Pass på mor og barn! Det nyfødde livet er skjørt.

KOMMENTAR: Finst det eigentleg kulturar der ein overlèt eit par med eit nyfødd barn til seg sjølv?

Publisert: Publisert:

Å ta seg av eit nyfødd barn skal ein få hjelp til. Av nokon som kan. Foto: Heiko Junge, NTB Scanpix

  • Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Folkens, dette har vi snakka om før: Når livet er på sitt sterkaste, treng vi andres erfaring, omsorg og kunnskap. Det kan vera livsviktig. Og det kan ikkje overførast via Facebook, Insta, eller Snap, det kan ikkje klemmast inn på Twitter, forklarast på sms eller googlast.

Like lite som det enkelt kan plasserast hos kommunen.

Nå er det sånn at ein igjen vil hiva mor og nyfødd barn ut av sjukehusa så fort som muleg, kanskje ein 6–8 timar etter fødsel. Så skal ei jordmor frå kommunen heller koma innom dei heime, ein gong i løpet av 48 timar. I praksis skal vi altså overlata mor og far og barn til seg sjølve.

Ved sjukehuset i Stavanger har ein dei siste åra latt nyfødde få bli i tre døgn.

Les også

Kvinner skal raskere hjem etter fødsel i Stavanger, snart slutt på barselhotell

For skjørt

Hos ei vanleg kvinne i barsel er alle kanalar opne. Tårekanalar, mjølkekanalar, fødselskanalar. Ei mor som nettopp har blitt det, eller nettopp har blitt det igjen, er overvelda av kjensler og ansvar og naturkrefter og mangel på søvn.

Ho bruker omtrent sju timar i døgnet på å amma. Ho veit ikkje om babyen skrik fordi han får for lite mat, for lite søvn, har vondt eller bare er fødd hissig.

Ho veit ikkje av seg sjølv om det gjer vondt å amma fordi ho ikkje har lagt nurket godt nok til, eller om det er fordi nurket ikkje klarer suga, eller fordi mor ikkje har nok mjølk.

Vi kan ikkje rekna med at ho ser forskjellen på om barnet søv så mykje fordi det er mett og fornøgd, fordi det treng å ta seg inn etter fødselen, fordi det er medtatt av gulsotten ho veit det har, eller fordi det ikkje klarer ta til seg næring nok og står i fare for å bli dehydrert og underernært. Mor kan vera for medtatt til å ta inn alle små signal frå han som er så heilt ny i livet. Små menneskebabyar er skjøre. Barselkvinner er også skjøre.

Difor har dei heller aldri blitt overlate til seg sjølve.

Les også

Fagfolk frykter økt spedbarnsdødelighet

Les også

Statssekretær: Forsvarer tidlig hjemreise for fødende

Hjelp

Eg hugsar hjelpande hender på barselhotellet på sjukehuset i Stavanger. Erfarne blikk tok inn bildet av meg og han, mor og barn, ei fast hand justerte bitte litt på det eine eller det andre, ein trygg pleiar viste korleis du kunne liggja på sida og amma, dersom du ikkje kjenner for å sitja, etter at naturen på overveldande vis har sprengt ut kroppen din med minst ti centimeter, flytta på ledd og vev og knoklar og bana veg for ein fantastisk og heilt hjelpelaus baby.

Og når mor står midt i rommet og klokka er fem på natta, og far også står der, midt i rommet klokka fem på natta, og begge er bustete og fortvila og slitne og lys vakne, for babyen vil ikkje sova, ikkje tale om at babyen vil sova, − så kan ei av dei som har sett dette før, som har gjort dette før, visa at små babyar ikkje likar å liggja heilt aleine i ei for dei svær seng utan å kjenna seg omslutta av noko, dei likar ikkje å få kalde hender eller frysa på øyra, dei må tullast inn, men dei må ha nok luft rundt seg.

Og når mor har lytta og lytta, og lytta etter kvar minste pust frå nurket også når nurket nå faktisk søv, så kan desse andre, dei som kan, passa nurket til neste gong det treng mor, så mor får sova.

Det er på sjukehusa vi har samla alt dette nå. Det er på barselavdelingar og barselhotell at barselkvinner får den hjelpa og støtta dei umuleg kan finna hos seg sjølve, hos far, på insta eller google.

I andre og langt meir risikable tider kom mor eller svigermor, ei syster, ei svigerinne, ein kyndig nabo, eller alle saman på skift. For å passa på at alt gjekk som det skulle med barnet, for å gi mor kvile og sjansen til å henta seg inn.

Om igjen

Det er dette vi har snakka om før − når livet blir på sitt sterkaste, treng vi andres erfaringar å lena oss på. Dei som har gått der før. Dei som kan. Dei som er mindre prega enn vi er sjølv. Dei som kan sjå at ting er som dei skal, midt i alt det overveldande. Som har kunnskap nok til å sjå når babyen treng noko meir. Som deler så mykje av eiga erfaring og kunnskap at mor blir trygg på at babyen har det bra og får det han treng, før ho og far overtar aleine.

Les også

Med ryggen mot veggen

Kor mykje er det ok at mor blør, kor fritt er det vanleg at tårene fløymer, kor lenge er det vanleg at babyen strevar med å få i seg næring?

For eit skjørt lite menneskeliv kan det vera livsviktig at nokon følgjer med på det. Også i vår tid.

At ei jordmor kjem innom ein gong i løpet av dei første 48 timane etter fødselen, er slett ikkje godt nok. Tvert imot, det kan vera alt frå utrygt til risikabelt.

Sjukehuset i Stavanger prøvde for nokre år sidan å senda mor og barn heim tidlegare. Dei slutta med det - det førte til ammeproblem og at mange heimreiste mødrer og barn kom slitne og utrygge tilbake igjen til poliklinikken.

Finst ikkje alternativ

Det handlar om at mor må bli trygg på at ho klarer gi barnet det barnet treng. Det handlar om at andre ser at mor klarer det. At mor og barn saman klarer det, så dei begge blir trygge og mette og sterke.

Å ta seg av eit nyfødd barn skal ein få hjelp til. Av nokon som kan. Av nokon som har overskot. Av nokon som har gjort det før.

For slekt skal følgja slekters gang, og når ikkje slektene følgjer kvarandre sin gang i same hus og same spor lenger, så må vi gjera det på ein annan måte. Til nå har vi gjort det med å samla kunnskapen, erfaringa, dei varme hendene og kloke orda på sjukehusa sine barselavdelingar. Dette er faktisk ikkje noko vi kan ta vekk.

For det finst ikkje noko truverdig alternativ.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Mann i 60-årene kjørte gjennom bomringen med tildekkede skilt

  2. Toppene i Stavanger-politikken kan selv tallfeste hvor mye de vil ha i kompensasjon

  3. Over 600 sykepleiere er døde av covid-19

  4. Opptøyene kan hjelpe ham å vinne valget

  5. Frigir navnet på 16-åringen som omkom i ulykke hjemme

  6. Politiet bruker sjelden våpen

  1. Fødsel
  2. Helsepolitikk
  3. Stavanger Universitetssjukehus (SUS)