Bompengar på vippen

KOMMENTAR: Frode Myrhol i Folkeaksjonen nei til mer bompenger (FNB) kan selja seg dyrt.

Publisert: Publisert:

Frode Myrhol i FNB kan takka og bukka. Og venta på gode tilbod frå alle kantar. Foto: Jan Inge Haga

  • Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Når stemmene i Stavanger er talde opp rundt klokka eitt natt til tysdag, sit Frode Myrhol i Folkeaksjonen nei til mer bompenger (FNB) med dei aller beste korta på handa. Dei ligg an til å få inn seks representantar. Og dei ligg an til å vera på vippen. Altså dei som kan vippa fleirtalet i Stavanger den eine eller den andre vegen.

Reknestykket

Kommunestyret i nye Stavanger tel 67. Dermed må ein ha 34 bak seg for å få fleirtal.

Budsjettkameratane i Stavanger dei siste åra, Høgre , Frp, KrF, Sp, V, og Pp ser ut til å mista fleirtalet dei hadde. Høgre mister tre representantar, det same gjer Venstre, som dermed er halvert. Saman ligg kameratane nå an til å få inn 32.

Ap, MDG, SV og Rødt, som har vore i opposisjon denne perioden har 29. Ap, MDG og SV held på sine representantar, mens Rødt går fram frå 1 til 4.

Altså må John Peter Hernes (H) få med seg FNB for å få fleirtal i det nye kommunestyret, i tillegg til å halda på alle kameratane frå denne perioden.

Og Kari Nessa Nordtun i Ap? Ho må anten få med seg FNB, eller lokka over to av dei tre sentrumspartia - KrF, Sp og V. I tillegg til å halda fast på MDG, SV og Rødt.

Kva gjer FNB?

Partileiar Frode Myrhol snakka seg i valdebatten på Aftenbladet fredag nært opp til Ap. Bompengepartiet vil gjera det lettare for barnefamiliar i byen, og dermed lettare å få barnefamiliar til byen. Med barnefamilliane kjem meir skattepengar. Han etterlyser syskenmoderasjon når du har barn både i barnehage og i SFO, som politikarane alt har gått inn for i Sandnes, og vil oppgradera kommunale bustader i Stavanger.

Han snakkar om gode løysingar, heller enn posisjonar. Han vil ha gjennomslag i bypakka. Han vil ha ned maksgrensa for bompengepasseringar frå 75 til 60, og han vil ha gratis passering på sundagar.

Dei krava er sjølvsagt kjernesaka for partiet. Men kan dette gå saman med MDG sine krav? Kan dei begge koma ut som truverdige for veljarane sine, dersom dei stiller seg side ved side, bak Kari Nessa Nordtun som ordførar?

Tja. MDG har berre satt foten ned for å samarbeida med Frp - noko vi kan ta for gitt er gjensidig. Elles har dei på kravlista si at dei vil stenga Vågen for bilar, erstatta cruiseskip med småbåtar, planta 5000 tre i året, byggja sykkelvegar, leggja til rette for fleire bilfrie gater og stader i Stavanger, og auka skulanes driftsbudsjett med minst 40 millionar kroner i året. Eitt av krava er ufråvikeleg: Årleg klimabudsjett og -rekneskap, som skal sikra at Stavanger klarer målet om å redusera klimautsleppa med 80 prosent innan 2030.

Og borte hos Hernes? Hernes tok sjumilssteg bort til FNBs valvake straks dei første tala kom. Han veit at her kjem gode relasjonar og langt utstrekte armar til å til å vega tungt. Han veit nok også at her vil FNB forlanga å få skina meir enn Frp. Dei to har same kjernesak. Dei vil begge eiga bompengesaka. Dei er like store. Men det er FNB som er på vippen. Er det plass nok til begge to borte hos Hernes?

Alternativet

Kan Kari Nessa Nordtun klara å få med seg minst to frå sentrumspartia over til seg i staden? Det skal halda hardt. Særleg for Henrik Halleland i KrF sit det svært langt inne å samarbeida med Rødt. Og den utropte kongen av kommuneforhandlingar landet rundt - Senterpartiet - må både gi slepp på samarbeidspartnarar som har gitt dei enormt god utteljing i mange år, og i tillegg dra med seg anten Venstre eller KrF eller begge over. På papiret verkar det usannsynleg. Sjølv om usannsynlege ting har skjedd før.

Det viktigaste

Eg trur mange veljarar har kjent på eit stort alvor og ei uro for framtida ved dette valet. Anten det gjeld ei for hard og usosial bompengebelastning, aukande forskjellar og fattigdom i Stavanger, kor dei nye arbeidsplassane skal koma frå når olja mister posisjon, eller kor mykje handlekraft partia har i klimapolitikken.

På venstresida er det avgjerande at både FNB og MDG kjem ut som truverdige overfor veljarane sine. Den eines siger kan ikkje treffa den andres såraste punkt. Nei til bompengar kan ikkje slå beina under ja til klimatiltak.

På høgresida må det ryddast plass til to bompengeparti - FNB og Frp - utan at Høgre og sentrumspartia står blodfattige på saker igjen.

Folk vil ha politikarar å tru på, også etter at ein har forhandla om saker og posisjonar.

Slik er det foreløpige valgresultatet i Stavanger:

Publisert:

Kommunevalget 2019

  1. Stortingsrepresentant Tina Bru reagerer på kvinne-grepet i Sandnes

  2. Sandnes utvider formannskapet for å få inn nok kvinner

  3. Hvorfor står det «Gudda-fest» på brystet til tidenes yngste, norske ordfører?

  4. Håper å bli ferdig med forhandlingene på fredag

  5. Kaoset i FNB: 15 medlemmer i Klepp trekker seg

  6. SV: - Høyre og Ap fikk posisjoner, vi fikk politikk

  1. Kommunevalget 2019
  2. Kommunevalg 2019
  3. Stavanger kommune
  4. Webview