Fattigdomslykke? Verkeleg?

KOMMENTAR: Ein kan sikkert vera lykkeleg sjølv om ein er fattig. Men ein blir ikkje lykkeleg av å vera fattig.

Den som kan velja å leva enkelt, er ikkje fattig.

  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Det er barnebokforfattaren Martin Nygaard som har lansert ordet fattigdomslykke. Det begynte med ein artikkel han skreiv i Harvest.no og tok heilt av då Aftenposten sist veke intervjua han om denne lykka. Han har fått mye tyn.

Forskjellane

Vi veit at forskjellane mellom folk i Norge blir større og større, og fleire og fleire blir fattige. Fattig blir du - statistisk - rekna som viss familien har 250 000 eller mindre å rutta med i året. 10 prosent av oss hamnar under den grensa, fem prosent har så lite pengar at dei har store problem med å få endane til å møtast. Statistisk Sentralbyrå (SSB) ser også på ting som at ein ikkje har råd til å eiga eigen bustad, ikkje har bil av økonomiske grunnar, ikkje har råd til ei vekes ferie i året (nei, ikkje i utlandet, bare utanfor heimen, for eksempel hos venner), ikkje råd til fritidsaktivitetar, ikkje råd til tannlege eller internett, til å halda bustaden passe varm, eller til å ha kjøt og fisk til middag annakvar dag.

Det høyres ikkje akkurat ut som kvardagslykke. Så er Nygaards definisjon annleis. Han meiner ein er fattig når ein har mindre pengar enn ein ønskjer seg. Og viss du skal vera lykkeleg som fattig, må du lika å leva spartansk, vera praktisk, finna glede i å fiksa ting sjølv, og helst ha ei velutstyrt bod eller ein ditto kjellar. Sjølv eig Nygaard og kona bustaden sin på Oslos vestkant, og ei hytte på Onsøy. Likningsformua hans er på over 9 millionar.

Heilt på jordet

Nygaard veit ikkje kva jorde han er på. For sjølv om inntekta hans ligg på rundt 250 000, står han likevel trygt inne på same jordet som alle vi som eig våre eigne bustader, og har ein fast og rimeleg trygg jobb. Han må gjerne snakka til oss. Om å finna ei lykke i å klara seg sjølv, vera sjølvhjelpt, ha respekt for naturen og Jorda og setja si ære i å rota det til minst muleg for dei som kjem etterpå. Om å kjenna på ei indre glede, kanskje til og med lykke, over at ein ikkje er avhengig av ting, nye ting, riktige ting eller dyre ting. Om å leggja verdien i kven ein sjølv er og kven andre er ein annan stad.

Tid og pengar

Det finst sjølvsagt gode dosar jåleri på dette jordet. Det finst fattigdomsflørtar bare rikfolk har råd til å driva med. Som å koka kraft i timevis, etter å ha fiska fisken sjølv i endå fleire timar, baka brød av sjølvdyrka spelt grodd i den fjorgamle komposten i hagen, og servera det nylaga brødet - til den alt aldrande fiskesuppa på sjølvkokt kraft - i ei enkel, lite prangande korg av sjølvhekla hamp ein har dyrka på taket på hytta.

For å vera rik og trygg har fifige effektar. Ein har ikkje bare nok pengar, ein har også nok tid. Og nok overskot til bare å la nasen vibrera foraktfullt i det ein passerer hylla med Torosupper som finst sjølv på det ein kallar velassorterte butikkar.

Alt dette er same greia som at det ein gong var viktig for rike damer å visa på ein diskret måte at dei hadde bleik hud. Fordi dei ikkje trengte å vera ute og arbeida. Toro tomatsuppe i handlevogna er like avslørande i dag som brunbarka hender var det før.

Fridommen i å velja

Nygaard har tatt andre val. Eller mange, sannsynlegvis. Han har valt eit yrke med svært usikre inntekter, og utan fast tilknyting til nokon arbeidsplass. Han har valt å gleda seg over alt han kan klara å ordna sjølv, utan å måtta bruka så mye pengar. Det står det respekt av.

Men akkurat det at han kan velja, gjer at han ikkje er fattig. Han eig sitt eige hus. Han har hytte. Han har verdiar som kvar einaste dag, frå morgon til kveld, gjer han trygg på at han er herre over si og familiens framtid, med mindre verda ramlar heilt saman. I alle sine prosjekt for å klara seg på lite pengar, kan han snubla, utan å vera redd for at nå gir alt etter, nå rasar det, nå klarer ein ikkje lenger halda tak i kvardagen sjølv, men blir frå dag til dag avhengig av andres velvilje, sosialhjelp eller rein flaks.

For det jordet der dei fattige står, er ei myr. Der gjeld det å koma seg frå tue til tue, og ikkje bomma i eit einaste steg. Ein kan ikkje trø feil. Då søkk ein nedi.

Det tar tid og krefter alltid å handla billeg mat, og nei, ein kan ikkje bare fylla frysa og kjøpa i stort og spara pengar. Det er ikkje sikkert du har nok pengar tilgjengeleg på ein gong til det. Det tar tid å koma seg frå A til B utan eigen bil, det tar tid å få tak i brukte klede og utstyr, og det tar mye krefter alltid å vera på vakt og føre var.

Den som ikkje har pengar på bok eller eig taket over hovudet, har ein heilt annan kvardag enn Nygaard, sjølv om inntekta skulle vera omtrent lik.

Stempling

Det betyr ikkje at ein ikkje kan vera lykkeleg sjølv om ein er fattig. Men at fattigdom skulle vera ein slags nøkkel til lykke, den må Nygaard lenger ut på landet med. Eller i det minste innsjå kven han deler jordet han står på med. Det er ikkje dei fattige. Det er dei av oss som har fast jobb og eig tak over hovudet, men likevel kan la oss riva med i ønske om stadig fleire ting, stadig meir velpolert ytre, og stadig rarare mat det tar veldig, veldig lang tid å laga.

Vi har fast grunn under føtene. Vi kan godt få ei moralsk oppbyggeleg dose om at lykka kan liggja i å velja dette vekk. Men ikkje fortel slikt til dei på den andre sida av det stadig høgare gjerdet mellom oss som er på jordet og dei som balanserer frå tue til tue i myra.

Nygaard vil ikkje vi skal stempla nokon som fattige. Eg syns det er verre å fortelja folk som manglar den valfridommen i livet ein sjølv har, kor lykkelege dei bør vera over nettopp det.

Les også

  1. Barnefattigdommen fortsetter å øke

  2. Stavanger, we have a problem

  3. Slik vil Stavanger-politikerne jobbe mot barnefattigdom

  4. – Ta meg i handa på det

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. – Det der snakket om psykisk helse først? Fislete greier, Høie.

  2. – Kva hjelper det å fortelja historia til Artin?

  3. – Kor nært kan du koma folk over heile landet, utan å mista retninga?

  4. – Det handlar om å bli store nok til å klara seg utan SV. Utan å bli ufine mot Ap

  5. «Ingen skal måtta ned på kne for å få vera del av eit fellesskap, Tix»

  6. – Kjøtt­kake­kranglar er for dei friske. Det hjelper ikkje sjuke

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. Fattigdom
  3. Helse
  4. Statistisk sentralbyrå