Jippi-forsking, UiS?

KOMMENTAR: Viss skolebarn blir meir og meir stressa av skolesystemet vårt, er det då barna vi skal endra?

Publisert: Publisert:
Solveig G. Sandelson
Debattredaktør

Professorane Edvin Bru, Mari Rege og Sigrun Ertesvåg ved UiS har fått 20 millionar til eit forskingsprosjekt som skal læra 13-åringar stressmeistring. Foto: Jarle Aasland

«Som samfunn er vi avhengige av høy utdanning. Skal vi opprettholde vår levestandard, må vi ha et kompetent samfunn, og vi må hele tiden lete etter måter å gjøre norsk skole sterkere på», seier professor Edvin Bru ved Læringsmiljøsenteret i Stavanger.

For å få til dette, meiner Bru og dei, må vi gjera 13-åringane våre meir robuste. Difor skal Bru saman med professorane Sigrun Ertesvåg og Mari Rege læra 13-åringane våre stressmeistring. Dei har fått 20 millionar til prosjektet. Lærarane skal få vidareutdanning, og elevane skal læra seg å vera meir til stades her og nå, ved hjelp av pusteøvingar og visualiseringsteknikkar kunna handtera negative følelsar, læra at det er når vi strevar vi lærer noko nytt, så dei med meir mot kan ta fatt på krevjande oppgåver og få større tru på eigne ressursar. Dei skal få læra å leggja planar for skulearbeidet sitt, og bli meir bevisste på forholdet mellom skule og fritid så dei kan ta vare på begge delar. Og dei skal få betre sosial og emosjonell kompetanse, så dei kan ta ansvar for korleis medelevane har det.

For tung bør

Vi veit jo at fleire unge enn før oppgir at dei har psykiske helseplager som følgje av stress. Vi veit at skule og skulepress spelar ei større og større rolle i dette. Talet på elevar som opplever utanforskap, einsemd og stress i skulen dobla seg frå 2003 til 2017. Bruken av antidepressiv blant unge er også dobla sidan 2000.

Elevane melder altså at dei ikkje klarer bera børa skulen vår gir dei. Forskarane svarar med at vi må gjera barna sterkare.

Eg har tenkt at forskarar har sterkt utvikla ryggmergsrefleks på å stilla spørsmål ved gjeldande sanningar, system og strukturar. På å stilla spørsmål til seg sjølv og eige fagmiljø, halda igjen når andre – journalistar eller politikarar, for eksempel – vil ta dei til inntekt for ein bestemt samanheng eller eit bestemt syn. Når sterke krefter eller rådande tenkesett vil plassera forskinga deira inn i ei gitt ramme.

Eg klarer ikkje finna igjen noko av dette i måten dei tre professorane framstiller sitt eige prosjekt på, verken på deira eigne nettsider eller i intervju med Aftenbladet. Heller ikkje klarer eg spora så mykje som ein snev av refleksjon rundt grenser for kva deira eige forskingsprosjekt kan klara å utretta, eller kva feilskjer som kan liggja der. Dei framstiller det heile som det reinaste jippi-prosjektet. Som i «jippi, vi har funne løysinga på å få fleire barn heilskinna gjennom skulen. Vi gjer dei meir robuste!».

Finn dei det ikkje nødvendig å setja oss andre inn i kvifor det er eleven som bør endrast, heller enn systemet?

Tilpass deg!

Å forska på korleis sjelslivet til enkelteleven kan gjerast meir robust for å tola skulen og livet betre, smyg seg rett inn i rådande tenkesett i tida. Det er hjelp til sjølvhjelp. Det er vanskeleg å vera imot.

Men det er også eit tenkesett som legg ansvaret for om det går rett eller galt på enkeltmennesket. Og tar for gitt at det ikkje er noko gale ved systemet. Mennesket må berre tilpassa seg betre.

Lenge har det vore slik at dei elevane det ikkje går bra nok med, målt i karakterar og gjennomføringsgrad, må kartleggjast og endrast. Og det må gjerast tidleg nok, før det kan gå gale.

Stoltenbergutvalet, som fekk i oppdrag å koma med forslag til korleis vi kan minska karakterforskjellen mellom gutar og jenter i skulen, svarte at dei vil kartleggja alle barnehagebarn i heile landet, blant anna på kor god kontroll dei har på eigne følelsar og handlingar, for å sjå kor og kven tiltak må setjast inn på. I Stavangerprosjektet fann forskarane det alarmerande at gutar på to år hang etter jentene i språk og talforståing. Dei såg det som eit sterkt faresignal om korleis det kunne gå med dei seinare. At gutar naturleg utviklar seg på ein annan måte enn jentene, høyrde visst ikkje med innanfor ramma.

Argumentasjonen bak Agderprosjektet, som Mari Rege også leia, var å læra barnehagebarna så mykje som mogleg av det dei ikkje får med seg heime, for å motverka at dei hamnar på trygd ein stad i andre enden. Dei ville gå tidleg nok til verks, for å gi barn likare utgangspunkt i skulen.

Ikkje berre er barna dei som skal tilpassast i alle desse prosjekta, ein meiner også det både er mogleg og ønskeleg å gjera alle barn likare dei som klarer seg best på det vi lettast måler i skulen.

Sårbart

Når ein nå vil gjera barn i ungdomskulealder meir robuste, for å få fleire av dei heilskinna gjennom systemet, er det igjen same måten å tenkja på. Ikkje berre trekkjer ein svært enkle og rette linjer mellom årsaker og samanhengar på så kompliserte felt som læring og barns utvikling, men ein presenterer også eit gjennomført instrumentelt syn på barn.

Den viktigaste grunnen til forskjellar i skulen, er forresten mors og fars utdanning og inntekt. Forskjellen mellom fattig og rik er større enn forskjellen mellom gutar og jenter. Ein annan måte å gi barn likare moglegheiter i vaksenlivet på, er altså å sjå på fordelinga av ressursar. Inntektsnivå og skattenivå og slikt. Men det er eit klassespørsmål. Det er politisk betent.

Kvifor finn ikkje forskarane sjølv grunn til å tenkja høgt og kritisk rundt noko av dette? Kvifor vel dei å selja inn prosjektet så uhemma begeistra, når truverdet til ein forskar er så nært knytt til kritisk innsikt og oversikt?

Er det noko med systemet i universiteta som legg opp til at det blir slik? Må eit forskingsprosjekt svara så tett opp til gjeldande politiske idear for å få midlar?

Nei, eg veit det ikkje. Men eg saknar systemkritikken. Særleg når ein i staden legg så stor grad av ansvaret for endring på enkeltmennesket. Det gjer enkeltmennesket sårbart. Også når tanken er å gjera det meir robust.

Les også

Himmelropande naivt

Les også

Forsking til å stola på?

Publisert: