Kjære statsråd Bent Høie

DEBATT: Du skal ha takk for at du svarte meg. Sjølv om du ikkje svarte på det eg spurte om.

Publisert: Publisert:

Vi treng å sjå at den som har stor makt over andre, tar på alvor og lar seg prega også av skuggesidene den makta alltid gir, skriv Solveig Grødem Sandelson. Foto: Pål Christensen

  • Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Det eg spurte om var kvifor ingen i regjeringa tar avstand frå statsråd Sylvi Listhaugs retorikk, som eg fryktar driv fram utanforskap, oppsplitting og forakt for andre.

Les også

Den første kommentaren frå Solveig G. Sandelson: «Kvifor, kvifor i all verda, reiser de dykk ikkje opp, Bent Høie, Ketil Solvik-Olsen eller Solveig Horne?»

Les også

Svaret frå Bent Høie: «Sylvi Listhaug er klassens tillitsvalgte med ansvar for å tale klasseflertallets sak»

Politikken

I svaret ditt held du fram at Sylvi Listhaug er ansvarleg og tillitsvalt for heile regjeringas innvandrings- og integreringspolitikk, ein politikk som har eit stort fleirtal bak seg i Stortinget. Du minner om at også Arbeidarpartiet i alt overordna står for den same politikken. Og du minner om at det alltid har vore tøft å vera den som skal målbera ein slik politikk.

Men eg skreiv jo alt det. Både at det er heile regjeringas politikk Listhaug skal fronta, at denne politikken er det breie fleirtalets politikk, også Arbeidarpartiets, og at ho har blitt mistolka og vranglest. Eg kritiserte ikkje politikken.

Likevel vel du å bruka mesteparten av svaret ditt på dette. Kvifor det?

Politikken og retorikken

Du skriv vidare at asylpolitikken vår er blant dei strengaste i Europa. Det er sant.

Bak den strenge politikken ligg sjølvsagt eit sterkt ønske om å ta vare på samfunnet vårt, og om å ta vare på asylinstituttet – skal me kunna fortsetja å hjelpa dei som treng det aller mest ved å gi dei beskyttelse i vårt eige land, må mange fleire heller hjelpast i nærområda. Eg er sikker på at dette er intensjonen, og at den er oppriktig.

Ut frå dei reaksjonane eg har fått frå dei som støttar Listhaug ikkje bare i politikk, men også i retorikk, meiner fleire at desse to heng heilt nødvendig saman: Det er nødvendig at Listhaug snakkar som ho gjer for at menneskesmuglarar og økonomiske flyktningar skal forstå at det ikkje nyttar å prøva seg i Norge.

Det er eg djupt ueinig i.

Utøvd makt

Eg trur det er ei motsetning mellom å villa byggja ei god framtid for landet vårt og å bruka eit språk som hånar motstand og deler folk

For meg er det inga motsetning mellom å føra ein streng asylpolitikk, og samtidig velja eit språk som også gjenspeglar alvoret i at utøvd politisk makt påfører andre menneske tap.

Men eg trur det er ei motsetning mellom å villa byggja ei god framtid for landet vårt og å bruka eit språk som hånar motstand og deler folk i dei som er med meg, og dei som er mot meg. Særleg når det kjem frå ein av landets aller sterkaste maktposisjonar – ein sitjande statsråd i regjeringa vår.

Vi treng å sjå at den som har stor makt over andre, tar på alvor og lar seg prega også av skuggesidene den makta alltid gir, uansett parti og felt.

Vi treng å sjå at dei som stig inn i regjeringa vår, inntar den posisjonen med verdigheit. Med respekt også for dei som ikkje har valt henne. For mange av oss, og her trur eg slett ikkje du kan dela i høgreside og venstreside, heng ein statsråds verdigheit saman med eit tydeleg alvorspreg når eigen politikk har som konsekvens at enkeltmenneskes håp må knusast.

Innanfor og utanfor

Eg veit det er ein ubehageleg tanke. Men den må med.

All innvandringspolitikk, bortsett frå heilt opne grenser, deler folk i dei som får bli med innanfor, og dei som må stå igjen utanfor. Difor er dette alltid eit brennbart tema. Fordi det går ut over enkeltmenneske, fordi det går ut over barn, fordi vi ser at enkeltmenneska som betaler for vår politikks prinsipp, er så mykje dårlegare stilte enn oss, og har så få alternativ til eit betre liv. Og fordi vi motsatt er redde for eit oppsplitta samfunn, for parallellsamfunn, for at likeverdet og respekten for andre skal bli truga, vi er redde for reaksjonære og farlege krefter som ikkje tar fem flate øre for å bruka demokratiet til å øydeleggja det.

Bak ligg eit endå større alvor. Til alle tider har mennesket villa finna syndebukkar når tidene blir vanskelege. Ikkje bare blant enkeltpersonar, men heile grupper. Den dimensjonen vil også alltid liggja og ulma når vi snakkar om kven vi kan sleppa inn, og kven som må haldast ute. Eg veit det er ein ubehageleg tanke. Men den må med. For eit skråsikkert og lite empatisk språk kan fort gi næring til slike krefter i oss, sjølv om det ikkje er tenkt slik.

Øydeleggjande

Ingen med stor, utøvande makt bør leggja seg til ein slik retorikk.

Det er alt dette eg blir redd for i måten Sylvi Listhaug snakkar på. Ingen har gjort det før henne. Ingen har kalla motstandarane godheitstyrannar og hylekor, ingen sitjande statsråd har vel brukt «lik-og-del»-strategi på vedtak som forseglar enkeltmenneskes lagnad. Ingen har, så vidt eg veit, avfeia spørsmål om kor trygt det eigentleg er i Kabul, der vi sender flyktningar tilbake, med at «terror skjer, det kan skje overalt».

Ingen har før lagt opp til ein retorikk der all kritikk og all motstand bare stadfestar at du sjølv har rett. Og ingen med stor, utøvande makt bør leggja seg til ein slik retorikk. Det er ikkje bare folk på venstresida som meiner det, Høie. Den hardaste kritikken sist veke kom frå tidlegare Høgre-statsråd Kristin Clemet, og frå ennå heller konservative Aftenposten på leiarplass.

Kristin Clemet er kritisk til Listhaug som statsråd: - Ord som «hylekor» er for drøyt
De er alle tillitsvalde

Eg er sikker på at det Listhaug ønskjer å oppnå er ei god og trygg framtid for alle i Norge.

Men retorikken ho bruker, «oss-mot-dei-andre», har kraft i seg til å øydeleggja for den framtida. Så alvorleg kjennes dette for meg.

Det uroar meg at de ikkje finn dette verd å diskutera i klasserommet som samlar vår fremste, utøvande makt. De er alle tillitsvalde. De er regjeringa vår.

Publisert:

Les også

  1. Christian Wedler: Både Kristoffer Joner og Sylvi Listhaug bør tenke seg om

Mest lest akkurat nå

  1. Jobbet uten sikring i høyden. Fikk 117.000 kroner i «straks-bot»

  2. Se Pøbel sitt penis-stunt i Stavanger

  3. Da Charlotte Selstø fikk korona var det særlig to symptomer som dominerte

  4. Elev på Stavanger-skole smittet med korona - hele trinnet i karantene

  5. Kan tre familier være samlet? Og telles et par som en person? Kommuneoverlegen svarer

  6. Fritidsbolig totalskadd etter brann i Sandnes

  1. Retorikk
  2. Kristin Clemet
  3. Bent Høie
  4. Asylpolitikk
  5. Sylvi Listhaug