Kjem det meir, må Giske gå

KOMMENTAR: Når kjende maktpersonar blir innhenta av alvorlege saker, handlar det før eller seinare bare om ein ting: Når må dei gå?

Trond Giske er tillitsvald. Den tilliten heng nå i ein tynn tråd. Foto: Skjermdump frå NRK Dagsrevyen 21

  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Torsdag kveld sat Ap’s nestleiar Trond Giske i stolen hos NRK og forklarte seg. Som godt vaksen 50-åring, med over 30 års fartstid i politikken, erkjente han at han har oppført seg upassande og ubehageleg.

Les også

Giske legger seg flat og beklager oppførselen

Mange meiner at det var Ap-leiar Jonas Gahr Støre som burde ha snakka. Det har dei heilt rett i.

For Ap-leiinga har motteke fleire varslar om Trond Giske og det Gahr Støre omtalar som «trakassering av seksuell karakter». Gahr Støre har gitt nestleiaren sin ei kraftig åtvaring, han har kalla forholda kritikkverdige og situasjonen alvorleg. Han burde sjølv stilt i studio. Han gjorde det først då han blei pressa til det, og nærmast ropt på av blant andre DNs kommentator Kjetil B. Alstadheim.

Ting har endra seg

Men det finst faktisk også ting Gahr Støre nå gjer og seier som er riktig, og som vitnar om at ting har endra seg, også i Ap.

Fredag morgon svarar Gahr Støre på spørsmål frå pressa, og gjentar gong på gong at han trur på varslarane, at han tar dette på største alvor, at Giske også har rett til å bli høyrt, men at hans konklusjon som partileiar var å gi nestleiaren sin ei åtvaring og det han kallar kraftig kritikk.

Han understrekar også at ingen må vera redde for å varsla, han oppfordrar folk til å varsla, også nå, og i dei nærmaste dagane. Finst det meir, vil Gahr Støre vita om det, og varslarane skal bli tatt på største alvor. Han gjentar også at ein varslar alltid er i ein sårbar situasjon, og vil bli trudd. Han avviser blankt at varslarane kan ha hatt andre motiv. Varsla gjeld, slår Støre fast.

Og han gjer det klart at Giske ikkje har mykje å gå på.

Les også

Støre: – Trond Giske har ikke mye å gå på

#metoo

Dei fleste spørsmåla frå journalistane går stadig på om Giske må gå, om han må gå snart, om ein månad, om det kjem nye varsel, om andre i partiet har uttrykt mistillit.

Men noko har endra seg, ikkje bare i Ap, men i Ap også.

Gahr Støre nemner maktposisjon og alder som meir avgjerande faktorar nå enn før.

Han beskyttar dei som har varsla ved ikkje å gå inn på enkeltsaker eller koma med detaljar. Sjølv om det er irriterande for oss i media, er det likevel rett av han. Og han understrekar heile tida at varsla gjeld. Han trur på dei.

Etter Weinstein-skandalen i oktober, med påfølgjande #metoo-kampanje, er det ikkje muleg å avvisa, bortforklara eller oversjå varsel om seksuell trakassering, der den med mest makt utnyttar nettopp det til å tråkka over andres grenser.

Men at Gahr Støre ikkje har bedt Trond Giske om å gå, treng ikkje difor vera feil. Det er ikkje slik at alle saker og varslar om seksuell trakassering umiddelbart må føra til at vedkomande blir oppsagt. Det er ikkje alltid rett reaksjon.

Les også

Full oppvask i Ap etter Giske-varsler

Tillit, tillit, tillit

Om Trond Giske kan fortsetja som nestleiar, heng nå på tre ting:

Det må ikkje koma fleire varsel. Han kan ikkje leggja seg flatare enn han gjorde torsdag kveld. Kjem det meir, må han gå.

Det andre er forholda internt i partiet. Klarer unge kvinner i Ap ha tillit til at dei verkeleg har nødvendig likeverd, og trygt kan varsla om slike forhold, viss Trond Giske fortset som nestleiar? Og er mange nok i partiet overbevist om at det ikkje heftar nokon som helst tvil om partiets haldning til slikt, viss Giske fortset?

Det tredje er om Trond Giske framleis har tillit hos Ap’s veljarar. Dei er alt hardt prøvde. Sjølv om Jonas Gahr Støre skulle ha landa på rett reaksjon i forhold til alvoret i saka, er ikkje det noko som enkelt kan omsetjast i veljarane sin tillit.

Trond Giske kan bli nøydd til å erkjenna det også.

Les også

  1. Tidligere AUF-kvinne med alvorlige anklager mot Giske 

  2. AUF: Vet at seksuell trakassering forekommer 

  3. Uenighet i Ap om Trond Giske bør gå

Publisert:
  1. Trond Giske
  2. Seksuell trakassering
  3. Jonas Gahr Støre

Mest lest akkurat nå

  1. Elbil brenner i Stavanger

  2. Dropper solcellene etter kommunens siste vedtak: – Panelene ligger i kjelleren og er til salgs

  3. Aftenbladet avslører: Viking har brutt idrettens regelverk i Berntsen-saken

  4. «Hæ, har dere flyttet dit?» spør folk. Nå har hjemmet deres vunnet arkitekturpris.

  5. Trumps koronarådgiver trekker seg

  6. 322 nye koronasmittede siste døgn