Bønn til Stortinget: Vedta rusreforma!

KOMMENTAR: Vi har altfor lenge halde på med det som ikkje verkar. Det har skada dei svakaste og dytta dei ennå lenger ut.

Skal du klara å samla mot nok til å be om hjelp, krev det at du trur du blir lytta til.
  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:

Endeleg er forslaget til rusreform lagt fram. Det er det viktigaste som har skjedd i norsk politikk på svært lenge. For reforma markerer ei haldningsendring, den skal, i handling og haldning, flytta rusavhengige frå å vera kriminelle som skal straffast, til å vera sjuke som skal hjelpast. Den skal løfta blikket vårt, opp til der vi møter deira. Og kanskje, om ei stund, kan det også føra til at dei sjølv løftar blikket opp frå skotuppane, møter vårt, og får hjelp til eit verdigare liv.

Les også

Regjeringen vil avkriminalisere besittelse og bruk av mindre mengder narkotika

Sånn er det. Mindre kan det ikkje seiast eller gjerast. Det er Venstre si hjartesak, dette, og Venstre sitt årelange arbeid som har ført fram til forslaget. Dei siste åra har Høgre vore med på laget. KrF vil, som regjeringspartnar, stemma for, sjølv om dei nok ikkje kjenner seg veldig heime i det. Og mens Senterpartiet går imot, og kjem med sitt eige, strengare forslag, rører det på seg i Arbeidarpartiet.

Beste praksis

Det er ikkje blind snillisme som har styrt dette arbeidet. Det er kunnskap. Forsking. Erfaringar frå andre land. Beste praksis, slik WHO ser det frå FN. Denne kunnskapen viser at å avkriminalisera narkotika til eige bruk, ikkje fører til meir rusbruk, men til mindre skadar. Straff verkar ikkje mot rusavhengigheit, det førebyggjer heller ikkje. Men det kan gjera eit mindre problem større, få det til å veksa utover alt som kan hentast inn og handterast.

Og når du kan straffast for det du treng hjelp for, bremsar det det deg sjølvsagt i å søkja hjelp. I tillegg gjer det forholdet mellom den som skal hjelpa og den som treng hjelp, endå skeivare, avstanden endå større, stemplinga som mindre verd, hardare. Skal du klara å samla mot nok til å be om hjelp, krev det at du trur du blir lytta til. At nokon vil høyra på kva som er galt i heile livet ditt. Mange har aldri hatt grunn til å tru det. For som i nesten alt anna i dette livet, er det forskjell på folk. Det er ingen myte at dei som endar opp som rusavhengige, oftast har hatt alvorlege problem før, med omsorgssvikt, overgrep eller vald.

Grensene

Kva som skal skje? Lovendringar. Det blir satt ei nedre grense for kor mykje narkotiske stoff du kan ha på deg, før det blir påtale. Er du under den grensa, og blir tatt av politiet, får du i staden oppmøteplikt hos kommunens oppfølgingsteneste. Som skal kunna hjelpa utan peikefinger, og vurdera kva hjelp som trengst. Det er forskjell på den som blir tatt for første gong, og ein tung narkoman. Opp til neste grense, skal politiet bruka skjønn.

Kor dei grensene skal gå, vil sjølvsagt bli diskutert. Når er det sannsynleg at dosen du har på deg, betyr at du sel narkotika til andre? For det er straffbart, som før. Formidling, innføring, dyrking? Straffbart. Og nei, det er heller ikkje lovleg å bruka stoff, det er ikkje fritt fram. Politiet kan ta stoffet frå deg, er du under 18, og kommunens folk naturleg nok blir bekymra, vil barnevern eller foreldre bli kobla på.

Poenget er at det ikkje gir meining å ta ein brukardose frå ein narkoman på veg til sprøyterommet, det skapar berre frykt og uro, det skyv dei lenger ut, for å bruka helseminister Bent Høies eigne ord.

Spørsmåla

Skjer i sjøen? Sjølvsagt. Får kommunane nok midlar til dette, og har alle kommunar tilgang til kompetansen som trengst? Vil dei som har tunge og samansette problem, ofte både psykiatri og rus, få hjelpa dei treng, eller vil dei igjen falla mellom alle stolar? Når politi og kommune skal bruka skjønn, risikerer ein ikkje då - som ved alt skjønn - at det kjem dei sterkaste til gode, og ikkje nødvendigvis dei som treng det mest?

Og vil ikkje mange unge ta dette som eit teikn på at det ikkje er så farleg, om dei eksperimenterer ein smule? Vil det bli lettare å få fleire til å selja, viss du berre har små nok dosar på deg? Burde ikkje dei som ennå ikkje er avhengige, bli straffa litt, for å avskrekka og avbryta? Rundt dette vil diskusjonen i Stortinget gå.

Vi er på overtid

Vi har ikkje fått ned narkotikabruken med gjeldande strafferegime. Ikkje talet på overdosar heller. Og erfaringar frå andre land, for eksempel Portugal, er at bruken ikkje går opp, når ein flyttar haldning og blikk frå straff til hjelp.

Vi har halde på med straff nærmast i det uendelege. Det har ikkje verka. Det er vanskeleg å finna kunnskap som seier at det vil koma til å verka. Vi må gi det på båten, rett og slett. Så får politiet bruka ressursane annleis, kommunane jobba for å få nok pengar og nok folk på rett plass, og alle som kjenner feltet bruka tida på å gjera reforma betre enn den er på papiret.

Men først må mange nok på Stortinget retta ryggen, løfta blikket, og stemma reforma gjennom. Det er langt på overtid.

Les også

  1. Det er gledelig at Norges høyeste påtale­myndighet også vil avkriminalisere bruk av narkotika

  2. – Rusreform: Ikke straff ungdommen vår!

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. – Det gjer vondt å falla mellom to stolar. Særleg for den som er sjuk

  2. – Det er ikkje sikkert at vi som strengt tatt har mykje frå før, treng å få endå meir. Men det blir fort slik, likevel

  3. – Å, NRK! De må tola å få eit blåmerke eller to!

  4. – I det skjøre, politiske fellesskapet som oppstod etter 22. juli burde det nå vera høgresida sin tur til å gå opp og dra. Frp kan begynna.

  5. – Det der snakket om psykisk helse først? Fislete greier, Høie.

  6. – Kva hjelper det å fortelja historia til Artin?

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. Rus
  3. Narkotikapolitikk
  4. Psykiatri
  5. Politiet