Kan ein leia Frp utan rå utestemme?

KOMMENTAR: Hittil har ingen Frp-leiar stolt på at partiet kan nå nye høgder utan ein dose rå ordbruk. Kan Ketil Solvik-Olsen endra det, ein dag?

Publisert: Publisert:

Siv Jensen talar til Frps landsmøte. Foto: Berit Roald

  • Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør

La Biltema på Forus få selja bilting, la grundarane få sleppa til med nye idear og løysingar, driv nå ein klimapolitikk som verkar, for Norge har ikkje sin eigen atmosfære, i alle fall ikkje det Siv Jensen veit. Kvifor skal vi då elektrifisera norsk sokkel, i staden for å bruka den gassen som alt finst der, når den same gassen er klimagod nok for Tyskland? La oss finna ut kor mange blant oss som hamna i helsekø og fekk livet sett på vent gjennom koronaen, kor mange eldre og utviklingshemma som fekk grunnleggjande rettar inndratt i koronaens namn, still spørsmål til kva norske bistandsmidlar går til, for løftar vi verkeleg fleire ut av fattigdom ved å støtta kunst i Afrika og folkemusikk i Egypt?

Få ned avgiftene på tobakk, brus og alkohol, for dei er grensehandelsutsatte varer, dei trugar norske arbeidsplassar. Slepp inn færre kvoteflyktningar, integrer dei vi som vi alt har her ved å få dei i jobb, så dei får eiga inntekt, kan kjøpa seg eigen bustad, og kan klara stå i mot forventningar om at unge jenter skal giftast, ikkje utdannast.

Siv Jensens tale til landsmøtet i Frp denne helga var oppskrifta på kva som skal prioriterast i budsjettforhandlingane med regjeringa. Meir til eldre, mindre til bistand, færre kvoteflyktningar, kutt i avgifter. Og ho gir svar på tiltale i alle retningar.

Svara kan tolkast omtrent sånn: Nei, heimvende Ketil Solvik-Olsen, vi i Frp skal ikkje snakka med innestemme om innvandring. Nei, FpU, å kutta heile formueskatten er ikkje ein kamp vi tar akkurat nå. Nei, vesle Oslo Frp, vi skal ikkje setja så bastante, talfesta krav til regjeringa at vi ikkje har slingringsmonn. Verken om kvoteflyktningar, bistand eller bompengar. Og nei, Carl I. Hagen, vi skal ikkje driva med assimilering av innvandrarar. Som Norge gjorde det fram til 1960-talet og den tid, der samiske barn blei tvangssende til internatskular, ikkje fekk bu med foreldra sine, og ikkje fekk snakka språket sitt. Berre slik kunne ein bli norsk nok. Det enda i skam, i klare overgrep mot enkeltmennesket. Det enkeltmennesket Frp seier dei er så opptekne av.

Og nei, Carl I Hagen og andre utestemmer, Siv Jensen er ikkje redd for å sparka rått i motstandarar, det går i vingle-Jonas, ulve-Audun og bompenge-Lan. Nei, Erna Solberg, Siv Jensen vil ikkje snakka om Granavolden-plattforma. Du veit, den de laga den gongen Frp var eitt av fire parti i regjeringa di. Du er heller ikkje Erna lenger for Siv, men statsministeren. Og statsministeren vil ho minna om at nå styrer ei mindretalsregjering. De må forhandla. Med Frp, og Frp tar utgangspunkt i partiprogrammet sitt. Mens Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum, han er Trygve. For han vil Siv i regjering med. Som heimvende Ketil Solvik-Olsen også vil.

Sjølv har Trygve så langt verka lite interessert. Han viser blant anna til at Siv Jensen som finansminister dreiv avgiftene opp, ikkje ned. Med 6,3 milliardar på sju år, i følgje tal Finansdepartementet har utarbeidd for TV2.

Nei, det er ikkje eit landsmøte der alt står på spel, dette. Siv Jensen har grep om partiet. Kjernesaker er det som skal forhandlast om, rå språkbruk skal bestå. Taktisk og skarp som forhandlar, utan å snubla i bastante krav. Og utan skruplar for rått språk, når det krevst for å halda grepet.

Men heimvende Ketil Solvik-Olsen slo etterpå fast at det berre er folk med dårleg batteri i høyreapparatet som trur at innestemme er det same som at ingenting blir sagt. Innhald og endring, ikkje ordbruk, sa Solvik-Olsen. «Vi blir ikkje lytta til, viss det er ordbruken andre hengjer seg opp i.» At innestemme lønnar seg, meiner han Frp si oppslutning i Rogaland og kva han sjølv fekk gjort på samferdsel er klare bevis på.

I Rogaland viser Aftenbladet si meiningsmåling at Frp omtrent har halde stand sidan sist Stortingsval. I Oslo er stemmene få, og færre og færre har dei blitt. Men når dei snakkar, desse stemmene, gir volumet inntrykk av at dei må representera riktig mange.

Om det ikkje står ein kamp der akkurat nå, er det ingen tvil om at ein heimvend Ketil Solvik-Olsen gjer spenningane i partiet tydelegare. Innestemmenes mann, viss det nå i det heile tatt er riktig å snakka om innestemmer når det gjeld Frp, men la gå, sidan dei sjølv meiner det. Altså, innestemmenes mann er tilbake. Etter eigen definisjon, ein som er meir oppteken av handling enn ordbruk. Og sidan han meiner ordbruken kan lamma handling, vil han ha den bort.

Han, altså Ketil Solvik-Olsen, blir heilt sikkert nestleiar i partiet på landsmøtet til våren, viss han sjølv vil. Men seinare?

Siv Jensens suksess som partileiar, er å halda utestemmene på plass når det gjeld praktisk politikk, og samtidig senda dei helsingar med jamne mellomrom ved sjølv å sveipa innom ein språkbruk dei kan kjenna seg igjen i. Som «snikislamisering», eller denne helgas kallenamn på politiske motstandarar. Også Siv Jensen torer, der andre partileiarar tier, er vel signalet.

For hittil har ingen partileiar i Frp stolt på at det går an å nå nye høgder utan ein dose råskap med utestemme, kosta kva det elles kosta vil. Kan Ketil Solvik-Olsen gjera det, viss Siv Jensen ein gong gir seg? Med innestemme? Det er ein interessant tanke.

Publisert:

Les også

  1. Solvik-Olsen vil ha Frp-statsminister og inviterer Sp med i regjering

  2. Utilslørt Vedum-frieri fra Frp-leder Siv Jensen

  3. Siv Jensen tar oppgjør med «sløseri» i klimapolitikken

  4. Jo, dette er brunt i kantane, Frp

Mest lest akkurat nå

  1. Ber kafégjester i Stavanger følge nøye med på symptomer

  2. Her sveiper bussen borti bygningen midt i Stavanger sentrum: – Vi blir jo litt redde

  3. Selskapet bak «Bølgen» og «Skjelvet» spiller inn hemmelig katastrofe­film på Jæren

  4. Nedslåtte blikk og stor skuffelse i skolegården på Tastaveden

  5. Endelig ute av isolasjon: Slik oppdaget Berisha at han kunne være koronasmittet

  6. Bekymret Solberg varsler nasjonale innstramminger

  1. Siv Jensen
  2. Carl I. Hagen
  3. Ketil Solvik-Olsen
  4. Fremskrittspartiet (Frp)