Ennå elskar vi visst USA

KOMMENTAR: Det er ikkje sikkert det er vits i å sjå til USA viss ein vil skapa eit betre liv for barn. Heller ikkje når det gjeld kor lang sommarferien bør vera.

Å sjå til USA gir lite meining. Forskjellane er altfor store, på altfor mange felt.
  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:

«Internasjonal forskning på lang sommerferie viser at en vanlig elev kan settes tilbake én måned med undervisning, mens vanskeligstilte elever kan tape tre måneder. Det gjør at elevene hvert skoleår starter med repetisjon, fremfor ny læring. Vi vet ikke nok om dette i Norge, men det kan være lurt å forske på hvordan lengden på sommerferien påvirker elevene, og om det er et behov for å bygge opp skoleåret med en kortere sommerferie. Det bør vi se på for elevenes skyld.»

Dette skriv Høgres Margret Hagerup i eit innlegg i Aftenbladet. Forskinga ho viser til, er omtalt i eit notat frå Kunnskapssenter for utdanning ved Universitetet i Stavanger, og den forskinga er ikkje internasjonal, den er amerikansk.

Les også

Margret Hagerup (H): Skolen er vårt viktigste verktøy for å utjevne forskjeller

Over til USA

Det er ein analyse av 30 studier som alle har sett på kva som skjer viss ein kortar ned sommarferien og fordeler fridagane litt annleis gjennom året. Tidlegare studier hadde vist at elevane gløymde noko av det dei hadde lært i løpet av sommarferien, og at vanskelegstilte elevar gløymde mest. Det er matte og lesing det er snakk om.

Nå er sjølv forfattarane av denne analysen skeptiske til om det kan stemma, det der med at dei vanskelegstilte tapte meir. Dei meiner testane som viste dette, var for dårlege, og at det her må forskast meir. Som for øvrig svært ofte er konklusjonen når forskarar har forska. Dei vanskelegstilte elevane det er snakk om er amerikanske barn frå låginntektsfamiliar og minoritetar, sjarmerande nok kalt ikkje-kvite elevar.

I analysen sin av desse 30 studiane finn forskarane at det elevane gløymer – eller læringstapet, som dei nokså dramatisk kallar det – blir mindre når ein fordeler ferien jamnare utover året og kortar ned sommarferien. Men forskjellen er ikkje stor. Vanskelegstilte får likt eller kanskje litt mindre utbytte av dette. For dei yngste elevane trur ikkje forskarane det gjer nokon forskjell, dei er så små at dei uansett vil ha problem med å hugsa ting over ein sommarferie, kort eller lang.

Kvifor sjå til USA?

Den einaste samanlikninga Kunnskapssenteret, som har omtalt denne analysen, gjer med Norge, er lengda på sommarferien. Den er omtrent like lang for dei amerikanske barna som er med i forsøket, som for dei fleste norske barn. Men så?

Estland ligg best an i kunnskaps­nivå innan OECD, og dei har endå lengre skule­ferie enn Norge.

Går vi til OECD sin skulestatistikk, er det Estland som ligg på topp, både når det gjeld elevanes kunnskapsnivå og like sjansar for alle elevar, uansett bakgrunn. Norge ligg midt på treet på kunnskapsnivå, vi er nummer 18. Når det kjem til like sjansar, er vi nummer 8. På plassen bak oss på kunnskapsnivå ligg USA, og er skikkeleg i baktroppen når det kjem til like sjansar for alle elevar. Der er dei på 28.-plass.

Vi burde vel heller sett til Estland? Dei har endå litt lengre sommarferie enn oss. Eller Finland, som i årevis har lege høgt på slike målingar. Der har dei like lang sommarferie som i Norge.

Men dette kan også vera for lettvint. Når Estland ligg så høgt på å gi alle elevar like gode sjansar på skulen, kan det godt vera at elevane rett og slett er likare kvarandre der. At det i utgangspunktet er lettare. Det veit eg strengt tatt ikkje.

Forsking kan fort bli brukt av både den eine og den andre for å passa inn i det ein alt meiner.

Samanheng?

Det er fint å byggja politikk på kunnskap. Men den kunnskapen bør vera relevant, og den bør fungera også i ein vidare horisont og samanheng, skal det blir bra politikk av det.

Når ein i USA kanskje har sett at vanskelegstilte barn tapte meir læring i sommarferien enn andre, meinte dei også at ein av grunnane var at ferien ikkje var meiningsfull.

I 2017 svarte nesten halvparten av amerikanarane i ei undersøking at dei ikkje kom til å ta sommarferie det året, dei fleste av dei fordi dei ikkje hadde råd. I USA har ikkje arbeidstakarar rett på ferie. Det vil seia, jobbar du i staten, har du rett på fri på offentlege fridagar. Det har du ikkje i privat sektor. Og all annan ferie er det opp til bedriftene å leggja til rette for.

Det er eit hav av forskjell over til Norge. I Norge har alle arbeidstakarar lovfesta rett på ferie i 25 dagar, i praksis har svært mange 30 dagar. I Stavanger kommune, som eg kjenner best, er SFO open for dei minste i heile juli månad. Er du svineheldig, får du plass på Fiks Ferigge Ferie, som i tillegg held av ein del plassar til dei som treng det mest. Og pandemien har gitt oss Barnas sommer, med langt fleire gratis aktivitetstilbod.

Ei anna historie

Det kan godt vera vi skal endra på skuledagen og skuleåret i Norge, det kan godt vera at barnas dag og feriar burde harmonera betre med dei vaksnes. Og det kan godt vera vi må sjå nærare på om sommarferien rommar nok tilbod til at den kan vera fin for dei fleste barna i Norge, uavhengig av kor mykje tid og pengar familien har.

Men å sjå til USA gir lite meining. Forskjellane er altfor store, på altfor mange felt. Og når denne forskinga i tillegg ikkje kunne gi gode nok svar der, så er det heller ikkje sikkert at meir forsking på det same vil gi betre svar. Verken her eller der.

Det kan også vera at ein lang sommarferie med meir tid med familien, meir tid med venner, meir tid til å gjera det ein vil, meir tid som ikkje er planlagt, styrt og organisert av vaksne, har sin eigen verdi. Sjølv om litt algebra ramlar ut, og må hentast inn igjen. Men det er kanskje ei heilt anna historie for Høgre?

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. «A-senteret inn under sjukehuset? Eit sterkare fagmiljø på rus? Det klarer eg ikkje tru på»

  2. – Det beste dei klarte på SUS den kvelden, var å pressa ei sjuk jordmor på vakt. Det er ikkje godt nok

  3. Jan Groths strek er eit opent bidrag til andres tankar. Fleire av oss burde prøva på det

  4. – Denne samtalen er tynn­sliten, seier sjaman Durek Verrett. Det syns eg også

  5. – Alvorleg sjuke barn blir kaste­ballar. Og vi ser det ikkje

  6. Den norske abort­lova er ein skjør balanse mellom to liv. Er den balansen truga nå?

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. Høgre
  3. Skolepolitikk
  4. Forsking
  5. Margret Hagerup