Kven samlar Rogaland til eitt fylke?

GJESTEKOMMENTAR: Aften­bladet og Hauge­sunds Avis må vera haukane som flyg over land­skapet og held over­blikk, – og så stuper ned og trør til der lokal­avisene kjem til kort.

Suldalsposten kan ikkje åleine sitje med ansvaret for å dekka det som skjer i episenteret for norsk vasskraftproduksjon i Norge, like lite som at Grannar og Tysvær Bygdeblad skal vera einaste vaktbikkjer på post i eit område som er sentrale for oljenæring og vindkraftutbygging.
  • Heidi Hjorteland Wigestrand
    Heidi Hjorteland Wigestrand
    Frilansjournalist
Publisert: Publisert:

I slutten av august 2012 hadde dåverande utanriksminister Jonas Gahr Støre med seg sin tyske kollega Guido Westerwelle til Saurdal kraftstasjon. Suldalsposten var einaste medium som dekka hendinga.

Episoden er talande for medieskuggen som la seg over delar av Rogaland etter at mediehusa sine inntekter stupte for rundt ti år sidan. Støre sa til lokalavisa at det var kjekt å få vist fram norsk vassproduksjon som også skal gagna tyskarane når ein ny kabel for straumutveksling mellom dei to landa står ferdig i 2018. Lokalavisa lurte på om dette kunne gi dyrare straum, men det avviste Støre.

Redaktør Esther Moe skriv leiar om besøket etterpå. Hennar spørsmål var kvifor ikkje fleire medium var til stades under kraftbesøket.

Kvar fjerde kommune i Norge har svak mediedekning, ifølge mediekommentator Erik Wilberg. Han viser til manglande mediemangfald i mange kommunar.

Me som bur i indre Ryfylke og i randsona av Haugalandet, er på mange måtar i eit ingenmannsland. Det er langt til både Haugesund og Stavanger. Skal ein abonnera på Stavanger Aftenblad eller Haugesunds Avis? Eller det nok med lokalavisa?

Området mellom indre Ryfylke og Haugesund har fleire gode og uavhengige lokalaviser. Avisa Ryfylke, Suldalsposten, Grannar og Tysvær Bygdeblad dekker høvesvis Sauda, Suldal, Vindafjord (og Etne) og Tysvær. Dette er kommunar som til ei viss grad fell mellom dei to regionavisene sine dekningsområde.

I august 2012 var Suldalsposten einaste medium til stades då Tysklands utanriksminister saman med utanriksminister Jonas Gahr Støre besøkte eit kraftanlegg i Suldal i forkant av opninga av kabelen til Tyskland. Vil dette gi dyrare straum, spurte Suldalsposten? Nei, svara Støre.
Les også

Dette anlegget kan snart gi deg høyere strømpris

Les også

Gigantiske industriplaner på Jelsa: – Vi skal ha noe å leve av, men vil også ha noe å leve for

Mange har same bladbunad

Av Rogalands 16 aviser (abonnementsaviser på papir og nett) er halvparten eigde av Amedia. Schibsted eig Stavanger Aftenblad, Øyposten og Randaberg24, medan Mentor Media eig RA/Dagsavisen.

Medan dei uavhengige avisene i randsona av fylket enno har eigenart, ser Amedia-avisene ut til å vera støypte i same mal. Det er grunn til å tru at lokalvisene i indre Ryfylke og Haugaland har så liten konkurranse frå regionale og nasjonale medium at dei ikkje har sett behovet for å gå inn i større mediefellesskap. Det kan vera bra for dei, men det er ikkje bra for mediemangfaldet og demokratiet at lokalvisene er så åleine.

Både Suldalsposten og Grannar hadde stor auke i opplagstalet i første halvår 2021, høvesvis ein oppgang på 121 og 51. Tysvær Bygdeblad har, ifølge redaktør Alf-Einar Kvalavåg, gått med overskot i over 20 år på rad og kan gjera nett som ein vil. Grannar-redaktør Arne Frøkedal trivst òg med å leia ei uavhengig avis fordi det gir eigenart. Det same gjer redaktør Knut Atle Seim i Ryfylke.

Som redaktør Esther Moe i Suldalsposten, opplever ingen av lokalavisredaktørane stort nærvær frå større medium. Men desse avisene er provet på det Sigurd Høst fann ut då han slo fast at det ikkje først og fremst er lokalavismangel som er eit problem i Norge. Svært få bur i kommunar som ikkje blir dekte av ei lokalavis med meir enn 30 prosent dekningsgrad.

Det er mangfaldet det skortar på, for når las du sist ein brei og overgripande reportasje frå Tysvær? Boknafjorden deler oss på eit vis inn i to fylke, Sør-Rogaland og Nord-Rogaland. NRK Rogaland gjer ein heiderleg innsats for å samla oss. Regionavisene i nord og sør, derimot, har stort sett konsentrert seg om kvar sin vesle halvpart. Heller ikkje journalistane har klart å samla seg, men opererer med eigne journalistlag for Stavanger og Haugesund.

Les også

Heidi Hjorteland Wigestrand: «Ta plass i verda, skriv eit lesarbrev!»

Gå ut og gjer meir

Desse laga arrangerer to pressefestar med prisutdeling kor det blir kåra «krinsmeistrar» i ulike journalistiske disiplinar, i staden for å kåra ein rogalandsmeister som får gleda over å vinna over fleire. Langt viktigare enn ein fylkespris i journalistikk er det å ha ei avis som kan sveisa fylket meir saman, for me er jo i same bispedøme og politidistrikt. Det er naturleg at den største avisa i fylkeshovudstaden akslar denne oppgåva.

Aftenbladet har jo også som ein uttrykt visjon å gjera Rogaland litt større og verda litt mindre. Avisa er blitt klart betre, men har enno ein del å gå på. Det betyr ikkje at avisa skal ha ei mengde lokalkontor og skriva om alt alle plassar, det handlar om at kompetente journalistar reiser ut og regelmessig lagar brei og kommuneoverskridande, tematisk kvalitetsjournalistikk om alt det viktige som skjer i fylket sine ulike regionar. Lokalavisene sin jobb er først og fremst å halda lupene mot nærområdet og sitja ved pressebordet i dei ulike politiske utvala.

Mange saker kan bli tematiserte med eksempel frå ulike stader i fylket, også skjebnejournalistikken kan henta sterke historier frå kvar som helst. Folk vil lesa om folk, anten det er Ørjan frå Ølen, Reidar frå Sauda, Bertha frå Bokn eller Kari frå Karmøy.

Også små grep kan gi ei kjensle av å høyra til i eitt fylke. Pandemien har gleda meg på det viset at Aftenbladet har brukt kart over heile Rogaland for å visa kor mange som er smitta i dei 23 kommunane. Dette grepet kan brukast oftare i fleire saker der tal og statistikk for alle kommunar er tilgjengelege.

Les også

Heidi Hjorteland Wigestrand: «Ein hyllest til hyttefolket»

Vær storesøsken for lokalavisene

Stavanger Aftenblad og Haugesunds Avis får kanskje aldri så mange abonnentar i randsonene, men det handlar om samfunnsoppdraget. Det er ikkje forsvarleg at Suldalsposten åleine skal sitje med ansvaret for å dekka det som skjer i episenteret for norsk vasskraftproduksjon -og kanskje også for framtidas energiformer- i Norge, like lite som at Grannar og Tysvær Bygdeblad skal vera einaste vaktbikkjer på post i eit område som er sentrale for oljenæring og vindkraftutbygging.

Lokalavisene har ofte ikkje tid eller ressursar til å laga dei overgripande sakene som set ting i samanheng , gir overblikk og trekker opp dei lange linjene. Dei største media må vera haukane som flyg over landskapet og held overblikk, og stuper ned og trør til der lokalavisa kjem til kort. Det handlar om å setja dagsordenen lokalt, regionalt, nasjonalt og globalt.

Og kanskje ein dag vinn journalistane som lagar slike saker journalistprisen for heile Rogaland? Ein kan jo håpa.

Les også

  1. Hva synes du om oss?

  2. Lars Helles avskjed: – Vi skulle vært mer lekne

  3. Berre knapt 30 prosent av kjeldene i avisene er kvinner. Og det er ikkje berre journalistane sin feil

  4. Her er Mette Bugges ti høydepunkter etter 44 år i Aftenposten sport

Publisert:
  1. Esther Moe
  2. Amedia
  3. Lokalaviser
  4. Schibsted
  5. Journalistikk

Mest lest akkurat nå

  1. Glatte veier: Brøyter og strør på spreng

  2. Ski­senteret har brukt 356.000 kroner på å produ­sere kunst­snø. Sånn ser det ut nå

  3. 781 nye korona­smittede på Nord-Jæren

  4. Kun to elever igjen i klasserommet - resten er hjemme med korona

  5. Breiviks tidligere advokat advarer mot sensurering

  6. Fascinerande doku­mentar om verdas vakra­ste gut