At samfunnsøkonomane kallast festbremsar, betyr ikkje at dei alltid tek feil

GJESTEKOMMENTAR: Det er nemleg ikkje alltid slik at det som er best for næringslivet og andre særinteresser samstundes er det beste for fellesskapen.

Publisert: Publisert:
  • Klaus Mohn
    Professor, Handelshøgskolen ved UiS og NHH

Kva tener samfunnet og folket best? Samfunnsøkonomane har ofte svara, og dei kan vere andre enn dei næringslivet og særinteresser vil ha. Då er det synd at det er så få samfunnsøkonomar i Stavanger-området. Foto: NTB Scanpix

Denne artikkelen er over to år gammel

Tida rett rundt årsskiftet er fredfull ved universitet og høgskular her til lands. Stilt før stormen, så å seie, før studentane melder seg med full tyngd andre veka i januar. Difor legg ein gjerne konferansar og fagmøte til den aller første veka i året.

I år var det NHH i Bergen som var vert for det 40. årlege Forskarmøtet for økonomar. Her treff ein økonomar frå universitet og høgskular landet over. Så presenterer ein forskingsarbeid for kvarandre, gjev ros og ris, diskuterer utviklinga i faget og sonderer arbeidsmarknaden for akademiske økonomar, om ein har ei ledig stilling – eller om ein sjølv er på utkikk etter ny jobb.

Mange vil kanskje tru at det går i rekneskap, økonomistyring og budsjett. Men slik er det ikkje. For dette er ein konferanse for samfunnsøkonomi. Så kva er forskjellen?

Verktøykassa gjer det muleg å eske ut kjerna i komplekse problemstillingar.

Fordeling av knappe ressursar

Av ei lang rekke forklaringar på kva samfunnsøkonomi eigentleg er, har kanskje den britiske økonomen Lionel Robbins (1898–1984) kome med den eg likar best: Økonomi er ein vitskap som studerer menneskeleg åtferd i forholdet mellom mål og knappe middel som kan nyttast i ulike utkome. Soleis er samfunnsøkonomar opptekne av fordeling av ressursar, menneskenatur og samfunnsstruktur.

Samfunnsøkonomar byr på stringens og samanheng. Verktøykassa gjer det muleg å eske ut kjerna i komplekse problemstillingar, og etterlèt potensial for talfesting både av resultat og implikasjonar. Her ligg truleg ei forklaring på korfor faget brer seg til stadig nye område.

Akkurat dette er godt reflektert i USA, der eit samarbeid mellom den Amerikanske organisasjonen for samfunnsøkonomi (AEA) og 58 organisasjonar for meir spesialiserte økonomirelaterte disiplinar (ASSA) nett mobiliserte nærmare 15.000 deltakarar til det årlege forskarmøtet. Mellom ei lang rekke arrangement finn me her sesjonar dedikerte til tema som rolla for kjønn i økonomifaget, maskinlæring og populisme-økonomi, for å nemne litt av variasjonen.

Litt av den same variasjonen kom til syne under økonomifestivalen KåKånomics, som gjekk av stabelen i Stavanger for eit par månadar sidan. Her gikk folk mann av huse for å delta i debattar knytt til samfunnsøkonomiske tema. Suksessen kan tyde på at breiare innfallsvinklar til tema og problemstillingar av økonomisk karakter er mangelvare på våre kantar.

I Stavanger-regionen har samfunnsøkonomifaget spesielt svake tradisjonar.

Betre stelt andre stader

Slik er det ikkje utan vidare andre stadar i landet, og spesielt ikkje i dei største byane. Med Norges Handelshøyskole og Universitetet i Oslo i spissen har Noreg fostra ei rekke framståande samfunnsøkonomar opp gjennom historia. Blant nobelprisvinnarar kan ein nemne Trygve Haavelmo (UiO) og Finn Kydland (NHH), og i politikken har både Kåre Willoch og Jens Stoltenberg embetseksamen i samfunnsøkonomi.

I Oslo står faget spesielt sterkt, med store arbeidsplassar i det såkalla «jerntriangelet» for samfunnsøkonomi: Finansdepartementet, Statistisk sentralbyrå og Norges Bank. Universitetet i Oslo har utdanna samfunnsøkonomar gjennom fleire mannsaldrar, og over tid har dei fått gode jobbar både i private føretak, i offentlege verksemder, i regjeringsapparatet og i dei store interesseorganisasjonane.

Her vestpå står det verre til, og i Stavanger-regionen har samfunnsøkonomifaget spesielt svake tradisjonar. Eit utdanningstilbod i samfunnsøkonomi kom først på plass for om lag 10 år sidan. Arbeidsmarknaden for samfunnsøkonomar er avgrensa, og difor står heller ikkje studentane i kø for ei slik utdanning. Det er synd, fordi både økonomien og samfunnet fortener betre.

Ved Handelshøgskolen ved UiS tek me opp om lag 125 studentar på masternivå kvart år. Ei av spesialiseringane er økonomisk analyse, som for praktiske føremål er å rekne for samfunnsøkonomi. Men då me forsøkte å setje halen på grisen, og endra navnet til samfunnsøkonomi, så raste talet på søkjarar. Difor tok me rev i seglet etter kort tid, og gikk tilbake til økonomisk analyse. Då retta ting seg raskt.

Ein skal vere på vakt når næringsinteresser involverer seg i byutviklinga.

Kremmarar først

På våre kantar er det kremmar-økonomi som kjem først, i næringslivet, hjå politikarane og mellom folk flest. Føretak og organisasjonar visar heller ingen iver i rekrutteringa av samfunnsøkonomar i Stavanger-regionen. Med få unntak er kompetansen på fagfeltet dermed svakare representert enn i andre byar i landet.

For utforming av politikk og ressursbruk i offentleg sektor er det viktig med eit vidt og ope perspektiv i vurderingsgrunnlaget – som omfattar økonomiske verknadar av investeringar og næringsverksemd for samfunnet i vidare forstand, på godt og vondt. Det er nemleg ikkje alltid slik at det som er best for næringslivet og andre særinteresser samstundes er det beste for fellesskapen.

Difor burde ein passe seg for å seg for å basere lokaliseringa av sjukehus på sjukehuset sine eigeninteresser. Difor skal ein vere på vakt når næringsinteresser involverer seg i byutviklinga. Og difor bør ein ikkje ta for gitt at selskap som er eigd av stat eller kommune, alltid vil handle i tråd med fellesskapen sine beste interesser.

Slike spørsmål er samfunnsøkonomar godt eigna til å studere. Spørsmålet er om nokon er interessert.

Twitter: @Mohnitor

  • Dei siste gjestekommentarane i Aftenbladet finn du her
  • Klaus Mohns gjestekommentarar og artiklar om han finn du her
Publisert: