Vågar du seia ja til ein journalist på ein dårleg hårdag?

KOMMENTAR: «Ring til ei kvinne!» seiest det så fint til oss journalistar. Hadde det berre vore så enkelt.

Folk som har noko med det, som sit i styre og stell er viktige kjelder for journalistar. Då skulle ein tru at talet på kvinnelege kjelder i avisene held tritt med utviklinga av kvinner som blir valde inn under kommunevala. Men slik er det ikkje. Foto: Gorm Kallestad, NTB

  • Heidi Hjorteland Wigestrand
    Heidi Hjorteland Wigestrand
    Frilansjournalist
Publisert: Publisert:

For ei tid sidan testa NRK kor mange kvinner og menn dei måtte spørja for å få til ein Fem på gata med begge kjønn. Fasiten viste at journalisten berre trong spør fem menn for å få med fem menn. Derimot måtte dei spørje heile 15 kvinner for å få fem kvinner som ville svare på spørsmål.

Skal ein få opp talet på kvinnelege kjelder, må ein telja og tenkja, nett slik ein må telja kaloriar om ein skal slanka seg. Vekta har ein tendens til å auka om ein sluttar å telja. Gjer ein noko på autopilot, har det ein tendens til å ikkje styrka likestillinga.

Fleire kvinner i lokalavisa

Eg har telt kvinnelege og mannlege kjelder i krediterte artiklar i lokalavisa Suldalsposten og regionavisa Stavanger Aftenblad 21. april, 28. april, 5. mai og 12. mai i år. Suldalsposten hadde 63 kvinner og 97 menn som kjelder i sine aviser desse datoane. 39,3 prosent kvinner, altså. Aftenbladet hadde 85 kvinner og 200 menn. Det utgjer 29,8 prosent kvinnelege kjelder.

Me journalistar ringer så pass mange menn når me skal ha tak i ei kjelde, at Global Media Monitoring Project 2020 (GMMP), enda på stusslege 28 prosent kvinnelege kjelder i norske aviser i fjor. Det samsvarer godt med talet frå Aftenbladet.

Det tala ikkje viser er kor mange kvinner som kanskje blei ringde til først, men som takka nei til å snakka med ein journalist. Eller var desse kvinnene ikkje så mange, fordi den gamle ekspertkjelde-lista i redaksjonen blei laga for ni år sidan?

Men så kan journalistar heller ikkje trylla fram alle desse kvinnene me gjerne vil ha fram. Om det ikkje finst andre kvinnelege sjefar eller tilsette å intervjue, ville blitt lettare parodisk å bruke vaskedama som einaste kjelde for kva den nye kontrakten betyr for hjørnesteinsbedrifta. Men kva med å spørje vaskedama i tillegg?

Talet på kvinnelege kjelder er summen av journalistane sine arbeidsvanar og samfunnet dei rapporterer frå. Det at Suldalsposten har nesten ti prosentpoeng fleire kvinner som kjelder enn Aftenbladet, kan også henge saman med at avisa berre har kvinner i redaksjonen.

Kvinner spør fleire kvinner

Ei undersøking frå 2015 av riksavisene og regionavisene viser at kvinnelege journalistar i gjennomsnitt brukte kvinnelege kjelder i 50 prosent av artiklane, medan mannlege journalistar i snitt brukte kvinnelege kjelder i 30 prosent i sine.

Journalistane i Suldalsposten har også draghjelp av at Suldal kommune har kvinner mange sentrale stillingar, som ordførar, helsesjef, kommunaldirektør og oppvekstsjef. Ein annan grunn kan vere er at ei lokalavis driv superlokal journalistikk om det nære, ein arena kor mange kvinner råder grunnen. Ei større avis som Aftenbladet skriv meir om bransjar der kvinnene er færre.

Men det er faktisk rart at delen på kvinnelege kjelder i norske aviser ikkje speglar kvinneprosenten i kommunevala, som i 2019 bikka 40 prosent, etter å ha stige jamt dei siste tiåra. På ein dårleg dag har norske aviser ikkje stort fleire kvinnelege kjelder enn dei 23 prosentane av kvinner som blei valde inn i norske kommunestyre i kommunevalet i 1979.

Prognosis eller Twitters Likestillingbot har heile tida ferske tal for kor mange gonger kvinnelege og mannlege namn og pronomen dukkar opp i norske nettaviser. Då dette blei skrive tysdag 29. juni 2021, var 76 prosent av namna og pronomena dei siste 24 timane mannlege, noko som betyr at menn blir nemnde 3,2 gonger for kvar kvinne.

Det burde vera eit overkommeleg mål for ein kvar avisredaktør å ikkje ha færre prosent kvinner i avisa enn delen kvinnelege folkevalde i Norge.

Men kvinnene har også eit stort ansvar om dei ønsker å bli meir synlege i avisene. Medan menn visstnok vegrar seg for å bli oppringte om sjuke barn i barnehagen, har dei derimot ingen uvilje mot å stille opp for journalistar som tek kontakt. Mange journalistar må nok, som den barnehagetilsette i Oslo som ikkje har tid til å tenkja likestilling når barnet spyr, konstatera at me heller ikkje har tid til å leita blant uvillige kvinner når tida er knapp og deadline pressar på. Det krev ofte meir tid å få ei kvinne i tale. Kven har ikkje blitt møtt med munnhellet: Dette har eg ikkje greie på, eller du må ringe sjefen min. Og sjefen er svært ofte ein mann.

Må dobbelthaka visa?

I det siste har det dukka opp ein ny barriere for kvinner og ein ny tidstjuv for mediefolk. Fotografar kan melde om ei aukande bildeuro, som kan føra til at fotografen må vente ein halv time, slik at det kvinnelege intervjuobjektet får tid til å stelle hår og ansikt.

Denne uroa gjer det meir tidkrevjande å bruka kvinner som kjelder. Kanskje ringer kvinna også til fotografen i etterkant fordi ho ønsker å sjå (og godkjenna) bilda. På sosiale medium kan dei redigera eiga framtoning, då kjennest det skummelt å overgi ansiktet sitt til ein avisfotograf som korkje fjernar dobbelthaker eller gir håret ekstra glans og volum på ein dårleg hårdag. Når fotografen svarar nei, kjennest det nok veldig skummelt for desse kvinnene, og faren er stor for at dei takkar nei ein annan gong ein journalist tek kontakt.

Når det hastar, er det mindre freistande for oss journalistar å prøva ei kvinne først. Men dei dagane det ikkje hastar, går det an å leggja seg litt i selen og leita etter kvinnelege kjelder. For dei finst i hopetal der ute. Og har du flaks, treff du dei på ein god hårdag.

Les også

  1. Ein barnehage i Gjesdal begynte å ringe far først når eit barn blei sjukt. Då skjedde noko uventa

  2. Debatten om bok­omslaget til Hadia Tajik starta med eit lesar­brev i Aften­bladet. Det viser kva spreng­kraft det kan ha å skriva og meina noko

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Fanget meteoren på film i Sandnes

  2. Ansatt ved Rovik boas har testet positivt

  3. Møter gamle lagkamerater: – Vil vise at Viking tok feil

  4. Jente til sykehus etter sjøulykke i Mandal

  5. OL-STUDIO: Her jubler stjernen for gull. Like etter innser hun tabben

  6. Norsk pangåpning i OL - brøt vond trend