Dyre dagar

KOMMENTAR: Kjenner politikarane kor smertegrensa for SFO-prisen går for barnefamiliar flest?

Publisert: Publisert:
Solveig G. Sandelson
Debattredaktør

Er SFO for alle? Bilde frå Byfjord SFO, 2017. Foto: Tommy Ellingsen

– Vi vil at foreldre skal kunna velja, seier ordførar Jonas Skrettingland (KrF) i Hå. Det er eit soleklart KrF-standpunkt i familiepolitikken, lokalt som nasjonalt. Også Høgre ville skriva under på det. Denne gongen er det SFO – skulefritidsordninga – det er snakk om.

Kor dyrt kan SFO bli før folk flest ikkje lenger kjenner at det er noko dei kan velja?

Les også

– Prisen har betydning for deltagelsen i SFO, det har jeg erfart

Prisen

Ein fulltidsplass med mat i Hå kostar 2860 kroner – 5720 kroner i månaden dersom du har to barn. Hå har verken syskenmoderasjon eller tilbod om redusert pris for låglønte.

Høgrestyrte Klepp toppar prisstatistikken blant kommunane Aftenbladet har skrive om. Her er prisen 3535 kroner for fulltidsplass. Og heller ikkje Klepp har syskenmoderasjon, då blir prisen for to barn 7070 kroner i månaden.

Klepp seier dei har prioritert å gi foreldra mange alternativ – du kan velja to, tre, fire eller fem dagar i veka, og bruker du ikkje morgon-SFO, får du trekkja det frå på rekninga. Syskenmoderasjon skal opp som sak til hausten.

I Hå går tre av fire av dei yngste barna heim etter skuletid, berre den siste av fire blir igjen på SFO. Skrettingland trur det har med høg grad av deltidsarbeidande og heimeverande å gjera, i tillegg til Hå sine ekstra år med kontantstøtte.

Les også

Hå-buen dropper SFO, 3 av 4 barn går hjem etter skolen

Nå finst det få felt det er så lett å bli moraliserande på som når det gjeld kor mykje mor og far sjølv skal vera med barna, og kor mykje dei skal overlata dei til det offentlege – barnehage og SFO. I tillegg er det klare, ideologiske forskjellar mellom høgre- og venstresida i norsk politikk her, der særleg Høgre og KrF er opptekne av å setja grenser for kor langt staten skal gripa inn i familielivet, mens venstresida er oppteken av at stat og kommune må leggja til rette for eit likt tilbod til alle. Inni her finn vi debattane om barns beste, likestilling og aukande forskjellar blant oss.

Og mens ordførarane i Hå og Klepp snakkar om SFO som eit frivillig tilbod dei reknar med innbyggjarane vel eller lar vera å velja, snakkar politikarane i Stavanger meir og meir om det som noko som høyrer skuledagen til, og er for alle. I Stavanger går to av tre på SFO.

Slagsidene

Når ein kommune prisar SFO høgt for alle, og samtidig viser til at familiane sjølv organiserer dagane sine på ein måte som er tilpassa skuledagen til dei minste, er ein i praksis også med på å innskrenka valfridommen til ein del av dei. For når SFO blir så dyrt for to barn som i Klepp, er vegen kort til at mor jobbar deltid, og fortset med det til barna har kome seg langt opp i barneskulen. Det gir mor færre val i arbeidslivet, også seinare, det gjer henne meir avhengig av partnaren, og det gir henne langt dårlegare grunnlag for pensjon. I tillegg kan det skapa eit skilje mellom dei som har råd til SFO eller råd til at mor jobbar redusert, og dei som verken har råd til SFO eller til å jobba redusert. Då kjem barn heim til tomme hus. Når SFO-prisen pressar seg forbi den økonomiske smertegrensa for folk flest, er det ikkje lenger eit tilbod dei kan velja.

På den andre sida, der ein tenkjer at SFO skal vera eit tilbod for alle, også for dei låglønte og dei som ikkje ser seg råd til å jobba redusert, er den sjølvsagde tanken bak at SFO trengst for å få familiekvardagane til å hengja i hop. Likevel er SFO i Stavanger minst like dyrt som SFO i Hå. Og jo meir ein ser på det som ein del av skuledagen, jo viktigare blir det at det er ein arena for alle, uansett bakgrunn. Då bør ein også stilla krav til innhaldet. Politikarane i Stavanger har venta på ein oversikt over kvalitetsforskjellar i SFO i omtrent eitt år.

Les også

SFO i Stavanger er dyrere enn i Sandnes. Det liker Ap dårlig

For det blir ikkje stilt konkrete, nasjonale krav til SFO, verken om pris, kvalitet, fagleg kompetanse eller innhald. Forskjellane i kvalitet frå skule til skule er himmelvide. SFO kan vera sjølve hjartemuskelen i skulens sosiale liv, eller ein støyande oppbevaringsstasjon for skulebarn som ventar på at mor og far skal bli ferdige på jobb.

Gratismodellen

På landsmøtet i vår gjekk Ap inn for å gjera SFO gratis for alle. Prislappen for det ligg på rundt 8 milliardar. Då skal ein sjølvsagt også løfta kvaliteten.

Dersom ein klarar gjera SFO gratis og bra for alle, er fordelen at familiar ennå kan velja eller velja vekk den delen av dagen. Eg skulle ønska eg klarte å tru på den modellen.

Men eg klarer ikkje det. Vil ikkje SFO måtta konkurrera med både skular og barnehagar om ressursar og fagfolk? Og tapa heile tida, sidan skulen er ei lovpålagt plikt og alltid står først i køen, mens SFO berre er eit tilbod, og difor må venta med lua i handa?

Eg trur ein må ta steget heilt ut og heller leggja luft og leik og fysisk aktivitet heilt inn i skuledagen til dei yngste. Ein skuledag der alle er ferdige klokka tre, og ingen skal ta med seg lekser heim. Den løysinga trur eg vil gi flest barn gode kvardagar.

Men enn så lenge bør kommunepolitikarane begynna med å spørja seg om dei veit kor den økonomiske smertegrensa går for barnefamiliar flest. Før dei snakkar fint om eit tilbod for alle og om noko familiane sjølv kan bestemma om dei vil velja.

Publisert: