Kommentar før ny landsmøtehelg: Venstre vil alle vel, vinn ingen val

KOMMENTAR: Det er klassikaren for Venstre før landsmøtet opnar fredag: Partiet med alle dei rette løysingane kjempar ein evig kamp mot sperregrensa.

Iselin Nybø frå Randaberg er førstekandidat for Venstre i Rogaland, per no på utjamningsplass. Ho lever eit farleg liv, dersom me skal tru meiningsmålingane. Landsmøtet til helga vil seia meir om sjansane for Norges eldste parti til hausten.
  • Jarle Natland
    Jarle Natland
    journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fem år gammel

Åtte av ni nasjonale meiningsmålingar i mars plasserer Venstre under sperregrensa på 4,0 prosent. Det er den magiske grensa som er vinn eller forsvinn på Stortinget. Skilnaden på suksess eller fiasko.

Over sperregrensa snakkar me om utjamningsmandat og eit støtteparti som kan vippa regjeringa i borgarleg eller sosialistisk retning. Partileiar Trine Skei Grande er ikkje statsminister-kandidat, viss nokon trudde det. Men ho er opplagt sentral statsråd i draumeregjeringa til Venstre: Høgre, KrF og Norges eldste parti sjølv.

Opp, ned eller stabilt sidelege?

No er det slik at meiningsmålingane sprikar like mykje som beina til den hjulbeinte cowboy-helten John Wayne, fred vera med han. Sist veke hadde Aftenbladet og Haugesunds Avis ei Infact-måling som lemna Venstre i Rogaland og førstekandidat Iselin Nybø lita von: Partiet var meir enn halvert sidan stortingsvalet 2013 og låg der nede med Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt.

Les også

Meiningsmåling for Rogaland: Veljarane straffar dei borgarlege

Men same kveld presenterte Høgre i Rogaland si eiga Sentio-måling der Venstre kom monaleg betre ut og var godt over sperregrensa.

Slik at løpet på ingen måte er tapt for Aftenbladets gamle ven i sentrum, Venstre.

Les også

Store sprik for Rogaland Høyre på to målinger - her er Aftenbladets resultater

Les også

Arbeiderpartiet: - Påfallende at Høyre slapp sin måling mandag kveld

Dei årlege undersøkingane av norske journalistar og redaktørar viser at me (journalistar), og i urovekkande stor grad endå meir redaktørar, røystar Venstre. Det skuldast utvilsamt at partiet har synspunkt på personvern og innsyn som samsvarar godt med yrket vårt.

Men kva er feil med Venstre, strengt teke, sidan oppslutninga for vårt eldste parti nærmar seg ekstrempartia og det mystiske omgrepet «Andre» på gallupane?

Nokre opplagte svar kan melda seg: Venstre støttar ei Frp-regjering med innvandringspolitikk som partiet er grunnleggande imot, men likevel ser ut til å vera gift med til dauden tek oss. Bakgrunnstala viser at Venstre-veljarar verken har røysta eller vil røysta Frp. Venstre sitt svar til hausten er eit noko uvisst og urealistisk alternativ med den gamle Bondevik II-regjeringa av Høgre, KrF og Venstre.

Reformer frydar ikkje

I eit 2017 der Senterpartiet ser ut til å ha alle svara med kamp mot sentralisering og alle reformer, har Venstre vore reformviljug. Alle veit at forandring frydar ikkje.

Der Senterpartiet og KrF held tak om distrikta der veljarane som tel mest bur – om enn ikkje folk flest – så har Venstre vorte eit litt utydeleg og urbant parti. Me trur ikkje på at Venstre-leiar Trine Skei Grande heller kosar seg i Levanger enn på Oslo Aust i ledige stunder. Ola Elvestuen er eit herleg dra-til-tryne med litt slesk Bryan Ferry-sveis og Oslo-dialekt.

Men alt dette var lause personlege ytringar.

Sakleg sett er det slik at Venstre ikkje kjem til å melda noko radikalt nytt om regjeringsspørsmålet til hausten i helga. Venstre sitt første val er ei regjering utan Framstegspartiet. Dernest ei regjering med Høgre, Venstre og KrF.

Tygg litt på den.

Bondevik II-regjeringa var Venstre si beste nyare tid på mange måtar, to stortingsrepresentantar vart til tre statsrådar. Etter fire år i regjering gjorde Venstre sitt beste stortingsval på mest 40 år.

Der det gamle sentrumspartiet Venstre no er trygt planta på høgresida, har KrF skapt eit rom for vidare styring for seg sjølv. Trine Skei Grande har isolert partiet og seg sjølv og deira vegval til hausten. Men utover regjeringsspelet er det mest spanande kva som kjem til å skje av ny politikk på landsmøtet til helga. Kan Venstre fanga nye og gamle saker?

Innvandring er blitt viktigast

Helsepolitisk barometer som kom tysdag, er ikkje så oppløftande. Denne gongen viser barometeret at innvandring og integrering er viktigast for veljarane, følgd av aukande arbeidsløyse og dernest helsepolitikk.

Utdanningspolitikken som mellom anna Iselin Nybø løftar fram på vegne av det gamle lektor-partiet, er ikkje lenger så viktig, dersom me skal tru tala. Heller ikkje klima og miljø.

Venstre har ikkje eigarskap verken til innvandringsdebatt eller arbeidsløysa.

Du kan sjølv rekna ut kva parti som har best grep der.

Den kanskje viktigaste saka for Venstre på dette landsmøtet er også særs viktig for Rogaland. Me snakkar om 24. konsesjonsrunde, der eit knappast mogleg fleirtal i landsstyret ikkje ville stogga 24. konsesjonsrunde. Men det blir heitaste stridstema på miljøpartiet Venstre sitt landsmøte. Følg med på Elvestuen! Her gjer han felles sak med Rogaland Venstre – mot framlegget frå Unge Venstre om å stogga utlysinga av fleire leitelisensar.

Gratis barnehage eller barnetrygd? Programkomiteen har innstilt på gratis barnehage og SFO til alle og kutt av barnetrygd og kontantstøtte. Landsstyret har derimot innstilt på gratis barnehage og SFO for låginntektsfamiliar og såkalla behovsprøvd barnetrygd.

Deling av permisjonstida: Landsstyret i Venstre vil ha ei tredeling av permisjonstida. Mindretalet vil at permisjon etter fødsel som utgangspunkt skal delast likt mellom foreldra.

Dette er viktige saker, men det er vanskeleg å sjå korleis dei skal vippa dei store veljarmassane.

Senterpartiet, som er i så stor framgang, har ein høgre- og venstrefløy minst like stor som Venstre. Hos førstnemnde er alt i lutter harmoni rundt sjølve sentristen, Trygve Slagsvold Vedum.

Les også

Leiar: Song for heile Norge

Men det gjenstår å sjå om landsmøtet til Venstre til helga vert eit like regissert progaganda-møte. Som hestehandlarane i Senterpartiet kjølig ville ha vona og konstatert sist helg: Når krybba er tom, bit hestane kvarandre.

Publisert:
  1. Trine Skei Grande
  2. Iselin Nybø
  3. Venstres landsmøte
  4. Venstre (V)

Mest lest akkurat nå

  1. Røykutvikling fra seilbåt i båthavn

  2. Sandnes-kvinne døde – mann i 20-årene siktet for uaktsom kjøring

  3. Webkamera: Nå koker det i Vågen

  4. Folkefesten er i gang

  5. Dame (49) tiltalt for å ha brukt lim på naboens elbillader

  6. Ungdommer hedret Marte (19) og Tor Martin (19) med bilkortesje: – De var så forelska