Kven skal vi stola på?

KOMMENTAR: Det er ikkje Greta Thunbergs dirrande stemme som skremmer. Det er leiande politikarars manglande alvor.

Publisert:
Solveig G. Sandelson
Debattredaktør

Greta Thunberg er gjennomført logisk og rasjonell i sin argumentasjon. Det er det vanskeleg å sjå at mange politikarar er. Lucas Jackson, Reuters/NTB scanpix

Det finst ei uro eg deler med nokre av dei som snakkar klimaforkjemparane midt i mot. Det er uroa for det autoritære. For at nokon skal ta kontroll over livet til folk. Skepsisen til å marsjera i takt, skepsisen til at ein kan koma til å marsjera i feil retning. At ropa blir så høge at vi ikkje lenger høyrer oss sjølv tenkja. At vi går med på store, kollektive endringar i samfunnet utan å vita om dei som har kommandoen heilt veit kor vi skal, om dei har godt nok kart, om dei veit kva det kostar alle som er med.

Business as usual

I 2007 skriv den sitjande, tsjekkiske presidenten Václav Klaus boka «Blue Planet in Green Shackles». Han kallar miljøbevegelsen ein «kvasireligiøs ideologi, den viktigaste illiberale populistiske ideologien i vår tid.» Svaret hans i 2007, var «business as usual.» Det er ubrukeleg. Uroa for det autoritære kan fort vekslast inn i nærsynt kamp for eigne interesser.

Øyvind Strømmen har skrive om dette, i ein kommentar på Fritanke.no tidlegare i år. Før Greta Thunbergs engasjerte tale på FNs klimatoppmøte denne veka. Før reaksjonane mot henne, før bekymringane for helsa hennar og om ho er i stand til å forstå verknaden av det ho seier. Før stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp) sin urolege respons på talen på NRK Ytring.

«Jeg er grunnleggende uenig i at dårlig samvittighet, skam eller trusler vil løse klimakrisen», skriv Pollestad. Han finn det oppsiktsvekkjande at viljen til å gjera noko ikkje er større, og underleg at mange her heime ikkje trur at klimaendringane er menneskeskapte. Han meiner klimabevegelsen må ta mykje av skulda.

Snakket

Pollestad påpeikar det absurde i at tiører frå eller til i dieselavgift her heime kan definera deg som klimabevisst eller klimabrems, mens flybillettane til Bali og New York aldri har vore billegare. Han meiner vi må diskutera korleis vi snakkar om klima. For å få nok folk med på laget.

Ja. Vi må snakka skikkeleg og alvorleg om klima. Greta Thunberg gjer det. Ho er gjennomført rasjonell og logisk i sin argumentasjon. Ho føreslår ikkje symbolpolitikk, ho appellerer ikkje til å smykka seg med symbolske klimatiltak. Ho viser til kva vitskapen og forskarane seier om klimaendringane. Kva dei har sagt, klarare og klarare, gjennom 30 år. Ho tar det på alvor, og i rettlinja argumentasjon sparkar ho oppover, mot dei som har utøvande makt. Ho spør verdas politiske leiarar kvifor dei likevel ikkje gjer noko, sjølv om dei veit. For utsleppa går ikkje ned, og slett ikkje i det tempoet politikarane sjølv har forplikta seg til.

Greta Thunbergs kjenslemessige engasjement samsvarar langt betre med alvoret ho refererer til enn verdsleiaranes dvaske tiltak gjer med forsikringane deira om at dei tar dette på største alvor. Slik sett er det ikkje Thunberg ein kan lura på om forstår verknaden av det ho seier. Det er politikarane.

Politiske leiarar som igjen og igjen og ganske ublygt ventar at vi skal ta dei på alvor når dei seier klimaendringane er den største utfordringa vi har, som forpliktar seg på å få utsleppa ned, men ikkje gjer det som skal til.

Erna Solberg talte på same møte som Thunberg. Ho hadde ingenting nytt å koma med, men talte likevel. Regjeringa skal få ned utsleppa våre med 40 prosent innan 2030, målt mot 1990. I fjor slapp vi ut 3,4 prosent meir enn i 1990.

Uro-triggarane

Eg har i grunnen aldri høyrt Solberg snakka med autoritet og alvor om klimaendringane. For det ho seier samsvarar ikkje med det ho gjer. Eg ville gjerne høyrt lange, oppriktige resonnement, og ein statsminister som forstod at mange av oss også går rundt med ei uro over at ting skjer altfor sakte. At ho difor må snakka skikkeleg om det regjeringa driv med, og kvifor det går så seint. Elles oppfattar eg det fort som unnskyldningar og bortforklaringar for å sleppa å gjera noko som helst, men berre fortsetja som før. Ord må hengja saman med handling.

Og på den andre sida, når MDGs Lan Marie Berg ropar ut av «Vi eeeelsker bomringen», ja, så triggar ho også uroa hos mange av oss for det autoritære. For at nokon som ikkje kjenner våre livsvilkår, skal overta styringa av kvardagen vår. Utan å bry seg.

«Klima er blitt en kamp der symboler er blitt viktigere enn realiteter», skriv Geir Pollestad, og klemmer samtidig til med ganske mange symbol sjølv: Bønder, oljefolk og distriktsfolk er dei heiderlege og nøysame, og dei som eigentleg kan løysa klimakrisa. I motsetning til dei som møtes til ein statssubsidiert frukost i Oslo. Dei er veganar alle som ein, og snakkar oppgitt, moraliserande og truande om desse heiderlege blant oss. Ifølgje Pollestad.

Senterpartiet utmerker seg ikkje akkurat med å snakka skikkeleg og alvorleg til oss, dei heller.

Kven kan vi stola på?

Kven skal vi gå saman med?

Vi som kikkar mot horisonten, som ser andre fargar enn vi pleidde sjå, kjenner andre temperaturar varma enn vi pleidde kjenna, ser andre regnskurar og stormar ramma enn dei barndommen lærte oss. Vi som ikkje ser grunn til å trekkja klimaforskaranes overordna konklusjonar i tvil, men kjenner at er det ein gong vi treng å ha tillit til politiske leiarar, så er det nå. Kven skal vi stola på?

Det er ikkje uroa og alvoret i Greta Thunbergs stemme i talen til FN som kan gjera det vanskeleg å få oss med på omfattande klimatiltak. Det er politikarar på begge siders manglande gehør for vår underliggjande uro. Dei må snakka skikkeleg til oss. Dei må faktisk snakka skikkeleg til oss.

Publisert: