No er det på tide at UiS skjerpar seg

KOMMENTAR: Universitetet i Stavanger er langt unna minstekravet om 25 prosent nynorsk, for n’te år på rad.

Publisert: Publisert:

UiS er godt under halvparten av kravet til nynorskbruk i kommunikasjonen deira. Foto: Jarle Aasland

All skriftleg kommunikasjon gjennom statlege organ, slik som statlege høgskular og universitet, er omfatta av mållova. Denne seier at minst 25 prosent av tekst skal vere på nynorsk.

Det er særdeles sjeldan at universiteta når målet, og i 2018, som året før, var det ingen som kom over 25 prosent. Språkrådet har publisert statistikk basert på eigenrapporterte tal frå nettsidene til ei handfull av institusjonane.

Universitetet i Bergen er den einaste som kjem i nærleiken, med ein nynorskprosent på 23,1. Av dei som har rapportert, ligg Kunsthøgskulen i Oslo på andreplass med 17,8 prosent, og Universitetet i Stavanger på tredje med 11,8 prosent. Sannsynlegvis ville Høgskulen i Volda og Høgskulen i Sogn og Fjordane vore på topp viss dei hadde rapportert inn tal. Dei har nemleg fått kritikk om å bruke for mykje nynorsk.

Tredjeplassen er ikkje akkurat av det gjeve slaget for UiS, som ligg godt under halvparten av det lovpålagde kravet. Dette har skjedd fleire år på rad. I fjor etterspurde Språkrådet ein tiltaksplan frå UiS, utan at det kom noko svar.

Les også

Fest for språknerdar

Språkrådet bør styrkast

Det er nesten flaut at ein vestlandsskule ikkje kan rydde opp i eit såpass enkelt problem, spesielt når UiS ligg bak ein Oslo-skule. Ein kan meine mykje om bokmål, nynorsk, sidemål og slikt, men no er dette målet faktisk festa i lov. At dei bommar på det same målet år for år, er skikkeleg dårleg. Det er ikkje nemneverdig overraskande at austlandsuniversiteta ikkje skriv nynorsk, men her i regionen er det naturleg med langt betre tal. UiS bør ideelt sett sikte monaleg høgare enn 25 prosent.

Det er trist at dette ikkje får konsekvensar for institusjonane. Me snakkar trass alt om eit lovbrot her. Hadde det berre vore ei oppmoding eller nokre retningslinjer frå Språkrådet ville det vore greitt nok, men dette er faktisk vedtatt av Stortinget. Språkrådet treng verktøy til å leggje press på skulane, eller insentiv-metodar for å få dei til å følgje lova.

Me studentar kan godt bli flinkare til å fremme nynorsk opp mot administrasjonen, men dette er først og fremst noko UiS må ta sentralt. Det skal strengt tatt ikkje så mykje til. Ei nynorsksatsing på sosiale medium er eit solid utgangspunkt, og berre det å omsetje nokre fagskildringar og studieplanar vil kjapt auke prosenten opp mot 20. Hiv inn ei og anna pressemelding på nynorsk, så er me ikkje langt unna målet.

Les også

Vokalen som forsvant

Les også

Fagskulane – kvalitet i utdanninga utan språklege rettar?

Regionalt ansvar

I slutten av juni blei Professor Klaus Mohn den første tilsette rektoren ved UiS, som sjølv er ein ihuga nynorskbrukar. Forholda ligg altså til rette for eit skifte. Me må stå saman for å få med Mohn på laget, og slik skape endring både nedanfrå og frå toppen.

Nynorsk er blant våre fremste kulturskattar, og akademia har eit spesielt ansvar for å ta vare på kulturarven vår. Om det så berre er snakk om nokre praktiske opplysningar til studentar, så har det ein signaleffekt. I ei tid der me møter meir og meir engelsk i kvardagen, er det viktig at samfunnsinstitusjonane våre kan fungere som ei motvekt.

Leiinga bør, så fort som mogleg, få på plass ein ny og ambisiøs strategi for å auke nynorskprosenten – og det godt over 25 prosent. Det er tvilsamt at det trengst store ressursar for å få til dette. Både for studentane, dei tilsette og regionen sin del, bør UiS ha nynorsk som ei fanesak. Det er rett og slett på tide at universitetet skjerpar seg.

Les også

Flere krefter vil utvide studenthus på campus

Publisert: