Mannen som ville vera konge

KOMMENTAR: Donald Trumps forsøk på å stela valet han tapte bør minna oss alle på at det beste argumentet for demokrati er alternativet.

USAs første president, George Washington, trekte seg etter åtte år. Etterfølgjaren John Adams fekk éin periode, men respekterte valnederlaget og gjekk fredeleg av i 1801. Sidan har alle amerikanske presidentar respektert folkets vilje i 220 år. Fram til Donald Trump. Foto: Patrick Semansky, AP/NTB

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:

«Demokrati er den verste styreforma som finst. Bortsett frå alle andre styreformer.»

Det var visstnok ikkje Winston Churchill kom opp med sitatet først, men han brukte det ofte.

Sitatet er så godt fordi det med få ord samanfattar så mykje. Fordi det både er enkelt, men samtidig rommar ein stor kompleksitet. Fordi det tilsynelatande set opp eit paradoks, men samtidig er så presist.

Eit forsvar for demokratiet

Eg hadde aldri trudd at eg i 2021 skulle måtta skriva eit forsvar for demokratiet som styresett. Eller at det skulle skje med utgangspunkt i USA, som lenge var verdas fremste og viktigaste demokrati.

Eg er forundra, forvirra og bekymra på same måte som den prislønte historikaren og journalisten Anne Applebaum, som denne veka kjem med boka «Demokratiets svanesang» på norsk. Applebaum tek utgangspunkt i ein nyttårsfest ho og hennar polske ektemann hadde 31. desember 1999. Altså ti år etter Berlinmurens fall, etter ti års optimisme på vegner av det liberale, vestlege demokratiet.

På festen var ei rekke oppegåande menneske, politikarar, journalistar, diplomatar. Dei fleste kunne politisk grovt sett plasserast på den liberale høgresida. Dei drakk og skålte, gjekk arm i arm inn i det nye hundreåret, fulle (sic!) av optimisme.

Polarisering i Polen

20 år seinare konstaterer Applebaum at rundt halvparten av festdeltakarane i dag ville nekta å snakka med den andre halvparten. «Det kjølige forholdet skyldes politikk, ikke noe personlig», skriv Applebaum.

For sidan den gong har Polen blitt eit av Europas mest polariserte samfunn. Og saman med eit anna EU-medlem, Ungarn, har landet fjerna seg stadig lenger frå verdiane i det liberale demokratiet, og fått tydelegare illiberale og autoritære trekk. Blant anna gjennom å bryta ned fri presse, peika ut dommarar politisk, byta ut kompetente embetsfolk med politiske lojalistar. Dei har erstatta kompetanse og integritet med krav om total lojalitet som viktigaste kriterium for å få viktige jobbar i embetsverk og institusjonar.

Omtrent som Trump har drive på i USA dei siste fire åra, altså. Trump, ja, som har uttrykt større beundring for autoritære statsleiarar som Vladimir Putin og Tyrkias Recep Tayyip Erdogan enn for demokratiske allierte som Angela Merkel eller Emmanuel Macron.

Løyser to problem

Det er fullt mogleg å kritisera demokratiet for ikkje å vera perfekt. Men det løyser minst to grunnleggjande problem som opp gjennom historia har prega alle andre system:

  • Kor kjem makta og autoriteten frå?
  • Korleis sikra maktas arverekkefølgje?

Historisk sett er demokratiet ein ganske ny idé. Før 1776 og den amerikanske grunnlova var det ikkje sjølvsagt at alle menneske er fødde like. Og før den franske revolusjonen i 1789 var det knapt nokon som hadde tenkt at folket skulle styra seg sjølv. Historisk sett har makt og autoritet blitt knytte til Gud. Kongen var konge av Guds nåde, og stilte du spørsmål ved det, stilte du spørsmål ved heile den gudgitte samfunnsordenen. Men rasjonelt sett var dermed autoriteten knytt til noko magisk, til overtru.

Folkestyre

Demokratiet løyser dette problemet. Når folket bestemmer kven som skal bestemma, kjem makt, autoritet og legitimitet frå folket sjølv. Og i eit liberalt demokrati, med frie og rettferdige val, veit både folk og makthavarar at politikarane berre har makta til låns, at dei kan skiftast ut ved neste val.

Det andre grunnleggjande problemet eit velfungerande demokrati løyser, er arverekkefølgje. For korleis skal makta overførast, og når skal det skje? I tidlegare tider var maktoverføring framfor alt knytt til arv og blod: Sonen overtok makta når faren døydde. Men kva om det ikkje fanst ein son? Eller om det fanst fleire? Eller den sitjande kongen ikkje fungerte? Sjå «Game of Thrones»!

Arverekkefølgje er også ei utfordring for meir moderne diktatorar. Francisco Francos føretrekte arveprins, Luis Carreco Blanco, blei sprengt til himmels av ETA i 1973, – og dette førte til at Spania i 1977 i staden blei eit demokrati. I Russland driv Putin med stadige grunnlovsmessige krumspring for å kunna sitja lenger, som Erdogan gjer i Tyrkia. Mens Kim-slekta i Nord Korea køyrer klassisk middelaldersk regimeoverføring.

Eit velfungerande demokrati unngår desse problema. Demokratiets vakraste augeblink er når politikarar som har tapt eit val, overrekker nøkkelen til vinnaren – og gjer det smilande og gratulerande. Du bør få gledestårer i augo kvar gong du ser dette skje i eit norsk departement.

Stakkars USA

På same måte bør du gremma deg over det som har skjedd i USA dei siste månadane. Der den sitjande presidenten ikkje vil forplikta seg til eit fredeleg maktskifte, nektar å bøya seg for folkets vilje, prøver å juksa – og ubegripeleg nok får millionar av amerikanarar og deprimerande mange senatorar og kongressrepresentantar med seg i sine ville, udokumenterte konspirasjonsteoriar. Det lover ikkje godt for (det amerikanske) demokratiet.

Til gjengjeld har Trump mislukkast i forsøket sitt på å politisera eit anna av det liberale demokratiets adelsmerke, institusjonane. Heldigvis kjenner amerikanske valansvarlege og dommarar framleis større lojalitet til Grunnlova, fakta og demokratiske verdiar enn mannen som prøver å øydeleggja dei.

Les også

Harald Birkevold: «Kan krigen om sannheten vinnes?»

Les også

Gunnar Grendstad: «Visepresident Pence under lupen på sannhetens dag»

Publisert:

Kommentator Jan Zahl

  1. «Såg du årets Oscar-utdeling? Ikkje eg heller»

  2. Avverga tidenes kultur­poli­tiske skan­dale

  3. «Tidenes kulturpolitiske skandale»

  4. «Var Tix-gate ein vinn-vinn-vinn-situasjon?»

  5. Absurd kommuneregel

  6. Arbeidslivets store paradoks: Mange er utan arbeid, likevel manglar me arbeidskraft

  1. Kommentator Jan Zahl
  2. Demokrati
  3. Donald Trump
  4. Presidentvalget i USA