Gratulerer med dagen, Equinor!

GJESTEKOMMENTAR: Om nokon føreslo å oppretta Statoil i dag, ville Equinor ha protestert.

«Eg var ein av dei mange som var imot at Statoil skulle skifta namn frå det innlysande Statoil til det uforståelege Equinor, men no trur eg det var ein god idé», skriv Aslak Sira Myhre.
  • Aslak Sira Myhre
    Aslak Sira Myhre
    Skribent
Publisert: Publisert:

Det er ein av Noregs viktigaste bursdagar i dag. For femti år sidan vart den norske staten sitt oljeselskap oppretta. Det vart for enkelheits skuld kalla Statoil. Så ingen skulle vera i tvil om kva det var. Historia om oppstarten har vorte allmenn kjend mytologi – lokaliseringa til Stavanger, vekslepengane i sigarøskja til Arve Johnsen og det store skiftet på Statfjordfeltet då Mobil sine skilt vart tekne ned og Statoil sin logo blei hengt opp.

Alt dette er kjent for dei fleste, i alle fall vest for vasskiljet.

Det var ei tid då det at nokon
klaga og var misnøgde,
ikkje fekk norske politikarar
til å bøya kne.

Eit anna selskap

Men når notabilitetar og veteranar av ymse slag samlar seg i Konserthuset i Stavanger for å feira femtiåringen, er det viktig å hugsa at det er Equinor som innbyr til feiringa, og ikkje det Statoil som Stortinget oppretta for femti år sidan. Statoil var ein av fleire institusjonar som skulle sikra at Noreg fekk økonomisk og politisk kontroll over olja og gassen i Nordsjøen. Dei fyrste åra rapporterte regjeringa årleg til Stortinget om Statoil si drift og planar, og styret i selskapet skulle drøfta store spørsmål med departement og minister.

Samstundes vart Oljedirektoratet oppretta, og nokre år seinare fekk olje og energi sitt eige departement i regjeringa. Over det heile vaka dei ti oljeboda og gav ei nasjonal politisk, økonomisk, miljømessig og sosial ramme for oljeutvinninga.

Stø politisk kurs

Dette regimet, saman med det skyhøge oljeskatten på 78 prosent, var ikkje populært overalt. Høgre og Kåre Willoch meinte at Statoil fekk altfor mykje makt. Mange sentralt der i garden hadde nok ynskt at det var Hydro, og ikkje staten sitt selskap, som skulle verta den dominerande aktøren på sokkelen.

Dei amerikanske oljeselskapa jubla verken for skatt, miljøkrav, norsk arbeidsrett eller kravet om å ta vesle Statoil med som nisse på alle oljelassa dei fann i Nordsjøen. Men det var ei tid då det at nokon klaga og var misnøgde, ikkje fekk norske politikarar til å bøya kne, ikkje eingong om det var verdas største selskap som truga med å reisa sin veg. Norske myndigheiter heldt fast kurs, og femten år etter at Statoil vart stifta, hadde selskapet gått frå eit lite kontor på Lagårdsveien til å verta eit fullrigga oljeselskap som hovudoperatør på det største oljefeltet i Nordsjøen.

Og inntektene frå verksemda fylde statskassa saman med oljeskatten.

Marknadens logikk

Historia om Statoil og den norske oljepolitikken er ei suksesshistorie, men òg ei forteljing om endring. Om tider som skiftar og eit selskap som har fått fast plass på lista over dei 500 største i verda. Den sterke statlege styringa som låg til grunn då olja vart funnen, gjekk av den økonomiske og politiske moten utover åttitalet. Statoil vart vengjeklippa meir enn ein gong, fyrst av Willoch og Høgre, seinare av Arbeidarpartiet. I 2001 fekk den kortliva fyrste regjeringa til Jens Stoltenberg sett eit langliva merke på historia då han fekk med seg LO på å delprivatisere Statoil. Det vart den gongen sagt at no kunne folket kjøpa seg aksjar i selskapet – som om me ikkje eigde det saman allereie.

Ser ein på aksjonærlista no, er det lite folk og mange amerikanske bankar og investeringsfond som eig selskapet saman med oss.

Det har gått med Statoil nett som ein kunne venta. Om nokon freistar å minne selskapet eller politikarane på at det ikkje var den høgaste profitten, men den beste nasjonale forvaltninga av oljeressursane, som var hensikta med å ha eit statleg oljeselskap, så får ein aksjelova, børsreglar og omsyn til aksjonærar og marknad attende.

Om ein undrast på kvifor eit (enno fyrst og fremst) statseigd oljeselskap skal investera milliardar i omstridt oljesand, eller i endå meir omstridde heil- og halv-diktatur verda rundt, så får ein omsynet til marknad, kritisk volum og kapitalismens evige krav om å veksa som svar.

Namneskiftet

Eg var ein av dei mange som var imot at Statoil skulle skifta namn frå det innlysande Statoil til det uforståelege Equinor, men no trur eg det var ein god idé. For sjølv om me eig meir enn to tredelar av selskapet, er det ikkje lenger det selskapet som vart stifta for femti år sidan. Om norske politikarar skulle få det for seg at ein skulle oppretta eit selskap som Statoil i dag – til dømes for å forvalta norsk vindkraft til havs, gassressursane i ei krisetid eller ein annan naturressurs som er i nærleiken Nordsjøen – er sjansen høg for Equinor ville vore langt framme i køen av dei som protesterte. Det ville jo vera eit brot på spelereglane som selskapet opererer etter verda rundt i dag. Marknadens spelereglar.

I ei tid der forvaltninga av naturressursane våre både til havs og på land er brennbart tema både innanlands og utanlands, har me mykje å læra av bursdagsbarnet. Men då er det erfaringane til ungdommen Statoil, og ikkje den middelaldrande børskjempa Equinor, me skal sjå mest til.

Og om det skulle vera tvil, det er enno frå olja og gassen på norsk sokkel Equinor hentar sine største inntekter.

Gratulerer med dagen!

(I en tidligere versjon av artikkelen var det en feil. Statoils første kontor lå på Lagårdsveien, ikke Løkkeveien. Rettet klokken 10.20 lørdag 17. september.)

Publisert: