper de å bygge «Undheimsti» på Eigerøy

  4. Falt fra tak på bolighus

  5. Slik vil Norled revolus­jonere elekt­riske hurtig­båter

  6. Dette sa Gunnarsson som fikk Brekalo til å koke over