Det er makt i de foldede hender
KOMMENTAR: Å forkynna om Gud og Jesus for ukrainske flyktningar som så vidt har kome seg over grensa, er i beste fall steindumt.
- Solveig G. SandelsonDebattredaktør


«Vi har sett folk grine medan dei høyrer dei gode nyheitene om Jesus og håpet han tilbyr. Gud gjer om oske til skjønnheit, sorg til glede, og krig til vekking», skriv Awakening Europe på Facebook. Dei vil frelsa Europa. Dei spør seg om åndeleg vekking kan skje i ein krig. Og har team på grensa mellom Ukraina og Polen.
Der er dei saman med Schule der Erwckung og Christ for all Nations. Ifølgje sistnemnde utgjer dei ei gruppe på 80 personar. Dei går om bord på tog stappfulle av flyktningar, dei står langs køane av flyktningar ved grensa, dei gir dei drikke og suppe, men framfor alt, kan vi lesa på Christ for all Nations si heimeside, gir dei håp til dei som er utan håp. Dei gir dei nemleg Guds ord. Og når dei så spør, ut i togvogna, kven som vil omvenda seg, fylles visst lufta av løfta hender. Ikkje mindre enn hundrevis blant flyktningane på overfylte tog og i lange grensekøar finn Jesus kvar dag, ifølgje Christ of all Nations. Og ja, dei treng meir pengar, for dei må oversetja foldarane sine til ukrainsk og russisk.
Leiaren deira, Daniel Kolanda, har lagt ut ein video på Facebook der to svært begeistra, nokså unge menn står i ein stor hall med lange rader av feltsenger som tar imot ukrainske kvinner og barn. Dei to mennene synest aller mest begeistra over at ei kvinne som fødde babyen sin for ti dagar sidan, nå har via livet sitt til Jesus. Hjarte opnar seg på vidt gap i møte med evangeliet, fortel dei. Og sidan dei er på ein stad med flyktningar, folk som har mykje å stå i og mykje å bera på, er det så veldig, veldig viktig at Christ for all Nations bringer dei Jesus.
Det er til å få vondt i magen av.
Hjelper dette?
I Ukraina reknar nesten 80 prosent av folket seg som ortodokse kristne, mens rundt 10 prosent er katolikkar, kan Vårt Land fortelja. Dei har laga sak på dette. Ni av ti har altså eit forhold til kristen tru. Så godt som alle. Viss nitti prosent av folk i landet ditt tilhøyrer ei kyrkje, er det jo nokså sannsynleg at også dei som ikkje gjer det, er ganske godt kjende med kristendommen.
Det er slett ikkje sikkert dei treng hjelp til å møta Jesus, og det er slett ikkje sikkert dei vil ha hjelp til å møta Jesus. Dei veit meir enn nok til å gå og finna han, viss dei vil. Sjølv utan at det er krig, er det ganske arrogant å oppsøkja menneske du ikkje kjenner eller veit noko som helst om, fordi du meiner å vita betre enn dei kva slags liv dei bør leva. Og ekstra tydeleg blir arrogansen og egoismen når du eigentleg burde forstå at desse menneska sannsynlegvis veit like mykje om dette som deg. Men det kan jo sjølvsagt vera at dei ikkje har funne Jesus på rette måten. Dei ser kanskje ikkje begeistra nok ut.
Over alle støvleskaft
Når desse folka akkurat har måtta flykta frå landet sitt, frå byar og stader meir eller mindre brutalt trefte av bomber og krig, med heimar som kanskje ikkje er meir, med menn og fedrar som er igjen for å kriga, drepa eller døy, når dei akkurat har kome seg over grensa til eit naboland, så syns du rette tingen å gjera er å fortelja dei om Jesus? Om at dei vil få eit betre liv, dersom dei blir frelste? Som du i tillegg meiner å kunna vita at dei ikkje er?
Det er langt over alle støvleskaft respektlaust.
Kristne organisasjonar har lange tradisjonar for humanitært hjelpearbeid. Det kan vera å leva livet ditt slik du meiner du bør. At du skal hjelpa. At du skal trø til for dei svakaste. At du skal praktisera det du trur på. Og at du skal trø varsamt.
Det er fint, det.
Men dette. Å utnytta ein krig. Å oppsøkja menneske som må vera opprivne innvendig, sårbare, midt i eit kaos av traumer og store tap, å sjekka om det kanskje kan bli ei religiøs vekking her, om desse av gode grunnar skjelvande hjarta kan opna seg for Jesus, midt oppi alt. Det er å prøva og utnytta eit anna menneskes djupaste livskrise. Det er grovt. Uansett livssyn.
Kor grovt det er blir ikkje grovare, berre endå tydelegare, når ingenting tyder på at desse folka treng di hjelp for å bli kjent med Jesus og ta stilling til om det er noko dei vil ha i livet sitt eller ikkje.
La folk i fred. Gi dei mat og kvile og trøyst. La dei som vil få ein sjanse til sjølv å oppsøkja åndeleg trøyst og fellesskap.
Meir enn det
Sjølvsagt kan flyktningar trengja meir enn mat og kvile. Folk i generasjonar før oss har falda hendene og vendt seg til høgare makter når livet blir for sterkt, for hardt, for overveldande. Og uansett kva livssyn ein måtte ha sjølv, kan ein snu seg til ein salmetekst eller eit bibelvers og sjå at livet har vore hardt og nådelaust med menneska før oss også. Dei har også vore redde, dei har også kjent seg små og makteslause. Mange av dei har snudd seg mot ei makt dei håpar og trur er høgare og sterkare. At det kan liggja trøyst og styrke i det, er ikkje vanskeleg å forstå.
Men det er eit heilt hav av forskjell på å gi menneske i djupe kriser hjelp, rom og respekt, og å pressa på dei forkynning. Det er ikkje sikkert dei treng å bli frelste. Og nei, du har ingen rett til å prøva på det likevel, fordi du meiner du og dine veit betre. Det, vil eg meina, spring ut av eit behov du har sjølv.
Og å oppsøkja krigsramma for å tilfredsstilla eigne behov? Det er langt meir enn steindumt. Det er djupt uetisk.
Les også
Kommentator Solveig G. Sandelson
- KOMMENTAR
Alternativet? At vi mister dei gode folka
- KOMMENTAR
«Sjukehuset trudde dei ville gå bitte litt i pluss i februar. Kor kom den tanken frå?»
- KOMMENTAR
På SV sitt landsmøte diskuterer dei alt. Dei kan snakka eit demokrati i senk
- KOMMENTAR
- Du risikerer å døy ung, viss du får dårlege karakterar på ungdomsskulen. Hæ?
- KOMMENTAR
All næring dette barnet har trengt, kan det ha fått frå mor. Ikkje far
- KOMMENTAR
Rema 1000 frys samarbeidet med Sophie Elise. Det gjer ikkje NRK. For NRK er jo ikkje akkurat Rema. Eller?