Frå offer til okkupant

GJESTEKOMMENTAR: Makthavarane i Russland har kapra og misbrukt folket si krigshistorie.

Den 88 år gamle infanterisoldaten Valentin Barmin i Seiersparken i Moskva i 2015, ved det enorme minnesmerket over dei myteomspunne 28 Panfilov-gardistene frå 2. verdskrig.
  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

27 millionar russarar og andre sovjetborgarar miste livet i det som me kallar 2. verdskrig, og russarane Den store fedrelandskrigen.

27.000.000 menneskeliv. Det er eit ufatteleg, uhyggeleg tal. For det russiske samfunnet er krigen framleis eit stort, felles traume. Så godt som alle russiske familiar har eitt eller fleire krigsoffer å minnast. Og det gjer dei. Kvart einaste år. Me andre, som slapp billegare frå krigen, kan ikkje anna enn å bøya hovudet i respekt.

Ingen land har behandla soldatane sine så dårleg som Russ­land. Men ingen land har heller reist større minnes­merke over sine triumfar.

Samstundes har eg alltid hatt eit tvisynt forhold til desse minnemarkeringane. Også enkelte russarar har det.

For vel 20 år sidan fekk eg vera til stades under ein rundebordsdiskusjon mellom nokre av dei fremste intellektuelle i St. Petersburg. Samtalen kom inn på dei tapre soldatane som gav livet for fedrelandet.

Ein av deltakarane, ein kjend forfattar, tok til motmæle: – Ver nå ærlege, me veit alle korleis det var. Bak soldatane gjekk det politiske offiserar og skaut dei som ikkje våga springa mot dei tyske kulene!

Berre i slaget ved Stalingrad vart 13.500 sovjetsoldatar drepne av sine eigne, skriv historikaren Antony Beevor. Og for dei som vart tekne til fange og var så heldige å overleva opphaldet i tyske leirar, venta ofte ein ny leir – eller i verste fall ei kule – etter heimkomsten til fedrelandet. For sovjetiske soldatar skulle ikkje la seg ta til fange, hadde Stalin bestemt.

Sovjetleiarane under krigen var ekstreme, men dei stod i ein tradisjon. Ingen land har behandla soldatane sine så dårleg som Russland. Men ingen land har heller reist større minnesmerke over sine triumfar. «Me byggjer pidestallar som er høgare enn sjølve sigrane», syng den russiske visekunstnaren Bulat Okudzjava.

Les også

Johannes Morken: «Livsfarleg russisk blanding av religion og atomvåpen»

Misbruk av krigsoffer

Den dyrekjøpte sigeren over Nazi-Tyskland er blitt kapra av politiske leiarar som har misbrukt han til å legitimera si makt og sitt verdsbilde: Russland er trua. Russland treng ein sterk stat. Eit sterkt parti. Ein sterk mann. Og dei som ikkje vil godta det, er fiendar av folket, «fluer som skal spyttast ut på gata», som Putin sa.

Slik vart det enorme krigsofferet ikkje ein frigjeringskamp, men eit effektivt middel til å halda det russiske folket ufritt. Og svært mange russarar aksepterer at ein autoritær, militarisert og sentralisert stat er nødvendig for å verja landet mot fiendar. Forteljinga som dei vart servert av kommunistleiarane, og nå av Putins imperie-nasjonalistiske styre, er internalisert, og det er eit mektig våpen i hendene på herskarane i Kreml.

Dermed blir heller ikkje krigshistoria kritisk gjennomlyst. Nokre få år frå 1990-talet og utover var det mogleg å diskutera også dei mørke sidene ved Den store fedrelandskrigen: Hitler–Stalin-pakta, utreinskinga av dei beste offiserane før krigen, deportasjonen av heile folkeslag som Stalin mistenkte for å vera tyskvennlege, massevaldtektene i det okkuperte Tyskland – og altså, behandlinga av eigne soldatar. Nå er dette igjen blitt tabu. I alt frå offisiell historie til ei endelaus rekkje krigsfilmar blir bildet av den russiske soldatens heroiske kamp mot fascistiske inntrengjarar teikna i svart og kvitt – og parallellane til dagens situasjon gjort overtydelege.

I fråværet av legitim kritisk beredskap kan Putin dermed framstilla Russlands angrep mot Ukraina som ein forsvarskamp mot «nazistar» i allianse med framande, fiendtlege makter. Eg veit ikkje om han trur på det sjølv. Men han grip til ei forteljing som i all sin forvrengde logikk har klangbotn i det russiske folket, som har blitt innprenta tilbake til verdskrigen og endå lenger, og som nå er den einaste lovlege bodskapen i skulane, på universiteta og i media.

Les også

Vidar Fagerheim Kalsås: «Putin, ’denazifisering’ og krigen om russisk historie»

Les også

Svein Tuastad: «Vendepunkt for heile Europa, tida for naiv utanrikspolitikk er omme»

Sovjetrussiske kavallerisoldatar og hestar på retrett ligg strødde etter tysk artilleriangrep på Østfronten i 1942.

Kva vil soldatane fortelja?

Så langt ser det ut til at Putin har kontroll. Men det er mange hol i informasjons­muren. Det finst millionar av blanda russisk-ukrainske familiar. Informasjonsteknologien finn vegar utanom Putins forbod. Og som alltid i Russland finst det menneske som vil ofra fridom og karriere for å snakka sant. Men sjølv om russarane får tilgang til fakta, kan eit fleirtal av dei faktisk ønskja å tru på hans versjon. Patriotismen er ei sterk kraft.

Ukraina er likevel annleis. Er den russiske krigsforteljinga sterk nok til å rettferdiggjera angrepet på eit broderfolk, bombing av sivile mål og rasering av byar som mange russarar kjenner godt? Kanskje sit det langt inne å erkjenna det moralske samanbrotet som Ukraina-krigen er. Vel så ille kan det vera at den lovpriste russiske hæren har vist seg svak i strid, og at det er ukrainarane som kjempar med høgast stridsmoral. Mange spør seg om kva som skjer når russarane får sønene sine heim i kister, – men kva historier vil dei som kjem tilbake i live, fortelja?

Ingen veit om Ukraina-krigen tyder slutten for Putin og hans regime. Og i seg sjølv treng ikkje det forandra noko. Først når Russland begynner å ta steg bort frå hundreårs offerdyrking, krigsheroisering og imperiementalitet, kan håpet frå 1990-talet gjenopplivast – at Russland finn sin plass som ein «normal» stat i verdssamfunnet. Her kan Vesten opptre klokare enn for 30 år sidan. Men den lange vegen er det til sjuande og sist russarane sjølve som må gå.

Publisert: