Snart ny VM-match for Magnus Carlsen, blir kongerekka broten?

GJESTEKOMMENTAR: Denne hausten skjer det igjen. Eg kjenner sitringa allereie, den spreier seg i kroppen; det er snart VM-match i sjakk.

Publisert: Publisert:

«Så einsamt det må vere å vere eit geni. Å forstå meir enn alle andre. […] Ei kjensle av ikkje å vere del av det heile, av einsemd, fordi du forstår litt meir enn alle andre», skriv Bård Vegar Solhjell om dei beste sjakkspelarane og den beste av dei, Magnus Carlsen. Foto: Carina Johansen, NTB Scanpix

  • Bård Vegar Solhjell
    Sjakkentusiast
iconDenne artikkelen er over ett år gammel
  • Denne gjestekommentaren vart publisert før sjakk-VM starta.

Den 7. november brakar det laus i London. Magnus Carlsen, vår usannsynlege verdsmeister i sjakk, skal forsvare sin VM-tittel mot Fabiano Caruana, amerikanar med italienske anar.

Det blir Magnus sin tredje VM-kamp, og eg spår at det blir den tøffaste. I 2013 og 2014 møtte han Indias store son, Viswanathan «Vishy» Anand. Ein uhyre sterk sjakkspelar, men over sine beste år i 2013. I 2016 kvalifiserte russiske Sergej Karjakin seg litt overraskande til VM-finalen, ein spelar som strengt aldri har vore heilt der oppe på Magnus sitt nivå.

Tøffare denne gongen

Fabiano Caruano og Magnus Carlsen har møtt kvarandre fem gonger i år − med fire gonger remis og ein siger til Carlsen som resultat. Foto: Carina Johansen, NTB Scanpix

Caruana, dermot, er på høgde med Carlsen, i alle fall nesten. Han ligg no ikkje langt bak verdsmeisteren i rating, sjakkens offisielle poengsystem. Han er yngre enn Magnus og på veg oppover i prestasjonar. Magnus har vore favoritt tre gonger på rad, denne gongen held eg det for å vere heilt opent. Men det kan også bety at vi skal få sjå enno betre sjakk enn i dei førre matchane. Det blir ein fest.

For sjølv om stavangerfolk er bortskjemde med toppturneringa Norway Chess, og sjølv om både sjakk-OL (lagturnering) og lynsjakk er gøy, så er det VM-matchane som er det store. Kvar idrett har sitt eige hierarki av meisterskap og turneringar. I tennis er det Grand Slam, i golf er det Majors. I mange mindre idrettar står OL-gull over alt anna. I sjakk – som i fotball – er det VM som gjeld.

Boka til Grønn og Lahlum er for både spesielt interesserte og andre.

For den som ikkje kan vente – eg er ein av dei – så finst det lindring. Boka «Sjakkgeniene» av Atle Grønn og Hans Olav Lahlum er i butikkane. Den er ei reise i «kongerekka» i sjakken, alle sjakkgenia som har blitt verdsmeistrar, og sentrerer nettopp rundt at den som er verdsmeister i sjakk, på sett og vis er smartare, og meir genial, enn alle andre.

Det vert fortalt ei historie om Garry Kasparov og hans eldre rival Anatolij Karpov, begge tidlegare verdsmeistrar. Dei to hata kvarandre og var så ulike som to menneske kan vere. Tru meg, eg har møtt begge: Den eine karismatisk, vill og eigenrådig. Den andre ein stille mann som innordna seg. Etter eit viktig sjakkparti vart dei likevel sittande å snakke saman, analysere partiet og utveksle idear – som om dei var vel forlikte. Etterpå spurde ein tilskodar Kasparov kvifor han snakka så vennleg med Karpov. «Han er den einaste som forstår», skal Kasparov ha svara.

Så einsamt det må vere å vere eit geni. Å forstå meir enn alle andre. Det same har eg skimta hos Magnus Carlsen. Ei kjensle av ikkje å vere del av det heile, av einsemd, fordi du forstår litt meir enn alle andre. Ser litt lengre, trenger litt djupare ned. Det er verdt å tenke på når du benkar deg foran tv-en i november, at det er to geniale personar du skal sjå.

På sitt beste klarer Atle Grønn og Hans Olav Lahlum å formidle dette på ein framifrå måte. Eg ser for meg den eminente cubanaren Capablanca, verdensmester frå 1921 til -27. Intuitivt genial, men så god at han syntest sjakk i tradisjonell form vart for enkelt. Bohemen Tal, uberekneleg ved brettet – og borte frå brettet – med tilnamnet «trollmannen». Den djupt tragiske historia om Bobby Fischer, amerikanaren som braut den sovjetiske dominansen då han vann VM-tittelen i 1972, er fortalt med sympati, men ikkje nostalgi.

Kva har desse personane til felles? Jo, sin genialitet. Den løftar dei fram, ut av den grå massen og heilt fram til å bli del av sjakken si «kongerekke». Men for mange sin del har den ei mørk bakside som også skal prege livet deira.

Boka har få diagram, og ingen lange gjennomgangar av parti. Fotnotar er flytta vekk, og språket er lett og instruktivt. Slik sett passar den for deg som ikkje er sjakkspelar eller -kjennar, men berre nysgjerrig. Heldigvis er ho lang og tjukk, og full av detaljert informasjon om sjakkens mange snodige sider, så vi spesielt interessert også kan få vårt.

Ikkje til å tru

I sjakken si historie er det så langt berre 16 verdsmeistrar. At ein av dei er frå Lommedalen i Noreg, er eit eventyr. Det er ingen ting ved norsk sjakkhistorie som tilseier at vi skulle får verdsmeisteren. Han er ganske enkelt eit unikt talent som fekk utvikle seg og vakse fram til å bli aller best i ein stor internasjonal sport.

No skal Magnus Carlsen igjen spele om VM-tittelen. Vi bør nyte det så lenge han har han og spelar på det aller høgaste nivået. Så lenge han er konge.

Twitter: @bardvegar

  • Dei siste gjestekommentarane i Aftenbladet finn du her
  • Bård Vegar Solhjells gjestekommentarar og artiklar om han finn du her

(Bård Vegar Solhjell er til dagleg generalsekretær i WWF Verdens Naturfond, men skriv her for eiga rekning. Red.mrk.)

Les også

Harald Birkevold: «Er den norske entusiasmen for sjakk klar for et liv etter Magnus Carlsen? Jeg er i sterk tvil.»

Les også

Stavanger-kvinne er Nordens beste i sjakk

Les også

Stavanger-mann kan ha avslørt sjakkjuks


  • Noe helt annet, men også viktig:

Publisert:

Les også

  1. «Jeg ønsket å forstå den europeiske nasjonalismen bedre, så derfor tok jeg en prat med Bono i U2»


Mest lest akkurat nå

  1. Gunnar Eiterjord slutter som sjef for Rogfast

  2. Folk på byen har allerede endret drikkevaner

  3. Leteaksjon etter mann (63)

  4. Her blir det nytt kjøpesenter og sykehus

  5. Nattklubbene i Stavanger og Sandnes får åpne klokken 20

  6. To nye smittetilfeller i Sandnes fredag

  1. Sjakk
  2. Magnus Carlsen
  3. Hans Olav Lahlum
  4. Gjestekommentar
  5. Bård Vegar Solhjell