Var dette så lurt, Sp?

KOMMENTAR: Javel. Det gjekk ikkje å koma utanom statsministerkravet frå sine eigne. Kva betyr det, for Trygve Slagsvold Vedum, for Senterpartiet, og for kven som vinn valet?

Senterpartiets landsmøte gjorde i helga Trygve Slagsvold Vedum til statsministerkandidat. Foto: Torstein Bøe

  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:

Det kan jo vera at det ikkje betyr noko som helst. Det kan vera at det er så små bølgjer i norsk politikk, og så fredeleg i Senterpartiet at alle vi som står rundt overdriv kor mykje det betyr om Senterpartiet har sin eigen statsministerkandidat eller ikkje.

Alt ok?

Til nå har det vore Aps Jonas Gahr Støre som har vore den soleklare og utropte kandidaten på den rødgrøne sida. Vedum i Senterpartiet har lenge sagt at han vil snakka om politikk, ikkje posisjonar. Partiet hans ville det annleis, og i helga blei han gjort til statsministerkandidat av sine eigne.

Det er ikkje sikkert han sjølv hadde noko i mot det. Det kan godt vera han også såg at jo meir han nekta å snakka om den posisjonen, jo mindre ville han få sjansen til å snakka om noko anna. At det måtte avklarast, for at ikkje alle spørsmål fram mot valet skulle handla om det.

Så kan ein seia at det kanskje ikkje er vanskelegare enn at ok, nå har Ap ein kandidat, og Sp ein kandidat. Så får veljarane i stor grad bestemma, og så må det forhandlast om etterpå. Viss dei saman blir store nok til å danna regjering, vel og merka.

For høge på seg sjølv?

Kanskje kan synet av Vedum, i staden for Gahr Støre, trekkja fleire veljarar frå Høgre og Frp. Kanskje kan det gjera Senterpartiet større, dra politikken i ei Ap- og Sp-styrt regjering lenger inn mot sentrum, og bort frå SV og alt som ventar der ute til venstre for Ap.

Men det kan også vera at Senterpartiet har blitt litt for høge på seg sjølv. At eit parti som tradisjonelt er steingode på å svinga seg fram til makt, bommar på stemninga utanfor sine eigne. At det splittar regjeringsalternativet dei er ein del av.

Til nå har Slagsvold Vedum vore best når han får angripa nedanfrå og utanfrå. Når han er den som står folk langt utanfor alle regjeringsbygg og departement nærmast. I språk og sak. Når han er sjølve grasrota.

I den rolla treng han ikkje forklara og forsvara dei store og kompliserte tinga, der alt heng saman med alt. Han pleier vri seg unna å svara på det han ikkje vil, eller det han kanskje ikkje har gode nok svar på.

I debatten om rusreforma, for eksempel, framstod Sp som gammalmodige, og Slagsvold Vedum utan vilje til å forholda seg til ny kunnskap, til å lytta, til å virka samlande. Det finst folk som syns den sida ved Senterpartiet og Vedum er lite tillitvekkande. Også når det kjem til klimapolitikk og nye arbeidsplassar. For dei blir den sida endå tydelegare når mannen står der som statsministerkandidat.

Men likevel. Det kan vera at folks opprør mot sentralmakt og store system er endå sterkare. Det kan vera styrken i det vil gi han og partiet endå meir vind i ryggen, når han også er statsministerkandidat. Det er ikkje sikkert det er Senterpartiet som har blitt for høge på seg sjølv. Kanskje er det heller vi som står utanfor.

Publisert:

Stortingsvalget 2021

  1. Ny meningsmåling: Trøst og håp i feilmarginene

  2. Lunsj med Lars: - Det sterke innvandringskortet til Frp har nesten blitt nullet ut

  3. SV mest fram i ny måling: - Kødder du?

  4. - Plutselig får du døra i fleisen og ut kommer en rasende sint mann som ikke vil snakke med deg

  5. Norge Mining har boret 72 hull på jakt etter milliard­verdier i Dalane. Et av dem er under hytta til lederen i Nærings­foreningen

  6. «Høyre har fullstendig gitt opp å prøve å føre en ansvarlig økonomisk politikk»

  1. Stortingsvalget 2021
  2. Trygve Slagsvold Vedum
  3. Senterpartiets landsmøte
  4. Klimapolitikk
  5. Jonas Gahr Støre