Påstandar om skitten valkamp vitnar om at spenningsnivået alt er høgt i partia

GJESTEKOMMENTAR: Kva krav er det rimeleg å stille til politikarane og til media – korleis bør valkampen vere?

«Påstandar om skitten valkamp vitnar om at spenningsnivået alt er høgt i partia», skriv Svein Erik Tuastad.
  • Svein Erik Tuastad
    Svein Erik Tuastad
    Statsvitar og dr. polit., Universitetet i Stavanger
Publisert: Publisert:

Når eg skriv denne teksten, er det 150 dagar att til valet 13. september. Usikkerheita er stor for partia i valkamp-planlegginga. Regjeringa fekk hard kritikk for sviktande beredskap frå koronakommisjonen. Om pandemihandteringa får betydning for valkampen vil henge mest saman med om situasjon enno er ustabil. Då vil pandemi, handtering og gjenopning kunne prege innhaldet i valkampen i staden for at det vert ein normal valkamp.

«Skitten valgkamp»

Påstandar om skitten valkamp vitnar om at spenningsnivået alt er høgt i partia.

NRK avslørte nyleg at Høgre har sett ned grupper med til saman 11 rådgjevarar for å førebu angrep på Arbeidarpartiet og Senterpartiet i valkampen. Mímir Kristjánsson (Rødt) viste deretter til at folk i Høgre i åtte av åra frå 2006 til 2016 (krev abonnement) har hevda at Arbeidarpartiet planla «tidenes skitneste valgkamp».

Kristjánsson påstår at det er Høgre sjølv som i særklasse er det verste partiet i norsk politikk i øvinga drittpakkespreiing, som til dømes kampanjen i 2016 om at Støre er ein tåkefyrste. Kristjánsson fryktar ein skitten valkamp. Også Marit Arnstad, parlamentarisk leiar i Senterpartiet, oppfatta at Høgre førebudde ein skitten valkamp; det er betre å konsentrere seg om å få fram eigen politikk, meinte ho (NRK, 5. april).

I røynda gjer politikarane seg meir heilage enn dei er. Det er som i fotball: Det handlar om å vere gode i både forsvar og i angrep. Partia fører den valkampen dei meiner gir dei best sjanse til å vinne. Om Høgres metode vert oppfatta som ein vinnarformel, vil ikkje høg moral hindre dei andre frå å kopiere han. Påstanden om at Høgre er verre enn andre parti, kan no heller ikkje dokumenterast; til det trengst ei grundigare gransking.

Det er ein gråsone mellom kva som er legitime angrep mot andre parti og kva som ikkje er det. Ei klar grense går mot det som er usaklege personangrep. Men usaklege angrep slår fort tilbake på ein sjølv. I den norske politiske kulturen vert anstendigheita i den politiske debatten difor til ein viss grad sjølvregulert.

Utfordringa for valkampen ligg ein annan stad enn at det kjem innslag av ureint spel.

Skrekkens valkamp

Under ein studietur til England etter brexit, i regi av Europabevegelsen, var konklusjonen etter møta våre med frittståande fagfolk og analytikarar at medvitne løgner i Brexit-striden hadde gitt full utteljing. Den renommerte forfattaren og redaktøren Ian Dunt formulerte det slik:

– Den offentlege samtalen under valkampanjen om Brexit viste eit nytt og urovekkjande trekk: Det fekk ingen konsekvensar for deg om du bløffa.

Brexit-valkampen illustrerte det som må unngåast. Løgnaktige påstandar vart ikkje korrigerte mellom anna som følgje av medielogikken.

Les også

Svein Tuastad: «Pizzademokratiet leverer! Politikken i Noreg i særklasse i demokrati gjennom dialog og diskusjon»

Ideell valkamp

Som ein av dei store demokratiteoretikarane, Robert A. Dahl (1915–2014), viste: Demokrati føreset at veljarane får vite kva kandidatane står for, og kva alternativa inneber. Til det trengst ein velfungerande offentleg samtale via kritiske og informative medium.

Det har vore ein tendens til at debatten i dei siste valkampane vert for fragmenterte. Då vert det for lite høve til oppfølging og korrigering under vegs. Det bryt med korleis eit såkalla deliberativt – eller argumentstyrt – demokrati skal vere. For idealet for valkampen er ein stor, felles samtale der dei viktige sakene ikkje berre får plass i mediebiletet, men at dei også vert diskuterte, kommenterte og kritiserte i ein prosess.

Les også

Lars Helle: «Beinhard kamp om de usikre velgerne»

Sentrale spørsmål

Ein god valkamp inneber såleis eit dynamisk ordskifte. Då kan Erna Solberg til dømes spørje Støre eller Vedum slik, med utgangspunkt i perspektivmeldinga (Stortingsmelding 14, 2020-21) sine nøkkelspørsmål for det norske samfunnet framover: – Vi har sett i verk reformer for å gjere tenestetilbodet meir treffsikkert i dei mindre kommunane. De sa i debatten i førre veke at de vil reversere fleire av reformene. Men vil de berre tilbake til slik det var? Og korleis skal det finansierast?

Erna Solberg på si side må kunne svare for seg om korleis Noreg skal nå klimamålet om over 90 prosent utsleppsreduksjon innan 2050. Skal ho overlate det til Framstegspartiet om det vert ein auke i CO₂-avgifta som monnar? Undervurderer ho alvoret i saka, slik kritikken har vore?

Les også

Hilde Øvrebekk: «Før valget kan det være en god idé å lese partiprogrammene og ikke bare lytte til populistiske utspill»

Sanninga og løgna

Det er eit paradoks at informasjonsbombardementet i ein kort hektisk valkamp kan gjere det større biletet uoversiktleg. Den nye mediesituasjonen, med meir lesing av ikkje-redaktørstyrte sosiale medium, krev ein større grad av medviten og vågal innsats frå journalistar, redaktørar og kommentatorar. Det gjeld å skilje det viktige frå det uviktige, det sanne frå det usanne og å følgje opp og kritisere når det trengst.

Jamfør ei strofe frå den russiske protestsongaren Vladimir Vystoskij (1938–1980) sin song «Sanningen och lögnen» (i svensk omsetjing):

Vakna och gråt, för Lögnen har stulit din skjorta,
vakna och gråt, för Lögnen har stulit din häst!

Demokratiet krev at sanninga styrer hesten.

Mye lest: Den fargerike alliansen som styrer Stavanger, sliter i meningsmålingene. I alle målinger har den mistet flertallet. Det er ikke så rart – hvis man husker hvordan maktskiftet skjedde.

Les også

  1. – Høgres tapte paradis?

Publisert:
  1. Gjestekommentar
  2. Svein Erik Tuastad
  3. Stortingsvalget 2021
  4. Politikk
  5. Journalistikk

Mest lest akkurat nå

  1. Hun fikk hjerneslag midt under pandemien. SUS innrømmer at de ikke gjorde en god nok jobb

  2. Inviterer til gjen­åpnings­feiring i Stavanger lørdag kveld

  3. – Nye SUS skal nesten ikke ha parkeringsplasser for ansatte

  4. Derfor må du fortsatt bruke munnbind på fly

  5. På DNTs mest populære hyttetun er laftede tømmervegger byttet ut med moderne design, rene linjer og store vinduer

  6. Flere land har snublet etter en gjenåpning. Derfor kan Norge lykkes bedre.