Øyvind Strømmen: − Det er ikkje sikkert du vil lika det som kjem etter Europa

GJESTEKOMMENTAR: Det er trøbbel i Szeklerland. Gammalt nag mellom rumenarar og ungararar er vekt. Kva då om vi ikkje hadde hatt EU?

Publisert: Publisert:

Ungarsktalande szeklarar demonstrerer for autonomi i sin del av Romania, her utanfor Romania sin ambassade i Ungarn. Dei vil òg ha rett til å bruka sitt eige eige flagg − men i så fall «vil alle vaia ved sidan av», kontra statsminister Mihai Tudose tvetydig. Foto: Lajos Soos, AP/NTB Scanpix

  • Øyvind Strømmen
    Forfattar og journalist
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Tidleg i januar las eg ein artikkel av den rumenske statsvitaren Valentin Naumescu, som kom med sine spådomar for 2018. «2018 vil mest sannsynleg gjera eksisterande skiljeliner djupare, og forverra spenningar i det internasjonale systemet til eit kritisk punkt», skreiv han, og spådde endringar som ikkje lenger kan støytast om, ei ny tid, «eit point of no return i europeisk politikk».

Han spådde radikalisering og polarisering, og at illiberale og nasjonalistiske krefter vil styrka seg i Sentral-Europa – det me gjerne kallar Aust-Europa. Han spådde også djupare kløfter mellom aust og vest, eit resultat av både stor økonomisk ulikskap og av ulik politisk kultur, trass i det har gått meir enn eit tiår sidan EU vart utvida austover.

Elende og uro

Etter at eg hadde brukt romjula på å lesa bulgarske Ivan Krastev korte bok «After Europe» – som også er utgjeven på dansk – vart det mest for mykje pessimisme. Krastev meiner at det han kallar «disintegrasjonstoget» allereie har køyrd ut frå jernbanestasjonen i Brussel. Han fryktar at dette vil føra til at Europa vert dømd til uorden og til global irrelevans, og han er også uroleg for at det vil medføra at toleranse og openheit vert erstatta med det han kallar bøllete trongsyn. Og til elende og uro. Han er usikker på om EU vil overleva.

Her i det sjølvutnemnde annleislandet er det nok mange som ikkje tek dette så tungt. Her har det alltid vore populært å sjå med motvilje på brusselske byråkratar. Det vil vera mykje med til dømes ungarsk politisk kultur me finn vanskeleg å skjøna, men ikkje den drypande sarkasmen den belgiske hovudstaden vert omtala med. Rett nok fekk Brexit-avrøystinga sjølv nokre innbarka EU-motstandarar på norsk venstreside til å sjå med uro på framtida, men i Noreg står nei-sida så sterkt at ja-sida ikkje har anna å gjera enn å klamra seg til EØS-avtala.

Konflikt i Szeklerland

Szeklerland, eller Székelyföld, ligg langt frå Brussel sitt europakvarter. Området ligg midt i Romania, men ein betydeleg del av befolkninga tilhøyrer den ungarskspråklege folkegruppa som elles vert omtala som szeklarar. I førre veke vedtok tre ungarskspråklege parti i området eit opprop der dei bad om meir sjølvstyre, og om fleire språklege rettar.

Meinte statsminister Mihai Tudose i Romania at ville bli hengde om dei heisa szleklerlandflagget? Foto: Vadim Ghirda, AP/NTB Scanpix

Eit par dagar seinare vart den rumenske statsministeren, sosialdemokraten Mihai Tudose, intervjua i eit kveldsprogram. Her sa han at dersom szeklarane sitt eige flagg skulle vaia utanfor institusjonar i områder, ja, så ville «alle vaia ved sidan av». Formuleringa var nett vag nok til at den kan tolkast i ulike retningar, iallfall i den opphavlege rumenske språkdrakta. Samstundes vart den oppfatta som ein referanse til henging, og som eit reint trugsmål mot den ungarskspråklege minoriteten i landet, og snart fekk Tudose krass kritikk både frå ungarskspråklege politikarar i Romania og frå utanriksministeren i nabolandet Ungarn.

Tudose svara på det som må kallast rimeleg nonsjalant vis. «Som rumenar og som statsminister», skreiv han på Facebook, «avviser eg ein kvar form for dialog rundt autonomi for ein del av Romania.» Han peikte vidare på at dette ville vera i strid med den rumenske grunnlova, som slår fast at landet er både sameint og udeleleg.

På nettsidene til avisa Adevărul omtaler den rumenske historikaren Marius Diaconescu den ungarske reaksjonen som eit eineståande diplomatisk åtak, samstundes som han kallar dei tre ungarske partia bak autonomikravet ekstremistar, og han også legg skuld på den ungarske regjeringa for at oppropet i det heile kom i stand. Diaconescu skriv rett nok at statsministeren si språkføring ikkje høyrer heime på eit slikt nivå, men skuldar samstundes regjeringa i Budapest for å utnytta det heile for å svartmala Romania internasjonalt, og dessutan for å framstilla rumenske ungararar som offer for rumensk nasjonalisme.

Når ungarsktalande szeklarar demonstrerer for meir sjølvstyre, minner det om liknande og langvarige konfliktar i Catalonia og Baskarland i Spania, i Skottland, på Korsika i Frankrike, Flandern og Vallonia i Belgia og i Padania i Nord-Italia. Ikkje akkurat det EU ønskjer seg nett no. Foto: Attila Kovacs, AP/NTB Scanpix

Også ungarsk nasjonalisme

Dette er – sjølvsagt – ikkje berre ei historie om rumensk nasjonalisme. Det er også ei historie om ungarsk nasjonalisme. I bakgrunnen finn ein framleis eit spøkelse frå etterdønningane etter fyrste verdskrigen. I Romania skal ein seinare i år feira jubileum for sameininga mellom Transylvania og Romania. I Ungarn minnest ein korleis Ungarn vart stykka opp i bitar, og korleis store delar av det gamle ungarske kongedømet vart del av Romania. For ungararane var dette eit nasjonalt traume som prega heile mellomkrigstida, og det er eit nederlag det finst dei som stadig drøymer om revansj for. Det vert også markert gjennom ein nasjonal minnedag.

I bakgrunnen finst også notidas politikk: Ungarn si langt på veg høgrepopulistiske regjering – som i blant framstår nærare høgreradikal – ynskjer større autonomi for ungararane i Romania. Mange av dei har dessutan fått dobbelt statsborgarskap, og utgjer ei viktig veljargruppe for den ungarske statsministeren Viktor Orbán. Kort fortalt: Det er trøbbel i Szeklerland.

EU kan neppe gjera så mykje med det, iallfall ikkje på kort sikt. Men likevel: Det kan vera verdt å dvela ved korleis konfliktar som den i Szeklerland ville sjå ut utan EU. Gjer ein det, kan ein koma til å verta ein europeisk pessimist. Dersom unionen vert svekt, er det uro i vente. Verre uro, truleg, enn storkjefta statsleiarar på kvelds-tv.

Publisert:

Les også

  1. De som også vil ha sitt eget land

  2. Hva er egentlig et land?

  3. Guardian: Norsk press skaper problemer for britene under brexit-forhandlingene

Mest lest akkurat nå

  1. Ingebrigtsen gjør narr av Warholm-utspill

  2. Tøft i restaurantbransjen: – Viktig å bevare optimismen

  3. Leteaksjon etter mann (40) i Sirdal

  4. Sigrid Sollund blir kjempeengstelig hver gang sjefen ber om et møte. Det er hun ikke alene om

  5. City Bistro legger ned etter 33 år: - Det er trist, men vi ser ingen annen utvei

  6. Den kommende Røde Kors-presidenten har alltid en plan. Da sønnen fikk skallen splintret på Utøya, hadde hun 27

  1. EU
  2. Romania
  3. Radikalisering
  4. Gjestekommentar
  5. Øyvind Strømmen