Val i Nederland: Men sentrumspolitikken var ikkje død

Nederlendarane let seg ikkje affisera av å verta utskjelt som nazistar. Dei gjekk mann og kvinne av huse for å røysta - og for nærare ni av ti av dei var ikkje EU-motstand og islam-frykt det viktigaste i verda nett no.

Publisert: Publisert:

Geert Wilders og Fridomspartiet vart ikkje størst, men neststørst. EU-tilhengarane jublar etter valet i Nederland, men det er nokre urovekkande moment. Foto: YVES HERMAN / TT / NTB Scanpix

  • Jarle Natland
    journalist
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Etter Brexit og Trump-siger har mange sett for seg at sentrumspolitikken er meir eller mindre død, dømt til å tapa for høgre- eller venstrepopulistiske krefter. Så enkelt var det heldigvis ikkje.

Nederland er blitt kalt det første skjebnevalet i Europa i 2017, følgd av Frankrike i april og mai og Tyskland til hausten.

Les også

Forsker tror Rutte har tjent på krangelen med Tyrkia

Les også

Jonas Vikingstad i Civita om Europa: Liberale utfordringer i populismens tid

Les også

Statsledere fornøyd med valget i Nederland

Valutfallet i Koninkrijk der Nederlanden har difor vore følgd med uvanleg stor interesse i heile Europa, og du kunne mest høyra lettelsens sukk hos EU-tilhengarar og statsleiarar som den tyske statsministeren Angela Merkel.

Vridning mot høgre

Valoppslutnaden har vore den høgaste på 30 år (81 prosent). Statsminister Mark Rutte og hans borgarleg-liberale parti VVD (Folkepartiet for fridom og demokrati) får 33 av 150 seter i parlamentet og er største parti for tredje val på rad.

Islam-motstandar Geert Wilders og Fridomspartiet hans vert nest største parti og får 20 seter i parlamentet. Det er framgang, men Wilders hadde på førehand vona på 30 seter og å bli største parti. Kristelegdemokratane og Demokratane følgjer hakk i hæl.

Les også

Wilders om dagens valg i Nederland: - Vi har allerede vunnet

Sjølv om det no ser ut til å verta ein brei regjeringskoalisjon med utgangspunkt i sentrumspolitikk, så har Wilders uansett lukkast med å dra heile det politiske landskapet i Nederland i retning av høgre.

Korken på flaska

No lovar alle dei andre nederlandske partia å isolera Fridomspartiet etter beste evne. Det spørst kor smart den strategien er, jamfør Sverigedemokratane og deira aukande oppslutning. Å skru korken på ei flaske med vatn og koka ho opp kan ha utilsikta konsekvensar.

Her heime har me i nyare tid hatt Framstegspartiet som eit ansvarleg og skikkeleg parti på høgre fløy i norsk politikk. Det har vore viktig for å hindra framvekst av langt meir ekstreme parti.

Framstegspartiet framstår som lyseblått på grensa til lilla målt mot Fridomspartiet til Wilders. Men det er tankevekkande at ekstremisten Wilders faktisk har fått ein oppslutning nær på høgd med kva Frp hadde ved stortingsvalet i 2013.

Tiltru til EU-prosjektet

Wilders har ikkje fått den draghjelpa mange frykta av dei elleville utskjellingane frå Tyrkias president Recep Tayiip Erdogan. Tyrkias utanriksminister følgde opp med sin kommentar til valet i Nederland i går. Kortversjonen hans: Europa er på veg mot avgrunn og religionskrig. Det er ingen skilnad på sosialdemokratar og fascisten Geert Wilders. Snart bryt det ut religionskrigar i Europa.

Slik at ingen må tru at valet i Nederland var noko definitivt vendepunkt.

Men la oss no gleda oss over utfallet her og no og tru at det peikar mot lysare tider. Eit massivt fleirtal i Nederland, rett nok Europas mest liberale land, har erklært tiltru til EU-prosjektet, liberale og grøne verdiar og sentrumspolitikk i populismens tid.

Vendepunkt før jul?

EU-optimistane meiner at eit første vendepunkt kom allereie tidleg i desember i fjor då Austerrike ikkje valde ein ytterleggåande høgrepopulist og EU-motstandar som nytt statsoverhovud.

Kanskje Fareed Zakaria hadde rett i kommentaren i Aftenbladet her om dagen?

Han meinte at Europa ikkje er på ein uavvendeleg veg av høgrenasjonalisme, vridd mot EU, økonomisk integrasjon og den atlantiske alliansen.

Sentrum kan reisa seg att, sjølv i Europa, meinte Zakaria.

Les også

Zakaria: Nå ser vi sentrumpolitikkens retur i populismens tid

Einar Førde sa at me er alle sosialdemokratar. Fullt så gale er det vel ikkje. Men her i Norge er dei aller fleste av oss strengt teke i sentrum og bør kunne gleda oss dersom Zakaria har rett.

Følg med på valet i Frankrike.

Publisert:

Les også

  1. Nederlandsk valgkampinnspurt overskygges av konflikt med Tyrkia

  2. Tyrkia: Nederland kommer til å skamme seg

Mest lest akkurat nå

  1. Denne kreftforma er spesielt utbreidd blant menn i Rogaland. Dette kan vere forklaringa

  2. Silje Gaarder rydder bare et kvarter hver dag. Likevel er det strøkent. Her er hennes beste tips.

  3. Trump presset Biden på utfasing av olje

  4. Fjernet ulovlig garasje, men Atle har likevel fått 40.000 kroner i tvangsmulkt

  5. – Hvis jeg ikke engasjerer meg nå, og naustet på Sør-Bokn blir revet, kommer det til å irritere meg resten av livet

  6. Sandnes Ulfs sjef: – Vi har ikke bygget Øster Hus Arena for tolvteplasser

  1. Nederland
  2. EU
  3. Marine Le Pen
  4. François Hollande
  5. Tyskland