Ikkje gje bøllene på nettet premie!

GJESTEKOMMENTAR: Mange politikarar gir opp etter hets. Her følgjer fem råd om nettvett før valkampen.

Publisert: Publisert:

Klår tale frå statsministeren, attesterer valforskar Svein Erik Tuastad. Han meiner lokalpolitikarar må tåle ein del i debattar, men at de finst grenser. Hatefulle ytringar på nettet bør meldast til politiet, det vil hjelpe andre i same situasjon, skriv han. Foto: Skjermdump frå Facebook

  • Svein Erik Tuastad
    Statsvitar og dr. polit., Universitetet i Stavanger
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

«Hold opp. Det ødelegger den offentlige debatten.» Slik sluttar Erna Solberg si sterke Facebook-melding i etterkant av terroren mot muslimar i Christchurch, New Zealand, fredag den 14. mars i år. Høgre hadde landsmøte den helga. Men på hotellområdet der landsmøtet var, fungerte ikkje dei vanlege modererings-prosedyrane.

Det var ytringsfridom i rein form. For open scene kunne alle sleppe til med signerte, direkte meldingar til statsministaren.

Det gjekk jo ikkje bra. Statusen til Solberg vart ein demokratisk samtidsdiagnose om nettdebatten – the real story: «Jeg har stor takhøyde for diskusjon og er tilhenger av at folk engasjerer seg på Facebook og i sosiale medier. Men nå har kommentarfeltet mitt for mange ganger blitt fylt med hat, rasisme og hatefulle ytringer. Slik kan vi ikke ha det.»

Seinare, 13. april, skreiv ho igjen på Facebook om lokalvalget og netthets, og avslutta slik: «Hvis lønnen blir hets og utskjelling, er det lett for både den enkelte og familien deres å tenke at dette orker vi ikke mer.»

Les også

Statsministeren måtte fjerne Facebook-post etter muslimhets

Politikarar gir opp

KS – interesseorganisasjonen til kommunane og fylkekommunane – la nyleg fram ein rapport som syner at så mange som 4 av 10 lokalpolitikarar har vorte utsette for hatefulle ytringar. Endå verre er det at 1 av 10 har vorte direkte truga.

Heile 4 av 10 av dei utsette for trugsmål eller hets har endra åtferd. Konsekvensen vert ein ulukksalig premie til nettbøllene: 15 prosent av dei som har vorte utsette for netthets, har bestemt seg for å slutte som politikar. Kvinner vert mest redde; kvinner og politikarar med minoritetsbakgrunn vert mest hetsa.

Netthetsen hindrar realisering av eit sentralt prinsipp i demokratiet: At alle skal kunne vere med på lik fot.

Ei nyansering av problemet

I ein diskusjon om politisk nettvett er det likevel på sin plass å nyansere korleis nettdebatten i det store og heile fungerer. Det største norske forskingsprosjektet til no om temaet konkluderte relativt optimistisk (Enjolras m.fl. , 2013). Fleire enn før deltar, og dei jamne debattforuma er ikkje ekkokammer for berre eitt syn. Stort sett kjem ulike syn fram, og folk opplever at dei lærer.

Difor er det viktig å skilje vanlege folk som deltar konstruktivt frå dei som øydelegg debattar. Aftenbladet har innført strengare moderering kombinert med eit prinsipp om at det ikkje skal leggjast lokk over debatten. Ein dag talde dei opp kven som hadde delteke i nettdebatten deira. Det synte seg at 19 personar stod bak 80 prosent av innlegga. Vidare er det i norsk nettdebatt eit fåtal bøller som trugar, og somme har alt fått domar. Det er desse som øydelegg for det politiske livet.

Fem politikar-råd

Det er aukande medvit i partia om å lære opp politikarane til godt nettvett. Til dømes har Arbeidarpartiet laga eit eige tipshefte om netthets, forskarar har lansert støttereglar mot netthets og sist i mai arrangerer Randaberg kommune ein eigen konferanse om temaet.

Her er mine eigne råd til politikarane:

1. Ver synleg, men ikkje sjølvutslettande!

Politikarar som har mange i vennekretsen sin, og som mange kjenner til, får fleire personstemmer, syner ei undersøking (Karlsen, 2017). Det er i røynda ein politisk styrke å vere synleg, inkludert i sosiale medium. Men det er ikkje nødvendig å lese alt, jamvel om ein er med i ei omtala mediesak eller pese på med debattinnlegg i ein kvar nett-debatt. For å unngå sjølvutslettande aktivitet trengs grenser.

2. Vern om privatlivet!

Det er ikkje nødvendig å dele sider av privatlivet sitt med andre, men for somme fungerer det greitt. Derimot er det viktig for dei aller fleste av oss å skjerme eit rom der vi kan trekkje oss tilbake og hente krefter, fri frå invaderande nettdebattantar, om det er under teppet på sofaen med fjernkontrollen innan rekkjevidde eller ein annan stad.

3. Meld frå om trugsmål; det hjelper andre også!

Trugsmål og trakassering øydelegg den demokratiske debatten og skremmer bort andre. Trugsmåla må meldast til politiet. Det hjelper andre neste gong også.

4. Ikkje la bøller definere kven du er!

Dei som manglar takt og tone, representerer ikkje folkemeininga. Likevel kan det vere vanskeleg å unngå at ein tek seg nær av andre sin hets. Ideelt burde alle lokallag ha ein ansvarleg støtte-person eller eit klårt opplegg for å støtte dei som opplever hets eller kjem i hardt vêr berre fordi dei er modige og markerer seg.

5. Tål ein del! Det er lov med tøff debatt.

Politikarane har eit ansvar som førebilete. Men det tyder ikkje at ein alltid må uttale seg forsiktig, så lenge innlegga er saklege.

Når bøllene boltrar seg

Klår tale får fram skilnader. Ein tøff debatt kan vere forfriskande i demokratiet. Men tøff, sakleg argumentasjon må skiljast frå uhøflig framferd. Det siste handlar om å ikkje halde seg til saka, å bruke ironi eller karakteriserande utsegner og, naturlegvis, sjikane.

Som journalist-nestoren Sven Egil Omdal har sagt det, inneber uredigert nettdebatt at dei mest høgrøsta tar over og «støter minoriteter – i kvinnenes tilfelle majoriteten – ut fra en del av den offentlige samtalen».

Å diskutere med bøller på nettet tar knappast debatten vidare, kanskje det er tvert om: Merksemda kan gje dei oppmuntring. Men bøller fortener ingen premie.

Les også

– Demokratiet under angrep

Les også

De truet Utøya-overlevende, nå blir ni personer tiltalt

Les også

Dømt for netthets mot Stavanger-politiker

Les også

Storbritannias kongehus advarer nett-troll


Les også

Svein Erik Tuastad: «London Calling: Brexit-debatten er eit varsku til Noreg òg»

Les også

Svein Erik Tuastad: «Demokratiet under press i verda, kan vi miste gnisten hos oss også?»


Publisert:

Les også

  1. Det viktigaste med Frp? At dei insisterer på at folk må få sjansen til å velja sjølv.

Mest lest akkurat nå

  1. Nekter å forlenge levetiden for vindturbiner hvis ikke kommunene får mer penger

  2. Rundt 100 elever er satt i karantene

  3. Nå skal Viking satse på kvinnelaget - vil til Toppserien fortest mulig

  4. Frykter for jule­stemningen i Stavanger

  5. De savnede i Frafjordheiene er funnet av frivillige letemannskaper

  6. Pennsylvania har mistet 600.000 industriarbeidsplasser under Trump

  1. Gjestekommentar
  2. Svein Erik Tuastad
  3. Politikk
  4. Kommunevalg 2019
  5. Netthets