Når kunst bare er kos

KOMMENTAR: Tre grep på blokkfløyta er nok til å spela «Pølser her». Og til å undervisa i musikk i norsk skule.

Publisert: Publisert:

Kunstfaga er viktige i seg sjølv. Ikkje bare som krykker for matten, dill før maten, eller kos før helga. Foto: Frank May / picture alliance

  • Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

«Eg skulle ønskja eg kunne finna ord for kor viktige kunstfaga er for meg. Når eg syng, lever eg. Når eg står på scena, kan du sjå kva eg meiner. Eg ønskjer så inderleg at du klarer å gripa det så det blir med i rapporten du skal skriva.»

Rapporten var det professor Anne Bamford som skulle skriva. Om korleis det stod til med kunstfaga i norsk skule. Ho er professor i kreativitet, driv ein bråte med store skular i England, og er sjølv frå Australia. I heile 2010 reiste ho Norge opp og ned og rundt forbi. Og traff jenta som song.

«Vi treng å få laga noko»

Det er mest kos

Kva ho elles fann den gongen? Ho fann norske rektorar og lærarar som brann for elevane sine, som var intenst opptekne av å gi dei den best mulege skulen dei kunne klara. Ho fann lærarar og rektorar som var trøytte av Pisa-køyret, som meinte at altfor mykje av dagen, ressursane og kreftene gjekk til å tilfredsstilla krava i nasjonale prøvar, som byggjer opp under Pisa. Ho fann ein ganske teoritung skule som såg på gym, kunst- og handverk og musikk og drama som avbrekk frå det skule eigentleg handlar om. Og eit samfunn som har nokså lite kunnskap om musikk og teater og kunst og sånn, og som heller ikkje syns det er særleg viktig. Det er mest kos.
Ho fann elevar som kjeda seg. «Vi treng å få laga noko,» seier ein av dei. «Vi kan ikkje bare sitja her heile dagen. Eg klarer det ikkje. Vi må få laga noko.»

«Vi kan ikkje bare sitja her heile dagen. Eg klarer det ikkje.» Foto: Illustrasjonsfoto: Berit Roald

Pisa-sjokket

Det viste seg at vi ikkje nødvendigvis sat med sjølve fasiten

I 2001 kom dei første Pisa-resultata. For første gong såg vi oss sjølve som eitt blant mange andre land, og vår eigen skule bare som gjennomsnittleg når det gjaldt 15-åringars ferdigheitar i lesing, matematikk og naturfag. Svart på kvitt, i lange tabellar, viste det seg at vi ikkje nødvendigvis sat med sjølve fasiten på korleis ein driv skule.

Lærarutdanninga blei lagt om. Praktisk-estetiske fag blei skvisa, dei var ikkje lenger ein obligatorisk del av utdanninga. Det er heller ingen krav til ferdigheitar i desse faga for å undervisa på barnetrinnet. I 2011 hadde under halvparten av dei som underviste i musikk eller kunst- og handverk i 1. -4. klasse, utdanning i det. Altså er det heilt tilfeldig om du får ein lærar som kan hjelpa deg å laga den melodien eller det kompet du hadde tenkt, ein som kan læra bort dans, ein som kan læra deg den praktiske, aktive sida av faget. Eller om det bare blir stygt og kjedeleg. Som «Pølser her».

Over, under og i mellom

Det finst mange grunnar til å endra dette. Dei er alle gode.

Estetiske fag får oss til å bruka hjernen på kryss og tvers, vi koblar inn både den rasjonelle sida og den meir kjenslestyrte sida, vi lagar nye vegar og gangar og overgangar i hjernen. Difor er desse faga heilt essensielle for å fremja evna til kreativ tenkning. Her er internasjonal forsking overdøyvande einige.
Å tenkja kreativt vil i stor grad seia å kunna førestilla seg noko, og så prøva å gi det ein førestiller seg eit uttrykk. Anten det er eit teaterstykke, ei bru over Skagerrak, ein førarlaus bil eller ein ny film. Omstilling og innovasjon? Vanskeleg utan evna til å førestilla seg noko anna enn det som alt er.
Ludvigsen-utvalet, som leverte sin sluttrapport om framtidas skule for eitt år sidan, held fram evner til å utforska, skapa, læra og delta som viktige ferdigheitar i morgondagens samfunn. Dei tilrådde også ei sterkare satsing på praktisk-estetiske fag.
Det finst fleire grunnar. Faga opnar for andre måtar å læra på. Dei gir elevar reiskapar og rom til å finna sitt eige uttrykk, til å ta eit steg ut av teoritrykket, ut av det som skal setjast to strekar under og alle skal vera einige om. Utan å bli passive. Tvert i mot, dei kan ta regien sjølv.

Vel og merka viss ein har kompetente lærarar som kan læra elevane vegar inn i dette. Og vegar ut, frå idé til praktisk – eller estetisk – resultat.

Fikk du med deg disse?:

  • «Kvifor, kvifor i all verda, reiser de dykk ikkje opp, Bent Høie, Ketil Solvik-Olsen eller Solveig Horne?»
  • Bent Høie: Sylvi Listhaug er klassens tillitsvalgte med ansvar for å tale klasseflertallets sak
  • Du skal ha takk for at du svarte meg. Sjølv om du ikkje svarte på det eg spurte om.
Dei trudde meir testing ville bety meir læring.
Men det betyr bare meir testing. Og sannsynlegvis mindre læring.

Fleire testar betyr meir testing

Tysdag 6. desember kjem dei nye Pisa-resultata. Dei er faktisk meinte å seia noko på systemnivå. Ikkje ned i den enkelte klasse, eller om den enkelte elev. Pisa-testane er heller ingen læremetode. Det er ei undersøking. Den seier heilt sikkert noko om kva kunnskapar 15-åringane har i det dei blir testa i, men ikkje noko om korleis dei best lærer seg denne kunnskapen. Der trur eg det gjekk i surr for norske skulepolitikarar. Dei trudde meir testing ville bety meir læring.
Men det betyr bare meir testing. Og sannsynlegvis mindre læring.

For stivbeinte krav, for mykje teoretisk undervisning, for overfylte læreplanar og for sterkt press drep kreativitet, initiativ og eiga drivkraft. Ikkje bare hos elevane, trur eg. Hos lærarane også.

Torbjørn Røe Isaksen er ikkje bare oppteken av mattekarakterane til lærarstudentane

Vil styrka praktisk-estetiske fag

Men det er andre tonar nå. Det blir jobba ganske tungt politisk for å få inn andre læremåtar og tynnare læreplanar. Det ligg alt politiske forslag på bordet om å styrka praktisk-estetiske fag. Frå regjeringa. Dei vil stilla krav om kompetanse i faga til nye lærarar. Gjera dei til muntlege eksamensfag i 10. klasse. Tvihalda på at dei ikkje skal bli til teori. Kunnskapminister Torbjørn Røe Isaksen er ikkje bare oppteken av mattekarakterane til lærarstudentane. Det skal han faktisk ha.

Gi dei tid til å tenkja

I Japan, som ikkje overraskande held seg heilt i toppen av Pisa-listene, kom utdanningsministeren til at det ikkje lenger fungerte å be elevane pugga og lesa og pugga igjen. «Det var viktig i gjenoppbygginga av landet,» seier han. «Nå må vi gi dei tid til å tenkja.»
Ja. Gi dei tid til å tenkja. Og laga ting. Dei treng å få laga ting.

Sannsynlegvis vil det slå ut på Pisa-resultata også. Men akkurat det treng vi ikkje å snakka så høgt om. Desse faga er viktige i seg sjølv. Ikkje bare som krykker for matten, dill før maten, eller kos før helga.
Vi treng dei.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Tre trafikk­ulykker i Sandnes på kort tid

  2. Prinsesse Ingrid Alexandra (16) tok NM-gull i surfing på Jæren

  3. – Stor Oilers-sjanse! Costello kan skyte selv, men velger å legge igjen

  4. Koronavinteren kommer. Dette er scenarioene Norge må forberede seg på.

  5. Hadia Tajik øydelegg for seg sjølv med dette bokomslaget

  6. Bryne-treneren: – Ingen får snakke om opprykk ennå

  1. Torbjørn Røe Isaksen
  2. Skole og utdanning
  3. PISA
  4. Undervisning
  5. Kunst