Kommentar: Tunnelprosjektet er sjanselaust

Kommentar: Tunnelen Espedal-Frafjord er lenge haldt i live ved hjelp av pustemaskin og håp. Fleire og fleire koplar frå respiratoren. Prosjektet stryk med av seg sjølv.

Publisert:

Sånn var det opprinnelege planen: Ryfast og tunnelen Espedal-Frafjord i same pakke. Foto: Tor Inge Jøssang

Dei første tankane om opning gjennom fjellet mellom Espedal i Forsand og Frafjord i Gjesdal vart tenkte fleire tiår tilbake. Rundt 1980 vart det snakka høgt og konkret.

Då røyrbrua over Høgsfjorden vart plugga for godt i 1999 og Ryfast-prosjektet for alvor kom på blokka i samband med Transportplan for Ryfylke 2002–2011, var den 5,3 kilometer lange tunnelen mellom Espedal og Frafjord inne som ein del av prosjektet.

Prioritert ut

Ferjesambandet over Høgsfjorden, Oanes-Lauvik, måtte avviklas, erstatninga skulle vera den omtalte tunnelen. Men som med så mange av vegprosjekta, synte det seg snart at dei økonomiske kalkylane for heile prosjektet sprakk med milliardar.

På fire år gjekk Ryfast fra 5,2 til 6,4 milliardar kroner. 1,2 milliardar opp. Espdal-Frafjord var teken ut av prosjektet alt før den siste sprekken.

Les også

Forsand-ja til Espedal-tunnel kan bli nei i fellesnemda

Entusiastane i Forsand har aldri gitt opp, fleire av politikarane i fylkestinget har kjent ansvar for tidlegare lovnadar og gitt dei håp, Forsand kommune har stått på, Gjesdal kommune like så.

Fleire er lunkne

Tanken var ein tunnel nærast som ein praktfull portal til og frå Ryfylke, til beste for utvikling av turismen i heile regionen, og til beste for innbyggarane særleg i Forsand.

Entusiastane gir ikkje opp, flere fylkespolitikarar uttrykker enn så lenge at dei vil ta ansvar, eit fleirtal i kommunestyret i Forsand vil vera med, men kva med Nye Sandnes kommune som Forsand snart er ein del av, og kva med Gjesdal.

Tanken er eit spleiselag der Forsand/Nye Sandnes tek 49 prosent og Rogaland Fylkeskommune 49 prosent, mens Gjesdal kommune og Ryfylkefondet ordnar opp med 2 prosent.

Sprik og stor risiko

Prisen: Mellom 857 og 1428 millionar kroner seier vegvesenet, eit ekstremt sprik med andre ord, for for Nye Sandnes og fylket må ein altså ut med mellom 419 og 699 millioner kroner.

Les også

Gjesdal kan hindre tunnelplaner i Espedal-Frafjord

Knappast nokon kan våga seg på det i desse tider. Dersom ikkje vegvesenet kjem med noko meir konkret, og då i den lågaste enden, helst godt under, er den første spikaren hamra inn.

Den andre sørgjer politikarane i Gjesdal for å slå i. Tunnelen kostar ikkje kommunen all verda uansett, men prosjektet som for bare eit lite år sidan vart hylla og yngst velkommen som ein «gyllen tunnel» som Andreas Eidsaa jr. , KrF, uttrykker det, er ikkje lenger like skinande.

Gjesdal-politikarar fra ja til nei

KrF er ikkje åleina om skepsisen, Senterpartiet uttrykker det same, og nyleg uttalte ordførar Frode Fjeldsbø at tunnelen kanskje ikkje er det rette. Dermed bryt han med Ap si tidlegare linje.

Det er ingen tvil om at motstanden blant innbyggarane i Frafjord har fått Gjesdal-politikarane til å halda igjen. Folk i Frafjord er misnøgde med traséval, dessuten vil dei ikkje så stor trafikk.

Les også

Fylket kan ta leie for kaien, men likhet må gjelde

Det høyrer med at heller ikkje grunneigarane på Espedal er nøgde med traseen.

Den tredje og sannsynlegvis mest solide spikaren kjem Nye Sandnes til å slå i med slegga.

Koss kan eg meina det?

Livredde for å mista ferja

Jau, rett og slett fordi nå gjeld det for alt i verda å gje livsgrunnlag for den private ferja som skal kryssa Høgsfjorden og halda oppe sambandet Oanes- Lauvvik.

Kommunalminister Monica Mæland fastslo så seint som fredag før helga at Forsand og Sandnes vert Nye Sandnes.

Etter mykje rør, og det kan Forsand kommunestyre i første rekke takka seg sjølv for, vert det som det vert same kor lite logisk samanslåinga er.

Les også

– 350 millioner i bompenger kan redde tunnel mellom Forsand og Gjesdal

For den nye kommunen er Høgsfjordsambandet kort og godt ei «må ha» sak.

Borgli fantaserer om bru

Til tross for at Forsand kommune går inn i Sandnes med 100 kraftmillionar i året, er eg overbevist om at det er lettare å bruka desse på å støtte den private ferja i den grad det er lovleg, enn til tunnel Espedal-Frafjord.

For kva om ferja forsvinn? Då må Forsand-folk gjennom Strand og Stavanger for å koma til kommunesenteret sitt, eventuelt ein lang tur via tunnel og gjennom Gjesdal er heller ikkje haldbart.

Tunnelprosjektet er så godt som dødt, og bare så det er nemnd: Varaordføraren i Sandnes, Pål Morten Borgli, undrast på om det ikkje er tid for henta opp att bruprosjektet; kryssing av Høgsfjorden.

Det kan fort vera den fjerde og siste spikaren.

Publisert: