Eit hav av høve

GJESTEKOMMENTAR: Forvaltninga av havet som fellesressurs fortener langsyn, vidsyn – og varsemd.

Menneske, sjøfugl og spekkhoggarar i same sildefatet. Foto: NTB

  • Klaus Mohn
    Klaus Mohn
    Rektor, Universitetet i Stavanger; professor i økonomi
Publisert: Publisert:

Er ikkje havet noko av det mest uendelege ein kan tenke seg? Frå våre strender ser ein hav så langt auget rekk. I uminnelege har havet vore der, som ei tilsynelatande utømmeleg kjelde til mat, råstoff og inntekter. Med eitt bein i havet og eitt bein på land har folk balansert mellom ulike sjansespel, med eit meir stabilt gjennomsnitt som resultat. Auken i folkesetnad og forbruk, ressursknappleik og klimakrise gjer det viktigare enn nokon gong å ta vare på havet som fellesressurs.

Det er nok nå

Lenge har me likt å tru og tenke at havet er utan ende, litt som med atmosfæren. At me kunne ta opp alt me måtte makte av biomasse utan at det kunne merkast, at me kunne pøse tilbake søppel og forureining utan at kvaliteten blei svekka for andre. Men så er det altså ikkje slik, korkje for havet eller for atmosfæren.

At havet si toleevne er avgrensa, blir stadig meir tydeleg. Den enkelte si utnytting av ressursane er ikkje utan konsekvensar, korkje for dei enkelte bestandane eller for økosystema omkring – og heller ikkje for andre som måtte gjere krav på dei same ressursane. Det er heller ikkje slik at avrenning frå landbruk, forureining og forsøpling er utan konsekvensar.

Havet er å rekne som ein global fellesressurs, og i utgangspunktet er tilgangen ubunden. Tragedien for slike allmenningar er at fri utnytting (fiske) gjerne vil medføre overfiske og kollaps i bestandane. Årsaka er at den enkelte haustar gevinstane av eigen fangst, medan ulempene ved over-utnytting blir delt med alle. Utan koordinering av utnyttinga risikerer ein difor rovdrift og samanbrot, – ikkje berre i enkelte bestandar, men òg for dei marine økosystema dei er ein del av. Eit eksempel frå norske farvatn gjeld hyse, torsk og steinbit, der overfiske ikkje berre har medført kollaps i bestandane, men òg til tap av tareskog.

Les også

Klaus Mohn: «Oljefondet er den nye oljen»

Verdsetting føreset vidsyn

At regulering er viktig i forvaltninga av bestandar av fisk og skaldyr, har lenge vore kjent. Gjennom dei seinaste åra har ein likevel lært meir om dei potensielle skadeverknadane på marine økosystem, – ikkje berre av overfiske, men og av andre former for menneskeleg aktivitet, som oppdrett, gruvedrift og utslepp frå landbruk og industriverksemd.

Å kartlegge alle typar verknadar av investeringar og inngrep blir difor avgjerande når ein skal vurdere om eit tiltak er rekningssvarande i vidare forstand. Det blir sjølvsagt inga investering om ikkje det aktuelle prosjektet er lønsamt for den som står bak. Men lønsemd i prosjektøkonomien er ikkje tilstrekkeleg. I tillegg må ein kartlegge tap og gevinstar for hushald og føretak som blir påverka. Som når etablering av havvindparkar legg band på inntektspotensialet for fiskeriaktivitet i området. Slike indirekte verknadar kan ein måle og talfeste med utgangspunkt i budsjett og marknadsprisar for dei det gjeld.

Verre er det med verknadar som ikkje like lett lèt seg talfeste. Kva med tap av utsikt, svekking av naturkvalitet, risiko for sjøfuglbestandar, indirekte verknadar på økosystema til havs og på land, – for ikkje å snakke om tap og gevinstar for klimaet? For slike eksterne verknadar må ein nytte meir sofistikerte metodar til å skaffe seg informasjon som kan gje betre avgjerder.

Les også

Klaus Mohn: «Ideen om bistand til oljeutvinning fortener refleksjon, revurdering og revisjon»

Inngrep utan angrefrist

Naturinngrep har ofte den eigenskapen at dei ikkje let seg gjere om. Har ein bygd ein vindpark i eit turområde, så blir det aldri som før. Aldri. Høvet til å høvle ned eit fjell kjem berre ein gong. Til ein viss grad er det slik også med inngrep til havs. Mange av oljeinstallasjonane vil aldri bli fjerna. Det same gjeld moloar, bruer og andre anlegg i strandsona. Når vår generasjon har teke oss retten til ei rekke naturinngrep, så har me i same andedrag avskore denne retten for seinare generasjonar.

Med avgjerder som ikkje lèt seg gjere om, skal ein vise ekstra varsemd. For sjølvet høvet til å ta slike avgjerder – eller la vere – har ein verdi i seg sjølv. Denne verdien er påverka av uvisse. Så om uvissa er stor og ein ikkje har nokon angrefrist, så gjer ein ofte klokt i å vente. Ein kan jo alltids gå i gang på eit seinare tidspunkt.

Når særinteresser søkjer tilgang til fellesressursar, er ser ein gjerne at oppsider og potensial for gevinst får stor merksemd, medan risiko og ulemper kjem meir i bakgrunnen. Private investorar vil naturleg nok vere mest opptekne av lønsemda i sitt eige prosjekt, og legge mindre vekt på verknadar på andre verksemder, og dessutan vidare verknadar på miljø og samfunn.

Les også

Klaus Mohn: «Når draumane for framtida står på spel, gjer ein best i å halde seg vaken»

Forsvarleg forvaltning

Forvaltninga av fellesressursar er best tent med breie og balanserte perspektiv, med vurderingar som tek dei vidare verknadane med i grunnlaget for gode avgjerder. Til dette treng ein informasjon utan agenda, analysar utan interesser og kunnskap utan bindingar. Om dette har Havforskingsinstituttet nyleg invitert Universitetet i Bergen og Universitetet i Stavanger til eit samarbeid, som me ser fram til med stor forventning.

Havet er ein fellesressurs som alltid har vore der, og som alltid vil vere der – med eit enormt potensial for å kunne møte store samfunnsutfordringar, som aukande matvarebehov, fornybar energi og lagring av CO₂. Men berre om høva blir handtert med omhug. Vellukka forvaltning kjem nemleg ikkje av seg sjølv. I møtet med havet må politikk og regulering pregast av langsyn, vidsyn og varsemd. I ytste konsekvens kan slaget stå om eit dødt hav eller eit levande hav. Våre val kan gjere ein forskjell.

Les også

  1. Få gang på havvind-festen igjen!

  2. Stavanger vil ta ei leiande rolle innan havvind

  3. Havforskere: – Uklare aktører og svekket troverdighet om iskanten

  4. Maktkamp, milliarder og grove anklager

Publisert:
  1. Gjestekommentar
  2. Klaus Mohn
  3. Fiskeri
  4. Miljø
  5. Rovdrift

Mest lest akkurat nå

  1. – Som alenemor er dagene krevende nok i seg selv

  2. Her er Jone Laugalands dom over Rogalands første elferje

  3. To lokale savnet-saker etterforsket som drap

  4. «Det var som jeg satt forrest i båten og så at det kom en tsunami som ingen andre så.»

  5. Stuen er en laftet stall og gulvet et gammelt kirkegulv: – Vi har kun kjøpt en sofa, og den angrer vi på

  6. Jeg er ateist, mannen min er kristen­konservativ. Det begynner å bli et stort problem