Kor lang skal statens arm få vera?
KOMMENTAR: Jo, det er grunn til å vera glad. Og så er det grunn til å tenkja. Diskutera. Forska. Stilla spørsmål.
- Solveig G. SandelsonDebattredaktør


V kan slutta å telja og måla. Slutta å telja kor mange dagar minsten må vera heime, kor mange dagar resten må testa seg, kor mange ein kan invitera heim, kor lang ein meter er, kor mange seter kinoen og konserthuset må sperra av, kor mange bord restauranten kan ha. Klem viss du vil, dans viss du vil, stå tett i tett på Folken viss du vil, syng kva du vil, med kven du vil. Feir bryllaupet ditt, fyll kyrkjene, drøym deg vekk i kassakøen, for du treng ikkje stå og passa på viruset lenger.
Det finst ingen tiltak lenger som du er pålagt å halda. Du kan tenkja sjølv, bruka fornuft, du veit sjølv om du er i ei risikogruppe for å bli alvorleg sjuk, om dine nærmaste er det. Du kan sjølv kjenna om du held på å bli sjuk og bør bli heime, så du ikkje smittar ein gjeng andre på jobb. Og ungane kan igjen få springa heilt fritt, også på skulen. Leika med kven dei vil.
Det vi må passa på
Men det er ikkje meir enn ei god veke sidan statsministeren meinte tiltaka mot enkeltmenneska ikkje var særleg inngripande. Sjølv om vi var pålagde å vera i isolasjon ved positiv test, heilt utan symptom. Det er ikkje mange veker sidan FHI meinte pålagt heimekontor ikkje var særleg inngripande. Det er ikkje mange dagane sidan lege Daniel Sørli bad regjeringa slutta å hersa med folks liv, og det er heller ikkje lenge sidan FHI-sjef Camilla Stoltenberg sa at ein veit altfor lite om kva tiltak som har verka og ikkje.
Og mens pressekonferansen laurdag 12. februar enno går, mens ein tafatt journalist får seg til å spørja statsministeren korleis vi skal oppføra oss på byen nå, og statsmininsteren må svara at det må du bestemma sjølv, så blir det overtydeleg at vi har ein stor og alvorleg jobb å gjera:
Kor lang skal statens lange arm få lov til å bli? Kor langt inn i privatliva og vanleg folkehelse skal staten få gripa tak, og halda fast? Og kor hardt skal vi halda i statens skjørtekant?
Når er trusselen for alles liv og helse så stor at det er nødvendig?
Langs vegen
Det er nesten to år sidan nå, to år sidan regjeringa Solberg innførte dei strengaste tiltaka på norsk jord i fredstid. For å beskytta folk mot ein fare ein ikkje visste kor stor ville bli.
Så endra målestokken seg. Frå at vi alle skulle beskytta dei svake og gamle mot alvorleg sjukdom og død, til at manglande intensivkapasitet på sjukehusa blei lagt på oss andre å gjera opp for. Så skulle vi halda oss frå kvarandre av omsyn til kapasiteten i helsevesenet, og så, i dei siste vekene, for at sjukefråveret rundt forbi ikkje måtte bli for høgt.
Vi må gå ein del steg tilbake, og sjå kva vi slengde frå oss langs vegen. Det ligg ein del folkehelse og vanleg, godt liv der. Det ligg viktige ting, som under pandemien blei vekta og funne for lette. Som psykisk helse. Som barn og unge. Som dei store fellesskapa alle kan oppsøkja og nokon treng heilt inderleg, utan sjølv å ha svære familiar, flust med nære venner eller sterke, sosiale eigenskapar. Og det er slett ikkje sikkert alt dette blei funne for lett fordi trusselen på den andre sida heile tida var for stor. Dei kan også ha blitt funne for lette fordi vi hadde vent oss til at alt slikt var underordna koronafaren.
At folk treng folk, at vi treng vår daglege dont, at vi, og kanskje særleg dei yngste blant oss, treng alle stolpar som gir kvardagen meining, retning og støtte. Som å koma seg ut til dei andre, på skule og i jobb, i kantiner, på biblioteket, i symjehallen, kyrkja eller den brunaste puben.
Ikkje alle har hatt ein turvenn. Ikkje alle har blitt bedt om å vera ein for nokon.
Plukk det opp
Det der. Alt det der må vi få til å bety noko, bera si eiga, fulle vekt, heilt på skikkeleg. Ikkje berre til ein ny trussel kan puttast inn i modellar og slita folk frå kvarandre og ut av kvardagen igjen.
Nei, eg seier ikkje at det ikkje kan bli nødvendig å gjera. At eg ikkje kjem til å tru på politikarar eller fagfolk igjen, ikkje kjem til å slutta opp om store tiltak igjen. Men viktige ting i livet, og dermed i folkehelsa, har blitt liggjande og slengja langs den lange koronavegen.
Vi må plukka dei opp. Vi må setja dei inn igjen i det store bildet av kva som er viktig. For eitt menneske. Og for den store samanhengen.
Kommentator Solveig G. Sandelson
- KOMMENTAR
«Sjukehuset trudde dei ville gå bitte litt i pluss i februar. Kor kom den tanken frå?»
- KOMMENTAR
På SV sitt landsmøte diskuterer dei alt. Dei kan snakka eit demokrati i senk
- KOMMENTAR
- Du risikerer å døy ung, viss du får dårlege karakterar på ungdomsskulen. Hæ?
- KOMMENTAR
All næring dette barnet har trengt, kan det ha fått frå mor. Ikkje far
- KOMMENTAR
Rema 1000 frys samarbeidet med Sophie Elise. Det gjer ikkje NRK. For NRK er jo ikkje akkurat Rema. Eller?
- KOMMENTAR
Jo, vi må snakka om det