UiS ut i kulturen!

GJESTEKOMMENTAR: Eit meir ope universitet bør bli ein integrert del av kulturlivet i Stavanger-regionen.

Publisert: Publisert:

Bjergsted jazzensemble, som hovudsakleg består av studenter ved jazzlinja på UiS spelte konsert med gjesteartistar under Maijazz 2019 – her fra øving med Valkyrien. Foto: Fredrik Refvem

  • Klaus Mohn
    Rektor, Universitetet i Stavanger; professor i økonomi

Det er morgon i Stavanger sentrum. På det som liknar ei trafikkøy i Kannik har nokon sprengt eit moderne kunstgalleri rett inn i fjellet. Ute rumlar trafikken, utan ein lyd. Attmed veggen stryk ein feiebil forbi. Innanfor er det lunt og stilt. Veggane er kvite, med store glas i syd, der store tre strekk nakne kvistar mot ein bleik vinterhimmel. Her i kjellaren sit eg, saman med fleire titals kulturkjennarar av begge kjønn.

Nedtur for kulturjournalistikken

Kommunen si kulturavdeling har tromma saman til nyttårsmingling i galleriet BGE Contemporary Art. På programmet står musikkinnslag med krefter frå Universitetet i Stavanger og Stavanger Symfoniorkester, innlegg frå kultursjefen, samt kåseri frå Jan Zahl, kulturjournalistikken sin eigen Don Quijote.

«Are you ready for some darkness?» spør Jan Zahl, med referanse til Turboneger, før han greier ut om undergangen for norsk kulturjournalistikk gjennom dei siste ti åra. «It’s the economy, stupid», held han fram, før han fortel om korleis annonsering på internett har ført med seg eit dramatisk fall i inntektene til dagsavisene. Resultatet er at avisene ikkje tek seg råd til journalistar som ikkje skriv klikkvinnarar på nettet. Og det gjer ikkje kulturjournalistar flest. Difor har avisene kvitta seg med kulturjournalistar i hopetal, og soleis svikta ein viktig del av samfunnsoppdraget.

Demokratiet kviler på sett og vis på kulturen. Om ikkje pressa evnar å minne oss om den viktige rolla kultur og kunst har for livskvalitet og samfunnsutvikling, så risikerer ein òg at forståinga for slike uttrykk forsvinn hos folk flest. Utan ein kritisk kulturjournalistikk, så taper ein òg evna til å vere på vakt mot viktige politiske omslag på kulturfeltet.

Les også

Jan Zahl: «Historia om 22. juli ikkje ferdig fortalt»

Ut av det ordinære

Kultur minner om at livet er meir enn dagleglivet, meir enn arbeidslivet, meir enn næringslivet. Kultur gjer at ein ser røynda med nye auge, tenker annleis om tilværet og får verda til å vekse – ut av det ordinære, inn i noko større og meir rikt. Kultur byr på kjærkomne pustehol i kvardagen, og er i sanning ei kjelde til inspirasjon.

Forsking frå samfunnsvitarar ved Universitetet i Stavanger (UiS) kan elles tyde på at økonomisk og kulturell kapital ikkje heng like nøye saman i Stavanger som i tidlegare tider, og at framveksten av oljerikdommen har gjeve ei lausare og mindre tydeleg kopling mellom rikdom og danning. Her ligg ei kjelde til sosial og politisk spenning som er annleis for Stavanger enn for andre norske byar.

Kulturpolitikken skal legge til rette for ein open og opplyst samtale, variasjon i uttrykk og eit mangfald av stemmer. Her har dagsavisene ei viktig rolle, men dei kan ikkje bere ansvaret åleine. I forståing og formidling av kultur og kunst spelar universiteta òg ei viktig rolle. Pressa, universiteta og kulturlivet har dermed eit grensesnitt av fellesinteresser, med potensial til å styrke både samfunnsengasjement og byutvikling.

UiS i kulturen

UiS utdannar til kulturlivet, som dansarar. Foto: Lars Idar Waage

Grunnane er dermed mange for å bygge kunnskap og forståing for kulturfeltet også ved UiS. Fakultet for utøvande kunstfag utdannar dansarar og musikarar, og engasjerer seg breitt, blant anna gjennom den årlege Bjergsted-konferansen og samarbeid med Tou, med søkjelys mot innovasjon i kunst, kultur og samfunn. Arkeologisk museum byr på forståing for menneska i fortida, og forholdet mellom mennesket og naturen, som blir stadig meir aktuelt i det moderne samfunnet. Med planar om nybygg håpar me å utvikle museet til eit enno betre vindauge mot sentrum for Universitetet i Stavanger.

Ved Fakultet for utdanning og humaniora har forskinga og undervisninga som mål å forstå, forklare og foredle det me som menneske føretek oss. Samarbeidet er spesielt tett med utdanningssektoren, i tillegg til ei rekke område som støtter opp om utvikling av moderne medborgarskap, mellom anna på debattsidene i dagspressa og på programmet for Kapittel-festivalen.

Andre fagmiljø ved engasjerer seg i formidling og debatt, til dømes gjennom Forskningsdagene og Forsker Grand Prix. Og Samfunnsvitskapleg fakultet har utdanningar i journalistikk, fjernsyns- og multimedieproduksjon og dokumentarfilm, medan Handelshøgskolen ved UiS har kulturengasjerte skribentar i rikspressa, og medverkar elles til den årlege KÅKÅnomics-festivalen i Stavanger.

Sist, men ikkje minst, er studentane våre ei viktig gruppe i kulturlivet for unge vaksne, med stor og variert aktivitet på Folken i sentrum, og gjennom andre arrangement retta meir eller mindre direkte mot studentar.

Les også

UiS får stryk på kvalitet – har ett år på å ordne opp

Les også

Studenttrivsel: Universitetet i Stavanger nesten på bunn

Eit meir ope universitet

Til saman gjev alt dette eit framifrå utgangspunkt for å diskutere grenseflatene mot kulturlivet i den nye strategien for UiS som no er i støypeskeia. Eit tema som her blir diskutert, er korleis me kan gjere UiS til eit meir ope universitet, slik at siloar og yttervegger kan rivast ned for at kunnskapen me utviklar gjennom forsking og undervisning kan flyte fritt mellom universitetet og omverda.

Men vel så viktig som innsyn er eit godt utsyn. Difor er det eit mål at ein skal bli enno meir vaktsame på trendar og tendensar i samfunnet rundt oss, og tilpasse eigne aktivitetar i tråd med desse. Ikkje minst gjeld dette for kulturfeltet. Difor håpar me no på engasjerte innspel både internt og eksternt, slik at universitetet i enno større grad kan bli ein integrert del av kulturlivet i Stavanger-regionen, til beste for byen og til beste for vidareutviklinga av Universitetet i Stavanger.

Følg på Twitter: @mohnitor

Publisert:

Les også

  1. SSO og UiS lanserer nytt masterstudium

  2. Aftenbladets kulturpris til Janne Stigen Drangsholt

  3. Aftenbladets kulturpris til Janne Stigen Drangsholt

  4. UiS for refs for nynorsk-svikt. Men ingen straff for lovvbruddet

  5. Nybø til univer­site­tene om nynorsk: – Nå er det skjer­pings