Går det an å driva kulturlivet nå?

KOMMENTAR: Regjeringa tar dobbelkommunikasjonen til eit høgare nivå når dei ber folk gjennomføra arrangement – og samtidig ber publikum halda seg heime. Kulturlivet står i ein umogleg situasjon.

Er det innanfor eller utanfor å arrangera – og gå på – kulturarrangement nå? Her frå den siste konserten på Folken, med Geir Zahl. Foto: Pål Christensen

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:

I løpet av kort tid blei koronasituasjonen i vår – på sitt fortvilte vis – avklart for kulturlivet: Landet blei stengt ned. Kulturarrangement forbodne.

Til gjengjeld innførte regjeringa etter kvart ei kompensasjonsordning som skulle dekka opp for ein del av tapet for avlyste arrangement – som i alle fall ein del kunne søkja på. I tillegg innførte dei ei eiga kompensasjonsordning for frilansarar og næringsdrivande som plutseleg stod der utan oppdrag, inntekt eller rett til dagpengar. Dei som ikkje har fast jobb i ein kulturinstitusjon, er stort sett frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande.

Forvirrande

Åtte månader seinare er situasjonen både forvirrande og uavklart – sjølv etter dei siste avklaringane: Regjeringa, ikkje minst kulturminister Abid Raja (V), har gitt tydeleg beskjed om at dei ønskjer å vri dei statlege støtteordningane i ei retning som stimulerer til aktivitet. Kulturlivet skal stimulerast til å gjennomføra arrangement, ikkje til å avlysa. Det er denne ordninga som gir 510.000 offentlege kroner til kvar av Kurt Nilsens julekonsertar i år. Altså 1.020.000 kroner for måndag 7. desember, når Nilsen og hans apparat kjem til Kuppelhallen i Stavanger og har to konsertar på éin dag.

Les også

Er det eit offentleg ansvar å gi Kurt Nilsen millionlønn til jul?

Men fleirtalet av dei som prøver å tena til livets opphald i kulturlivet, får ikkje millionstøtte frå staten, heller ikkje i koronatida. Og sjølv om Raja og regjeringa tysdag utvida kompensasjonsordninga til å omfatta arrangement som blir avlyste som ein konsekvens av alle offentlege pålegg – som i nedstengde Oslo og Bergen – sit kulturlivet i resten av landet og klør seg i hovudet.

Les også

Raja vil gi kompensasjon for alle arrangementer som må avlyses etter offentlige restriksjoner

Lov å ha arrangement

For i Stavanger og Rogaland er det framleis lov å gjennomføra kulturarrangement. Det er berre ikkje heilt klart kor mange ein kan arrangera for, fordi det kjem an på korleis sitjeplassane er plasserte og monterte. Er seta fastmonterte, som på teateret, kan ein ha 200 publikummarar med ein stol mellom kvar. Er stolane ikkje fastmonterte, kan ein ha 50. Men kva gjeld på Folken og Tou Scene, der stolane har ein fast plass, der det er strenge smitteverntiltak – men stolane altså ikkje er skrudde fast i golvet?

Ja, og så går det forresten ikkje an å ha meir enn 50 i kyrkjene, sjølv om kyrkjebenkene har stått fast sidan reformasjonen.

Les også

Full forvirring for kulturscener

Legg så til at det knapt er påvist smitte på profesjonelle kulturarrangement – under 1 prosent av alle registrerte smittetilfelle – og du kan kanskje skjønna fortvilinga og hovudristinga blant dei som prøver å leva av å samla folk til kulturopplevingar.

Les også

Føler seg tryggere på konsert enn i butikken

Mogleg å ha arrangement?

Men sjølv om ein kan og – ifølgje Raja – bør gjennomføra profesjonelle kulturarrangement framover, spørst det likevel om det er mogleg. For samtidig er beskjeden frå høgaste hald, frå statsminister, helseminister og helsedirektør, at folk bør halda seg heime dei komande vekene. Det er rett nok ikkje eit pålegg, men eit råd.

Tek folk denne beskjeden på det alvoret helsetoppane krev, betyr det at det ikkje vil bli nok publikum til å få kulturlivet til å gå rundt økonomisk framover. Det blir nesten umogleg å selja billettar. Og nesten litt moralsk merkeleg å marknadsføra publikumsarrangement. Skal ein liksom reklamera for å få folk til å gjera det motsette av det Erna seier, nemleg å halda oss heime?

Samtidig har jo ikkje styresmaktene direkte eller eksplisitt forbode kulturarrangement i Stavanger eller Rogaland. Så kven skal då ta tapet når få eller ingen møter opp? Skal dei som tok sjansen på å kjøpa billett få pengane igjen? Skal arrangøren få pengar? Skal artisten få honorar for ein konsert som gjekk i minus eller ikkje blei gjennomført? Kor skal desse pengane koma frå? Betaler staten også for konsekvensane av sine eigne råd, eller gjeld berre kompensasjonen for konsekvensar av offentlege påbod?

Og kva med kommunane som innfører eigne reglar? Stavanger har presisert sitt (manglande) økonomiske ansvar i ein eigen paragraf: «Stavanger kommune påtar seg ikke økonomisk ansvar som følge av pålagte tiltak.»

Kutt i kompensasjon

Samtidig kuttar regjeringa i kompensasjonsordninga for frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande. Frå april til og med oktober kunne ein få 80 prosent av inntil 6G (ca. 599.000 kroner) om ein var så heldig å ha tent såpass i 2019. Frå og med november er kompensasjonen redusert med 25 prosent, til 60 prosent. Frå nyttår av blir det null.

Berre for å leggja litt ekstra stein til byrda: Førjulstida er den viktigaste inntektsperioden for store delar av norsk kulturliv. Nå blir den nesten umogleg å gjennomføra og få til å gå i pluss. I tillegg gjer usikkerheita over smitteutviklinga det så godt som uråd å planleggja arrangement utover vinteren og våren. Ifølgje ein fersk rapport frå Menon Economics og BI:CCI på oppdrag frå Kulturrådet reknar kulturlivet med å omsetja for 45 prosent mindre i 2021, om smitteverntiltaka held fram. Det utgjer eit tap på 17 milliardar kroner.

Løysinga? Vel, direktøren i Kulturrådet, Kristin Danielsen, har nok med seg mange av dei 40.000 som jobbar i kultursektoren, som har tapt mykje pengar dei siste månadane, i sin beskjed: Skal Norge ha eit mangfaldig og levande kulturliv også etter pandemien, må regjeringas støtteordningar halda fram så lenge restriksjonane varer.

  • Kommentarskribent Jan Zahl er gift med ein kulturarbeidar. Geir Zahl, som tilfeldigvis stod på Folken-programmet fredag, er bror hans.
Publisert:

Kommentator Jan Zahl

  1. «Kulturlivet står i ein umogleg situasjon»

  2. Er det eit offentleg ansvar å gi Kurt Nilsen millionlønn til jul?

  3. Skalet av alle ting kan ein få for pengar. Men ikkje kjernen

  4. Me er nesten i ferd med å bli blinde og døve for kor ko-ko – og alvorleg – dette faktisk er

  5. – Kor mange er nok? 500? 5000? Heile Moria?

  6. Rajas (nesten) umulige hovudpine

  1. Kommentator Jan Zahl
  2. Kulturpolitikk
  3. Tou Scene
  4. Kulturrådet
  5. Abid Raja